14.10.2016
Sjette oktober
Sjette oktober 1954 vart David Hidalgo fødd i storbyen Los Angeles i California. Multiinstrumentalisten Hidalgo er best kjend for arbeidet han har gjort i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast med både gitar- og akordionspel på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992, og med bass og gitarspel på utvalde spor på samelplata Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det legendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådeleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på konsertplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. I 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platina. Same dag vart det høve til å kjøpe Stevie Ray Vaughan And Double Trouble si konsertplate In The Beginning. Plata vart spela inn i Austin, hovudstad i skytegale Texas fyrste april 1980 og då det ferdige produktet endeleg kom på marknaden, hadde hovudpersonen vore daud i to år. I 1997 nytta Suede dagen til å sleppe si fyrste samleplate, Sci-Fi Lullabies, som inneheldt B-sider frå bandet sine singelplater frå dei tre fyrste studioplatene. I 1998 slepte den baskiske alternativartisten Manu Chao plata Clandestino.
05.10.2016
Femte oktober
Femte oktober 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band, som i mange år spelte fast for Chuck Berry, og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengs tmellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. Miller kan også høyrast medan han syng duett med sjølvaste Sir Paul på plata Flaming Pie, som McCartney slepte på marknaden i 1997. I 1945 kom Brain Francis Connolly til verda i nærleiken av skotske Glasgow. Brian Connolly var vokalist i den legendariske versjonen av det britiske glamrockbandet Sweet, som har sett spor etter seg med fleire hardtrockande slagarar. Hjå meg kan Connolly høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. Connolly døyde i 1997. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson avdøyde Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. Johnson sine fyrste vokalbidrag til AC/DC var å høyre på legendariske Back In Black, ein jobb han gjorde så bra at han framleis får lov til å syngje til Young-brørne sitt gitarspel. I mi platehylle kan Johnson høyrast på platene Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) og Black Ice (2008). I 1950 vart Edward Clarke fødd i London. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han fekk jobben med å spele gitar på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Fast Eddie Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1957 kom Lee Jay Thompson til verda i London. Saksofonspelande Lee Thompson er ein av grunnleggjarane av Madness og hjå meg kan du høyra alle hans lokkoande tonar på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 vart Rolf Ågrim Tekrø fødd i Oslo. Totningen Ronni Le Tekrø har gjort utenkjelege gitartriks til ein leveveg i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1970 gav Led Zeppelin ut si tredje studioplate. Produktet fekk det fantasifulle namnet Led Zeppelin III. I 1978 vart Patrick George Walden fødd. Patrick Walden var gitarist på Babyshambles sitt debutalbum Down In Albion frå 2005. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me som ikkje hadde høve til å vere tilstades må nøye oss med konsertplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland, og Joe Cocker spelte i Memorial Auditorium i Lowell i Massachusettes, ein konsert som kan høyrast på plata Joe Cocker-Live som kom i platehyllene i mai året etter. I 1991 kom Heart si andre livekonsertplate, Rock The House! Live på marknaden.
Fjerde oktober
Fjerde oktober 1947 kom Jim Fielder til verda i Denton i skytegale Texas. Bassisten Fielder er best kjend som ein av originalmedlemmane av Blood Sweat & Tears. Hjå meg kan Fielder høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Michael John Robilard fødd i Woonsocket på Rhode Island. Duke Robilard sin CV omfattar mellom anna Fabolous Thunderbirds, men hjå meg er det som gitarist på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997 talentet hans kan nytast. I 1956 fekk Langevåg på Sunnmøre to eminente jazzmusikarar, då tvillingane Helge Olav og Jarle Førde vart fødd. Saman med broren Jan Magne er dei drivkrafta i den norske jazzgruppa The Brazz Brothers, som til no har to bidrag, Afrobrazz (1993) og Aquarium (2001), i mi platesamling. I 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda i Wausau i Wisconsin. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1959 vart Christopher Sean Lowe fødd i badebyen Blackpool. Chris Lowe er tangentmannen i electronicaduoen Pet Shop Boys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate Introspective frå 1988. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1972 kom Daniel Bejar til verda i olympiabyen Vancouver i British Columbia. Songaren Dan Bejar er oppførd som hemmeleg medlem i The New Pornographers på plata Electric Version frå 2003. I 1974 slepte Rod Stewart soloplata Smiler, den siste plata han slepte på Mercury Records. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i engelske Manchester. I 1991 slepte Mano Negra samleplata Amerika Perdida. I 1994 tok Danny Gatton sitt eige liv. I 1999 slepte Manfred Mann’s Earth Band samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered. I 2004 slepte Super Furry Animals samleplata Songbook: The Singles, Vol 1. I 2006 slepte Amy Winehouse si andre studioplate Back To Black. I 2010 var det klart for internasjonalt plateslepp for Imelda May si plate Mayhem, etter at produktet hadde vore tilgjengeleg på den irske heimemarknaden i ein måned. I 2012 døyde Farrel Morris.
Tredje oktober
Tredje oktober 1946 kom Patricia Ann Cole til verda i storbyen Los Angeles i California. Songerinna P.P Arnold slo gjennom med eit par kraftfulle soulhit på slutten av sekstitalet, heime hjå meg kan ho høyrast med vokalhjelp på Pink Floyd-grunnleggjaren Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1947 vart Lindsey Adams Buckingham fødd i Palo Alto i solrike California. Gitaristen Lindsey Buckingham er best kjend for tida han spelte i Fleetwood Mac og i mi platehylle kan han høyrast medan han herjar på den storselgjande plata Rumours frå 1977. I tillegg kan Buckingham sitt glitrande gitarspel høyrast på songen Sea Of Heart Break frå plata Unchained som Johnny Cash slepte i 1996. I 1948 kom Artis The Spoonman til verda i Kodiak i Alaska. Gateartisten Artis The Spoonman held til i det hippe strøket Pike Place Market i Seattle i Washington og gutane i bandet Soundgarden fann det bryet verdt å heidre mannen med songen Spoonman på plata Superunknown (1994) og mannen sjølv kan høyrast medan han spelar på skeier på songen Spoonman. I 1951 kom Nick Glennie-Smith til verda i London. I mi platehylle er komponisten Glennie-Smith kreditert for å spele både strengeinstrument og tangentar på evigunge Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I Great Lakes i Illinois vart William Earl Branch fødd. Munnspelvirtousen Billy Branch sine bidrag til mi platehylle finn du på gitarlegenda Johnny Winter sine studioplate Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991). I 1953 var Chet Baker i studio og spelte inn All The Things You Are, Happy Little Sunbeam og Bea’s Flat. Med seg i studio hadde han Russ Freeman på piano, bassisten Carson Smith og Larry Bunker på trommer. Alle tre songane kan høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1954 kom Stephen Ray Vaughan til verda i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Supergitaristen Stevie Ray Vaughan gav ut totalt atten plater på eiga hand og saman med bandet Double Trouble før han omkom i ei helikopterulukke i 1990. I tillegg til studioplata Texas Flood (1983) og konsertplata In The Beginning (1992), som han gav ut saman med Double Trouble, har eg det beste av Stevie Ray sitt arbeid samla på ei samling med det treffande namnet Best Of…. I 1955 vart Douglas Allen Woody fødd i Nashville i Tennessee. BassistenAllen Woody, som har fått ein eigen bass-serie oppkalla etter seg hjå produsenten Epithome (Allen Woody Rumblecat), slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, eit band han spelte med parallet med sidebandet Gov’t Mule fram til han døyde brått i 2000. I mi platehylle høyrer du Woddy sitt arbeid på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band – First Set frå 1992. I 1962 kom greskamerikanaren Thommas Lee Bass til verda i den greske hovudstaden Athen. Trommeslagaren Tommy Lee er kan hende betre kjend for alle skandalane frå ekteskapet med den kanadiske fotomodellen Pamela Anderson enn for arbeidet med Mötley Crüe, men det er bak trommesettet han fungerer best. Det viste han mellom anna under ein konsert med høg mimrefaktor i Bergenshallen i juni 2009. Hjå meg kan Tommy Lee sitt taktfaste arbeid nytast på Mötley Crüe sine tre fyrste studioplater Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985). I 1967 døyde visesongaren Woodie Guthrie, og Johnny Cash var i studio og spelte inn songen I Tremble For You, som etter lang tid i arkivet fekk plass på samleplata Love frå 2000. Denne dagen i 1969 er fødselsdagen til Gwen Renée Stefani. Gwen Stefani vart fødd i Fullerton i California og er til dagleg vokalist i No Doubt. Stefani har også prøvd seg som motedesignar, og ho har også gjeve ut fleire soloplater, som mellom anna Love. Angel. Music. Baby frå 2004, som er på plass i mi hylle. I 1972 gjorde Johnny Cash den fyrste fengselskonserten utanfor USA då han spelte for dei innsette på Österakeranstalten utanfor Stockholm. Enno ein konsert dei fleste, innerst inne, er glad dei ikkje måtte vere tilstades på og som kan høyrast på plata Live At Österaker. Musikarane som assisterte The Man In Black på denne konserten var, forutan den faste gjengen med Marshall Grant, W.S. Holland og Carl Perkins, Bob Wooton på gitar og Larry Butler på piano. Songane Oreleans Parish Prison og Jacob Green kan også høyrast på samleplata Murder. Konsertplata kom på markanden i 1973. I 1982 rocka Toy Dolls Bedlington Club i Bedlington. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Stafford Polytechnic. I 1995 spelte R.E.M. i Fleet Center i Boston. Sonen Undertow kan høyrast på plata New Adventures In Hi-Fi, som kom på marknaden året etter. I 2003 døyde Benjamin Orr. I 2005 gav Franz Ferdinand ut plata You Could Have It So Much Better. Plata var den andre frå dei skotske indierockarane. I 2006 døyde Patrice Holloway. I 2009 døyde Robert Kirby.
Andre oktober
Andre oktober 1925 vart saksofonisten Phil Urso fødd i Jersey City i New Jersey. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er så langt den einast plata eg eig som byr på Urso sine trillande saksofontonar. Urso døyde i 2008. I 1933 vart Albert Ronald Ross fødd i den indiske storbyen Calcutta. Saksofongeniet Ronnie Ross spelte for Matt Bianco, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Whose Side Are You On frå 1984. Ross er også kreditert for saksofonhjelp på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. Ross døyde i 1991. I 1945 vart Donald McLean Jr. fødd i New Rochelle i delstaten New York. Den amerikanske songaren og komponisten Don McLean er best kjend for songen American Pie som kom på marknaden i oktober 1971 og kan nok trygt plasserast i kategorien One-Hit-Wonder. Mi platehylle byr på nettopp plata American Pie, og samling vert neppe utvida. I 1950 kom Michael John Cleote Crawford Rutherford til verda i Guildford i engelske Surrey. Gitaristen Mike Rutherford er ein av grunnleggjarane av Genesis og har elles gjort seg merk med bandet Mike + The Mechanics. Hjå meg kan Rutherford høyrast på platene We Can’t Dance, som Genesis slepte i 1991, og Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth, også den frå 1991. I 1951 kom Gordon Mathew Thomas Sumner til verda i Wallsend i England. Sting slo gjennom med bandet The Police på slutten av syttitalet, han har også hatt ei karriere som skodesplar. Mi platehylle byr på både The Police si samleplate Greates Hits og soloplata Sacred Love frå 2003. I 1957 vart Katharine Elinor Margaret St John fødd i London. Oboisten Kate St John kan i mi platesamling høyrast på Van Morrison si plate No Guru No Method No Teacher frå 1986, og på plata Modern Life Is Rubbish, som Blur slepte i 1993. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I Noreg kom Sigtryggur Baldursson til verda. Trommisen Baldursson flytta snart heim til Island der han var med å grunnleggje Sugarcubes. Hjå meg kan Baldursson sitt arbeid høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1965 vart Mauri Juhani Sumén fødd i finske Lappeenranta. Mauri Sumén sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på trekkspel og tangentar på Leningrad Cowboys sine studioplater We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space (1996), i tillegg til filmmusikken til filmen Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993. Sumén sa takk for seg i Leningrad Cowboys i 2006. I 1966 kom Mustafa Gündoğdu til verda i Hagen i tyske North Rheine-Westfalen. Den tyrkisketta DJ’en Mousse T. er best kjend for kjempehiten Sex Bomb som han gjorde saman med Tom Jones på plata Reload frå 1999. I Los Angeles i California vart Daniel Shulman fødd. Bassisten Shulman er ein ettertrakta studiomusikar, men er best kjend for å spele med bandet Garbage. Hjå meg kan Shulman sitt arbeid høyrast på studioplata Version 2.0, som vart slept laus på Garbage-fansen i 1998. I 1969 kom Damond Gogh til verda i engelske Bolton. Gogh opptrer med kunstnarnamnet Badly Drawn Boy og leverar med jamne mellomrom solide bidrag til musikksoga. Hjå meg finn du, enn så lenge, plata Have You Feed The Fish frå 2002. I 1970 vart Martin Sköld fødd i Eskilstuna. Bassisten Sköld er ein av grunnleggjarane av Kent og hjå meg kan han høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999) og Du & Jag Döden frå 2005. I 1973 vart DeShaun Dupree Holton fødd i bilbyen Detriot i Michigan. Rapparen Proof var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen), og hjå meg høyrer du han på debutplata Devil’s Night frå 2001. Proof kan også høyrast på kompisen Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Proof vart skoten daud på ein nattklubb i bilbyen Detroit i 2006. I 1977 kom David Wallumrød til verda i byen som er best kjend for ein knekk, Kongsberg. Pianisten Wallumrød har spelt med fleire store namn i norsk musikkliv, hjå meg kan pianotrillene hans høyrast på sporet I Don’t Wanna på Bigbang si plate Too Much Yang frå 2007. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time, der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1982 døyde Bobby Lynch. I 1987 var Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1989 platedebuterte bandet The Beautiful South med plata Welcome To The Beautiful South. I 1995 gav Iron Maiden ut si fyrste plateinnspeling der Blaze Bayley var ansvarlig for vokalen. The X-Factor var namnet på den babyen, som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle. Same dag slepte Manchester sine største furtetryner, Gallagher-brørne og resten av Oasis, si andre studioplate, (What’s The Story) Morning Glory. I 2000 platedebuterte Tom McRae med ei plate med den fantasifulle tittelen Tom McRae, og Radiohead slepte si fjerde studioplate Kid A. I 2006 kom The Killers si andre studioplate på marknaden, ho hadde tittelen Sam’s Town.
Fyrste oktober
Fyrste oktober 1932 kom Albert Collins til verda i Leona i skytegale Texas. Gitaristen Collins hadde stor suksess på eiga hand då han starta med plateinnspelingar på 1960-talet. Hjå meg er Collins kreditert for gitarspel på songen The Blues Is Alright, som du finn på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. Collins døyde i 1993. I 1940 vart Brynjar Hoff fødd på Orkdal. Oboisten og budisten Hoff vart profesjonell musikarar allereie som femtenåring, då han byrja å spele med Trondheim Symfoniorkester, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på Cornelis Vreeswijk si samleplate Guldkorn Från Master Cees Memoarer, som kom på marknaden i 1998. I 1945 vart Donny Edward Hathaway fødd i Chicago i Illinois. Songaren Donny Hathaway sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Where Is The Love, som sikra dei ein Grammy-statuett i 1973, og kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. Hathaway tok sjølvmord i 1979. I 1946 kom Dave Holland til verda i engelske Wolverhampton. Bassisten Holland sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Miles Davis si studioplate In A Silent Way, frå 1969, og Water Babies, ei samleplate som kom på marknaden i 1976. I 1959 vart Youssou N’Dour fødd i rallybyen Dakar. Den tidlegare presidentkandidaten Youssou N’Dour har ei stor karriere på eiga hand, men hjå meg høyrest han med vokalbidrag på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1963 kom Dimitris Yerasimos til verda i porten til Orienten, Istanbul. Electronica-artisten og Dj’en Dimitri From Paris mixar musikk frå ’50, ’60, ’70 og ’80-talet med moderne rytmar og kan hjå meg nytast på plata A Night At The Playboy Mansion frå 2000. I 1965 vart Ida Eva-Anna Schultz fødd i Stockholm. Songerinna og skodespelaren Irma Schultz har ei solid karriere i heimlandet Sverige. Hjå meg kan Schultz høyrast med bakgrunnsvokal på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1973 fekk Dinosaur Song evig liv då Johnny Cash gjorde ei innspeling av denne barnesongen heime i Hendersonville. Dei som har det til felles med underteikna at The Johnny Cash Childrens Album (1975) er kjøpt inn til odel og eige, kan høyre denne kvar dag. I 1980 platedebuterte Bauhaus med In The Flat Field, absolutt ei plate det er verd å få med seg. I 1982 stod Toy Dolls for godlyd i Mount Pleasant Club i Gateshead. I 1984 kom Ramones-plata Too Tough To Die på marknaden. Innspelinga vart gjort i Intergalactic Studios i New York i juli same år. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Glasgow University. I 1990 slepte Iron Maiden plata No Prayer For The Dying, som står solid i mi platehylle. Plata sikra dei ein andreplass på listene. I 1996 kom Nirvana-plata From The Muddy Banks Of The Wishkah på marknaden. Plata inneheldt diverse liveopptak trioen hadde spela inn over tid. Også New York-gjengen Pist On nytta høve til å sleppe ei plate denne dagen, den fekk namnet Number One og var deira fyrste langspelplate. I 1998 oppsummerte Mano Negra ei innhaldsrik karriere med eit Best Of-Album. I 2001 gav Vincent Gallo ut plata When. I 2004 døyde Bruce Palmer. I 2007 slepte eit attforeina The Cult plata Born Into This, dette var bandet si åttande studioplate.
Trettiande september
Trettiande september 1907 vart Harry Bluestone fødd i England. Violinisten Bluestone emmigrerte til USA og livnerte seg i hovudsak ved å spele for fjernsynsbransjen. Hjå meg er Bluestone kreditert for å spele violin på Tom Waitz si plate Small Changes frå 1976. Bluestone døyde av tuberkulose i 1992. I 1933 kom Emily Houston til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Songerinna Cissy Houston har stått i bakgrunnen for artistar som Elvis Presley og Mahalia Jackson. Hjå meg kan ho høyrast med hjelpevokal for Bette Midler på plata Some People’s Lives frå 1990. I 1940 vart den kanadiske trommeslagaren Walter Milton Dwayne Midkiff fødd i Chesterville i Ontario. Dewey Martin er best kjend for å ha tromma for supergruppa Buffalo Springfield og kan i mi platehylle taktfast høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. Dewey Martin døyde i 2009. I 1947 kom Mark Feld til verda i olympiabydelen Hackney i London. Marc Bolan var sjølvast symbolet på Glamrock og saman med bandet T. Rex hadde han fleire store hits på eiga hand. Hjå meg kan Bolan høyrast medan han hjelper Electric Light Orchestra med litt gitarspel på samleplata Greatest Hits frå 1979. Bolan døyde i ei trafikkulukke i 1977. I 1952 kom John Lombardo til verda i Jamestown i den amerikanske delstaten New York. Lombardo var ein av grunnleggjarane av 10 000 Maniacs, men forlet bandet etter studioplata The Wishing Chair (1985), som også er hans einaste bidrag til mi samling av knakande god musikk. I 1954 kom songarinna Basia Trzetrezelewska til verda i Jaworzno i Polen. Basia er kjend for samarbeidet med gruppa Matt Bianco og er sjølvsagt på plass i mi platehylle med sofistikert jazzpop av åttitalstype på plata Who’s Side Are You On frå 1984. I 1958 vart John Marty Stuart fødd i Philadelphia i Mississippi. Gitaristen Marty Stuart har lang fartstid i Johnny Cash sitt band og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på studioplatene Unchained frå 1996, American III: Solitary Man (2000), American IV: The Man Comes Around (2002), og American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1960 kom William Rieflin til verda i Seattle i delstaten Washington. Trommeslagaren Bill Rieflin har spela med ei rekkje artistar, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Ministry på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990, i tillegg til vår eigen Anne Grete Preus si plate Alfabet frå 2001. I 1977 gav Ian Dury ut plata New Boots And Panties!! Nyutgjevingar av plata inneheld det som på mange måtar er blitt Dury sin kjenningsmelodi, Sex & Drugs & Rock & Roll, men denne er utruleg nok ikkje med på originalskiva. I 1983 spelte Toy Dolls sin konsert nummer to hundre. Dette jubileet vart markert på Top Rank i hamnebyen Brighton på den engelske sørkysten. I 1985 slepte Tom Waits si niande studioplate, Rain Dogs, også dette eit album meritterte Rolling Stone Magazine skal ha plassert trygt inne på lista over dei fem hundre platene gjennom tidene. The Clash nytta dagen til å sleppe singelen This Is England, som klatra til ein tjuefjerdeplass på dei engelske listene. I 1987 var Toy Dolls på Dingwals i London. I 1991 slepte R.E.M. si fyrste Best Of-plate, medan Robbie Robertson slepte si andre soloplate etter tida med The Band, produktet fekk namnet Storyville. Også Simply Red nytta dagen til plateslepp, deira bidrag til musikksoga fekk namnet Stars og var bandet si fjerde studioplate. I 1997 gav Portishead ut sitt andre studioalbum, dette hadde same namnet som bandet. Same dag kom to meir etablerte artistar, Bob Dylan og Patti Smith, med kvar si plate, høves vis Time Out Of Mind og Peace And Noise. I 2003 slepte den tidlegare The Police-sjefen Sting si sjuande studioplate, Sacred Love.
Tjueniande september
Tjueniande september 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Ferryday i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom ekselente musikalske bidraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1946 fekk verda ein ny trommeslagar, då vart Ian Russel Wallace fødd i Bury i England. Ian Wallace spelte med King Crimson tidleg på 1970talet, men kan i mi platesamling høyrast på plata A Bit Of What You Fancy, som Quireboys gav ut i 1990. Wallace døyde i 2007. I 1948 var det jubel hjå familien Farner. Mark Fredrick Farner vart fødd i bilbyen Flint i Michigan. Mark Farner er gitarist, vokalist og komponist i det amerikanske bandet Grand Funk Railroad, som har levert ei lang rekkje storselgjande plater sidan slutten av 1960-talet. Hjå meg kan Farner høyrast medan han herjar på gitaren, og torturerar eigne stemmeband på studioplatene On Time og Grand Funk, begge frå 1969, og begge på Capitol Records. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda i Richmond i California. Bassisten Les Claypool er kjend for den rå lyden og uortodokse teknikken som er ein vesentleg del av lydbiletet i Primus. Claypool sitt Primus-bidrag til platehylla mi heiter Pork Soda og kom på marknaden i 1993. I mi platesamling kan Claypool også høyrast medan han trakterar bassen for Tom Waits på låten Big In Japan på plata Mule Variations, som kom ut i 1999. I 1965 vart Iain Richard Foxwell Baker fødd i engelske Carshalton. Radioverten Iain Baker kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for Jesus Jones på plata Doubt frå 1991. I 1967 kom Brett Lewis Anderson til verda i engelske Haywards Heath. Brett Anderson er vokalisten i Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene.I 1983 kom Macellus Rodrígues-Lopez til verda i Bayamon i Puerto Rico. Multiinstrumentalisten Marcel Rodrígues-Lopez sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som tangentspel på The Mars Volta si plate Bedlam In Goliath frå 2008. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chili Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan, kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg så absolutt ikkje angra på. I 1992 slepte Londonbeat plata In The Blood, dette var bandet si andre studioplate. Stone Temple Pilots platedebuterte med Core, og Alice In Chains slepte si andre studioplate Dirt, som etter kvart selde til fire gongar platina i USA og nådde til ein sjetteplass på Billboard si Top 200-liste. I 1995 slepte Rule 62 plata Love & Decline. I 1997 gav The Verve ut plata Urban Hymns. I 2008 platedebuterte Katzenjammer med plata Le Pop. Same dag slepte Enslaved ut si tiande studioplate, Vertebrae, som var miksa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.
Tjueåttande september
Tjueåttande september 1947 vart musikaren og forfattaren Gustav Lorentzen fødd i Bergen. Saman med kompisen Øystein Dolmen underheldt Lorentzen fleire generasjonar nordmenn i duoen Knutsen og Ludvigsen som sjølvsagt er på plass i mi platehylle, med den Spelemannprisløna plata Juba Juba frå 1983. Lorentzen er i mi platesamling også kreditert for å syngje bakgrunnsvokal på Trygve Thue si plate Jeg – En Beach Boy (1994), ei plate der Lorentzen også stod for oversetjinga av Beach Boys-tekstar til norsk. Lorentzen døyde brått under trening i 2010. I 1956 kom Elvis Presley med singelen Love Me Tender. Plata låg fem veker på fyrsteplass i USA, men nådde ikkje høgare enn ellevte plass i England. I 1966 kom Kenneth Robert Wilson til verda i Framingham i Massachusetts. Trommisen Ginger Fish spelte for skrekkrockaren Marilyn Manson frå 1995 til 2011 og i mi platehylle finn du arbeidet hans på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999. I 1974 vart The Who si plate Odds & Sods, som inneheldt uutgjeve materiale og alternative versjonar av kjende låtar, gjeve ut i England. Plata nådde ein sterk tiandeplass på dei engelske listene. I 1987 slepte The Smiths si fjerde og så langt siste studioplate, Strangeways, Here We Come, same dag som Depeche Mode slepte si sjette studioplate, Music For The Masses. I 1991 var AC/DC på scenen på Tushino-flyplassen i den russiske hovudstaden, Moskva. Dei frammøtte fekk høyre Back In Black, Highway To Hell, Whole Lotta Rosie og For Those About To Rock (We Salute You), som alle er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. Same dag ebba livet ut for den legendariske jazztrompetisten Miles Davis. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, som klatra til ein syttandeplass på dei britiske platelistene, medan The Beta Band slepte sine tre fyrste EPar på samleplata The Three E.P’s. I 1999 kom Creed si andre studioplate, Human Clay, som har selt i millionopplag. I 2004 slepte Brian Wilson plata Brian Wilson Presents Smile, som er ei vidareføring av Beach Boys sitt ufullførde prosjekt frå 1966. I 2012 slepte Muse si sjette studioplate, den fekk tittelen The 2nd Law.
Tjuesjuande september
Tjuesjuande september 1943 kom Randolph Charles Bachman fødd i kanadiske Winnipeg. Randy Bachman er best kjend som opphav til den eine halvleiken av bandnamnet Bachman-Turner Overdrive og har i mi platehylle fått plass på ei samleplate kalla Best Of BTO, som kom på marknaden fyrste gongen i 1976. I 1947 vart Marvin Lee Aday fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Meat Loaf er fyrst og fremst kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell frå 1977. Plata, som var produsert av Todd Rundgren, var i all hovudsak eit samarbeid med komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans noko som gjer at det berre står fire titlar, studioplatene Bat Out Of Hell (1977), Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006), samt samleplata Hits Out Of Hell, i hylla. I 1949 kom Jan Teigen til verda i Tønsberg. Eurovisjonsgjengangaren Jahn Teigen har ei fortid i band som Lions Of Judea og Popol Ace. Hjå meg kan Teigen høyrast i samarbeid med Herodes Falsk og Tom Mathiesen på Prima Vera si samleplate Absolute Prima Vera frå 1994. I 1953 kom Gregory Norman Ham til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Saksofonisten Greg Ham spelte i Men At Work og er kjend for fløytespelet i superslagaren Down Under. Hjå meg høyrer du Ham på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. Ham døyde i 2012. I Kingston på Jamaica vart Robbie Shakespare fødd. Bassisten Shakespare er best kjend for å spele reggea, gjerne saman med Sly Dunbar, i duoen Sly & Robbie. I mi platehylle kan Shakespare høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive (1981), samleplata The Best Of Peter Tosh (1999), i tillegg til utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. I 1971 kom Cass Browne til verda i London. Trommisen Browne sitt bidrag til mi platehylle heiter Demon Days og vart slept av Gorillaz i 2005. I 1982 spelte Ozzy Osbourne det andre av to show på The Ritz i New York. Brad Gillis (gitar), Rudi Sarzo (bass) og legenda Tommy Aldrige (trommer) stod for musikken. Same dag gav Depeche Mode ut plata A Broken Frame, bandet si andre studioplate. I 1984 kom Avril Ramona Lavigne til verda i Belleville i Ontario. Avril Lavigne er eit vidunderbarn som fekk platekontrakt med Arista allereie som sekstenåring, og ho vart seinare den yngste artisten som toppa platelistene i England. Hjå meg finn du Avril si debutplate Let Go frå 2002. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte fans på Metro i Rosyth. I 1986 var Toy Dolls på plass i Gateshead Leisure Centre for å spele. Same dag krasja Metallica sin turnébuss utanfor Stockholm, bassist Clif Burton omkom. I 1987 var det Rathole i Tamworth sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. I 1994 platedebuterte samfunnsengasjerte Dave Matthews Band med Under The Table And Dreaming. I 2005 slepte dødsbuet etter Ravi Shankar konsertplata The Ravi Shankar Collection – In Concert. I 2010 slepte The Batallion si andre studioplate, Head Up High, som absolutt er verdt ei gjennomhøyring eller fleire for alle som er tilhengjarar av skitten og rufsete rock ’n roll. Same dag var det plateslepp hjå dei lokale metallkonkurrentane Enslaved, deira bidrag fekk namnet Axioma Ethica Odini og var bandet si ellevte studioplate. I 2015 døyde Wilton Felder.
Tjuesjette september
Tjuesjette september 1945 vart Bryan Ferry fødd i Washington ved Sunderland i England. Ferry var songar i Roxy Music på syttitalet og gjorde stor suksess med det. Hjå meg kan Ferry høyrast på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995. I 1954 kom César Rosas til verda i Hermosillo i Mexico. Rosas er sentral i Los Lobos, både som låtskrivar, gitarist og songar, men hjå meg må du nøye deg med å høyre gitarspelet hans på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986. I 1955 vart Rebecca Carlene Smith fødd i country hovudstaden Nashville i Tennessee. Songerinna Carlene Carter er dotter av June Carter Cash og hennar fyrste ektemann, Carl Smith. Carter har sidan skapt seg si eiga karriere som country-songarinne og kan hjå meg høyrast på ei dobbel plate som inneheld dei to studioplatene Two Sides To Every Woman (1979) og Musical Shapes (1980). I 1964 kom John Tempesta til verda i Bronx i New York City. Trommeslagaren John Tempesta kan hjå meg høyrast på The Cult si plate Born Into This frå 2007. I 1967 kom Richard Shannon Hoon til verda i Lafayett i Indiana. Blind Melon-vokalisten Shannon Hoon er hjå meg kreditert for hjelpevokal på begge Use Your Illution-platene som Guns ‘N Roses slepte i 1991. Shannon Hoon døyde av ein overdose kokain i 1995. I 1970 vart Erik Gavriluk fødd i Huntington i delstaten New York. Plateprodusenten Gavriluk er i mi platehylle kreditert for å spele orgel på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1976 kom Dean Butterworth til verda i engelske Rochdale. Trommisen Butterwort er truleg prega av at fotballaget i byen presterar ganske så usselt og valte å satse på ei karriere i musikken i staden. Hjå meg kan mannen som er best kjend for å halde takten for Morrisey høyrast medan han trommar for John Lee Hooker på utvalde spor på samleplata Best Of Friends frå 1998. AC/DC nytta dagen til å spele på Circus Krone i München. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre Baby, Please Don’t Og, som vart sendt på Szene 77 på fjernsynskanalen ARD i januar året etter. I 1980 var Toy Dolls å finne i Labour Club i Peterlee. Denne datoen i 1981 er den dagen Iron Maiden slepte live EP-en Maiden Japan. I 1982 spelte ein Ozzy Osbourne i storform den fyrste av to konsertar på The Ritz i New York. Resultatet enda opp på konsertplata Speak Of The Devil. I 1984 døyde Shelly Manne. I 1985 var Toy Dolls på plass i den skotske oljehovudstaden Aberdeen for å spele på Ritzy. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hereford for å spele på Porter House. I 1994 kom R.E.M med plata Monster. I 1995 gav Prince ut plata The Gold Experience. Plata var ikkje signert med artisten sitt namn, men berre eit symbol. I 2003 døyde Robert Palmer.
Tjuefemte september
Tjuefemte september 1914 vart Anders Valter Persson fødd i Gäddede i nord i svenske Jämtland. Under aliasen Andrew Walter underheldt Persson svenskane med trekkspelet sitt og i mi platehylle kan han høyraste på utvalde spor på samleplata Guldkorn (Samhällskritikern), som dødsbuet etter Cornelis Vreeswijk slepte i 2001. Andrew Walters døyde i 1978. I 1949 kom Steve Mackay til verda i Grand Rapids i Michigan. Saksofonspelande Mackay er best kjend for å spele på The Stooges si plate Fun House og kan i mi platehylle høyrast medan han lagar god musikk på Violent Femmes si studioplate The Blind Leading The Naked frå 1986. Mackay døyde i 2015. I 1955 vart Anna Paola Francia fødd i den italienske universitetsbyen Terni. Songerinna Lalla Francia kan i mi platesamling høyrast medan ho yt vokalhjelp på Fiorella Mannoia si tiande studioplate Belle Speranze frå 1998. I London kom Steven John Baily til verda. Steven Severin har hatt ei suksessrik karriere som bassist i det engelske bandet Siouxsie And The Banshees, som han gav ut elleve studioplater saman med. Hjå meg kan Steven Severin høyrast på plata Tinderbox frå 1986. I italienske Reggio Emilia vart Adelmo Fornaciari fødd. Songaren Zucchero har seld meir enn førti millioner plater på eiga hand, men hjå meg må du nøye deg med å høyre den hese røysta hans på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1957 kom Donald Gene Fleming til verda i Valdosta i Georgia. Don Fleming si karriere starta i ulike alternativband tidleg på åttitalet, han har mellom anna spelt med Afghan Wigs-sjefen Greg Dulli, men han er nok like kjend for arbeidet han har gjort som produsent. Hjå meg kan Fleming høyrast medan han syng bakgrunnvokal nokre av spora på Sonic Youth si plate Goo frå 1990. I 1967 kom Ashwin Sood til verda i engelske Birmingham. Den kanadiske perkusjonisten Ash Sood har vore gift med Sarah McLachlan og mange av hans musikalske merittar er knytt til hennar røyst. I mi platehylle kan Sood høyrast medan han held takten for Rufus Wainwright på plata Rufus Wainwright frå 1998. I 1968 kom skodespelaren Will Smith til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Solbrillefine Smith gjev ut plater på sida av all filminnspelinga og kan i mi platehylle høyrast på plata Willennium, som ikkje akkurat er mitt stoltaste kjøp. I 1970 vart Michael Melchiondo Jr. fødd i New Hope i Pennsylvania. Gitaristen Dean Ween kan i mi platehylle høyrast medan han spelar som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002. I 1980 døyde John Bonham, og Toy Dolls heldt konsert på Norseman Hotel i Peterlee. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på La Sorbonne i den skotske hovudstaden Edinburgh. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, dette var hennar fjerde studioplate. I 2001 slepte Ryan Adams si andre studioplate Gold. I 2007 slepte Queen Latifah si sjette studioplate, Trav’lin’ Light.
Abonner på:
Innlegg (Atom)