06.01.2012

Fjerde januar

Fjerde januar 1922 kom saksofonisten Frank Wess til verda i Kansas City. Frank Wess kan hjå meg høyrast som ein del av orkesterleiaren Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. I 1942 vart John McLaughlin fødd i Doncaster i Nord England. Gitaristen McLaughlin er av meir kjende gitarkollega Jeff Beck utropt til å vere verdas beste gitarist, noko mange gitarnerdar er sams med han i. Hjå meg kan McLaughlin høyrast medan han spelar på ei av Miles Davis sine legendariske fusionjazzplater, In A Silent Way frå 1969. I 1956 kom gitaristen Bernard Sumner til verda. Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order. Sumner kan hjå meg høyrast på Joy Division si samleplate Substance frå 1988. I 1957 var dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart R.E.M.-vokalisten John Michael Stipe fødd i Georgia. Mannen treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv og mi platehylle har etter kvart fått eit bra utval R.E.M-plater. Eg var også så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M. på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. Stipe er også kredittert for vokalbidrag på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 kom Till Lindemann til verda i Leipzig i det tidlegare Aust-Tyskland. Den tidlegare juniorsvømmaren av høgt kaliber er i dag frontmann for det tyske industimetallbandet Rammstein. I 1965 vart Cait O’Riordan fødd i oljelandet Nigeria. Caitlin kom seinare, i perioden 1983-1986, til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London, på programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger. Songen fekk ikkje plass på noko plate på det tidspunktet, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1977 kom Timmothy James Arthur Wheeler til verda i Downpatrick i Nord-Irland. Tim Wheeler er gitarist og ein av grunnleggjarane av bandet Ash. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot. I 2011 døyde Gerry Rafferty.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar