30.05.2013

Trettiande mai

Trettiande mai 1926 kom Anthony Terran til verda i den ein gong så stolte industribyen Buffalo i New York. Trompetisten Tony Terran er ein mykje nytta studiomusikar tilknytta The Wrecking Crew, som fekk plass i Music Hall Of Fame i 2007. Hjå meg høyrer du Terran på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990. I 1935 vart Harold Winston Beckett fødd i Saint Michael på Barbados. Trompetisten Harry Beckett sine bidrag til mi platehylle er å finne på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971, og på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på markanden i 1990. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Gun-Marie Fredrikson fødd i Össjö. Roxette-vokalisten Marie Fredrikson kan hjå meg høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1964 kom Thomas Baptiste Morello til verda i bydelen Harlem i storbyen New York City. Gitaristen Tom Morello er best kjend for å spele med Rage Against The Machine og Audioslave og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), og konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), alle Rage Against The Machine, og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I 1965 kom Briana Corrigan til verda i Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og var med på dei tre fyrste studioplatene. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1996 slepte Gloria Estefan si sjuande studioplate Destiny. I 1997 døyde West Arkeen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar