31.12.2010

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spe byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, N.Y. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 spela AC/DC sitt fyrste offisielle show på nyttårsafta. Det hendte i Sydney, Australia og om dei små guttane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og langt ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen så langt eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig i det nye året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar