12.10.2013

Ellevte oktober

Ellevte oktober 1946 vart Gary Mallaber fødd i Buffalo i delstaten New York. Trommisen Mallaber kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Van Morrison på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1963 døyde Spurven, den franske songerinna Edith Piaf. I 1971 kom fiolinisten Petra Haden til verda i New York. Haden er dotter av meir kjende jazzmusikar Charlie Haden, og ho har gjeve ut plater på eiga hand, i tillegg til at ho har spelt med kjente namn som Weezer og Beck. I mi platesamling finn du dei musikalske innslaga hennar på Green Day si plate Nimrod frå 1997. I 1986 var dette datoen då Iron Maiden slepte plata Somewhere In Time, som debuterte med ein tredjeplass på platelistene. Same dag var Toy Dolls i Sverige og vitja Odden i Karlskrona. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Heartbreak Club i Sete. I 1988 kom Pet Shop Boys med plata Introspective, som var duoen si fjerde studioplate. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Bayern, nærare bestemt München der dei stod på scenen i Theaterfabrik. I 1999 slepte evigunge Morten Abel plata Here We Go Then, You And I.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar