11.06.2011
Ellevte juni
Ellevte juni 1920 vart jazztrommisen Sheldon Manne fødd i New York City. Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og kan hjå meg høyrast på både Best Of Chet Baker Plays og Tom Waits si plate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984. I 1928 kom saksofonisten Bob Gordon til verda i St. Louis. I mi platesamling er det plata Best Of Chet Baker Plays som byr på Bob Gordon sitt saksofonspel. Gordon døyde i 1955. I 1949 vart Frank Lee Beard fødd. Beard har livnært seg som trommeslagar i den texasbaserte bluesrocktrioen ZZ Top og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godaste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1958 kom den engelske bassisten Barry Adamson til verda i Manchester. Adamson har gjeve ut ei rekkje soloplater, mellom anna As Above, So Below frå 1998, som er bidraget hans til mi platehylle. Adamson har i tillegg arbeida med Depeche Mode og The Buzzcocks og kan hjå meg høyrast medan han spelar for The Birthday Party på plata Junkyard frå 1982, og for Nick Cave And The Bad Seeds på plata From Here To Eternity frå 1984. I 1960 vart Nick Hallam fødd i Nottingham. Hallam er kjend som The Head i electronicabandet Stereo MC’s. I 1961 kom Robert Charles Birch fødd i Ruddington. Birch kallar seg Rob B når han opptrer som vokalist i Stereo MC’s og kan i mi platehylle høyrast på plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1983 slepte Dio debutplata Holy Diver i England, ein snau månad etter at amerikanarane fekk høve til å kjøpe produktet. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival. I 1991 gav Lynyrd Skynyrd ut plata Lynyrd Skynyrd 1991, dette var dei langhåra sørstatsrockarane si sjette studioplate. I 2001 gav Travis ut plata The Invisible Band. I 2002 gav Brian Wilson ut det etterlengta Pet Sounds Live-albumet som var spelt inn i London i januar same år. I 2007 slepte Turbonegro plata Retox.
10.06.2011
Tiande juni
Tiande juni 1958 stod Elvis Presley i studio og song inn (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Akkompagnementet var ved The Jordanaires. Same dag kunne platekjøparane høyre Elvis Presley syngje om ei Hard Headed Woman. Songen var frå filmen King Creole og nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer to i England. I 1964 kom den amerikanske trommeslagaren James Joseph Chamberlin til verda i Joliet. Jimmy Chamberlin har vore av og på trommeslagar for The Smashing Pumpkins og kan høyrast på alle dei fire titlane som eg er lukkeleg eigar av. I 1971 vart Erik Rutan fødd. Rutan kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for death metallbandet Morbid Angel på plata Domination frå 1995. I 1983 var Toy Dolls underhaldninga på Norseman i Amble. I 1985 kom R.E.M. med plata Fables Of The Reconstruction. I 1986 starta AC/DC innspeling av ein promovideo for det som er min absolutte favorittlåt frå bandet, You Shook Me All Night Long. Sjekk resultatet på Family Jewels. I 1993 spelte alltid like blide Brazz Brothers saman med Tatunane og Hukwe Zawose på Rockefeller i Oslo. I 2002 slepte Mark E. Smith og bandet hans, The Fall, plata 2G+2, som er ei samleplate med blanding av studioinnspelingar og konsertmateriale frå USA-turneen året før. I 2004 døyde Graeme Kelling.
09.06.2011
Niande juni
Niande juni 1941 vart Jon Douglas Lord fødd i Midt-England. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Machine Head frå 1972, Come Taste The Band, Burn og Perfect Stranger, i tillegg til samleplata Power House frå 1977. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep der han erstatta John Wetton. Han kan hjå meg høyrast på plata Fallen Angel frå 1978 og Raging Silence frå 1989, men han har også spelt saman med bysbarnet Mick Ronson frå Hull i bandet The Rats, noko som leia til at han fekk oppdraget med bassen på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet og som alle står på ynskjelista mi. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Gill har traktert trommene for store engelske band som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er også kreditert for fleire spor på samleplata No Remorse frå 1984. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode plata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo plata Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, mykje bra musikk for pengane.
08.06.2011
Åttande juni
Åttande juni 1947 vart Uriah Heep-gitaristen Mick Box fødd i London. Box var ein av grunnleggarane av bandet med namn frå ein Dickens-roman og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. I 1952 kom trommeslagaren Jeff Rich til verda i London. Rich trommar til vanleg takten for boogierocklegendene Status Quo og mi platehylle byr på trommespelet hans på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og Live Alive Quo frå 1992. I 1953 kom Sogn Og Fjordane sitt fremste musikalske bidrag til verda i Sogndal. Olav Stedje har herja listene på Norsktoppen med fleire popsongar og har i tillegg spela til dans over store delar av landet. Mi platehylle byr på samlinga 21 Beste som kom ut på plateselskapet Tylden i 1998. I 1956 vart Stephen Martin Walwyn fødd. Steve Walwyn har vore sjefsgitarist i Dr. Feelgood frå 1989 og kan hjå meg høyrast på plata Primo frå 1991. I 1979 kom The Who si plate The Kids Are Allright, som var musikk til ein dokumentarfilm om bandet og hadde musikk frå heile karrieren. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i 100 Club i London. I 1992 slepte W.A.S.P. plata The Crimson Idol. Bob Kulick hjelpte sjefen Blackie Lawless på gitar og heile tre trommeslagarar, Frankie Banali, Stet Howland og Dough Blair, hjelper til med å halde takten. Chainsaw Charlie, The Idol og Hold On To Your Heart kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Også Faith No More nytta dagen til å gje ut plate, den fekk tittelen Angel Dust og var gruppa si fjerde studioplate. I 1993 gav Urge Overkill ut si fjerde studioplate Saturation. I 2004 platedebuterte Velvet Revolver med plata Contraband. I 2008 fyrte Judas Priest opp Harleyen på scenen i Bergenshallen og heldt ein supernostalgisk metallkonsert som fekk underteikna sine trommehinner til å vibrere av rein fryd i vekevis etterpå. I 2009 kunne ”The Crüe”, Mötley Crüe opplevast i Bergenshallen. Tommy Lee og dei andre geriatrikarane heldt høgt tempo gjennom heile kvelden og leverte eit show det stod respekt av. Oppvarmar var bergenske Audrey Horne, som også leverar eit lydbilete som bør få alle gode rockarar til å glise.
07.06.2011
Sjuande juni
Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Wales. Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom den sørafrikanske artisten Jonathan Clegg til verda. I mi platesamling er Johnny Clegg ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld plata The Gold Experience frå 1995. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window. I 1963 kom den kreative krafta i Violent Femmes, Gordon Gano, til verda i ølbyen Milwaukee. Med gitaren i handa leia Gano an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York. Med seg i studio hadde han Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams, og saman spela dei inn Water Babies som vart gjeven ut på plata med same namn. Same dag vart Dave Navarro fødd i Santa Monica på den amerikanske stillehavskysten. Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Han kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som er NIN sitt bidrag til mi samling. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 2009 døyde Kenny Rankin.
Sjette juni
Sjette juni 1961 kom Tomás Enrique Araya til verda i Viña Mar i California. Tom Araya er best kjend som vokalist og bassist i metallbandet Slayer. Hjå meg finn du den doble konsertplata Decade Of Aggresion, som sjølvsagt er kjøpt inn og flittig gjennomhøyrd. Allsidige Araya er i mi platehylle også kredittert for vokalbidrag på songen Iron Gland frå Alice In Chains si plate Dirt, som kom på marknaden i 1992. I 1964 vart bassisten Jay Dee Bently fødd i Wichita, Kansas. Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion, der han var med i perioden 1979 til 1982. Etter ein fire år lang pause kom Bently attende i bandet i 1986, og dette er eit samarbeid som har heldt seg fram i dag. Bentley kan hjå meg høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance frå 1998. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down, som enda opp på samleplata Odds & Sods. I 1978 slepte The Cars den sjølvtittelerte debutplata si og verda låg for føtene deira. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den hysterisk morosame plata Live in Provinzz, som var i platehyllene seinare same år. I 2005 slepte Coldplay plata X&Y, som var bandet si fjerde studioplate. I 2006 døyde Billy Preston.
05.06.2011
Femte juni
Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i New Haven. Pianisten Pete Jolly kan høyrast i temaet til fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle finn du pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom bassisten Michael Davis til verda i bilbyen Detroit. Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf. I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si plate Welcome To The Club frå 1980. I 1957 vart trompetisten John Fumo fødd. Fumo er i mi platesamling representert på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock, som enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som vart utgjeven i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 seier Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre studioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.
Fjerde juni
Fjerde juni 1937 kom Freddy Fender til verda som Baldemar Garza Huerta i den ikkje heilt sentrale småbyen San Benito i skytegale Texas. Fender har hatt ei sjølvstendig karriere som ei blanding av countrymusikkar og smørsongar og har hatt fleire storselgjande enkeltsongar, men hjå meg kan han høyrast som medlem av Tex-Mex-supergruppa Texas Tornados. I 1969 slepte Johnny Cash konsertplata Live At San Quentin som var spela inn i fengselet med same namn tjuefjerde februar same år. I 1983 vart Motörhead si liveplate Another Perfect Day lansert for massane, og der er det masse bra bråkelyd for dei, som eg, som likar slikt. Toy Dolls-nyhenda fortel at den muntre gjengen frå Nord-England kunne høyrast på Framwellgate Club i Durham same kveld. I 1994 døyde Derek Leckenby. I 1996 slepte Metallica plata Load, dette var bandet si sjette plate og har selt i meir enn fem millionar eksemplar. I 1997 døyde Ronnie Lane.
Tredje juni
Tredje juni 1927 kom saksofonisten Homer Louis Randolph III til verda. Boots Randolph kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. I 1939 vart vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, Ian Hunter Patterson, fødd. Ian Hunter har, i tillegg til eiga musikarkarriere, produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var liveversjonen av Irene Wild frå plata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. I 1950 kom Suzi Quatro til verda i bilbyen Detroit som Susan Kay Quatro. Eg innrømmer at eg hadde varme kjensler for den vetle lærkledde dama med kjempebassen då eg var yngre, men det var på syttitalet. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på.
Andre juni
Andre juni 1949 kom keyboardisten Tommy Mandel til verda i New York. Mandel har spelt med store namn som Dire Straits og Bryan Adams, men i mi platesamling er det som ein del av Ian Hunter sitt band på plata Welcome To The Club frå 1980 og på B52s si plate Cosmic Thing arbeidet hans kan høyrast. I 1984 var det håpet om One Better Day som ordna Madness plass på listene. Attandeplass var nok ikkje det den galne septetten håpa på, men heller ikkje å forakte. I 1997 slepte Bob Dylan samleplata The Best Of Bob Dylan. I 2003 kom walisiske Stereophonics si fjerde studioplate You Gotta Go There To Come Back, som var deira tredje listetopp på rad i England. I 2004 var dette datoen Judas Priest spelte sin fyrste konsert med metallguden Rob Hallford attende i stallen etter fleire års fråvær med mellom anna det sjølvtittelerte prosjektet Hallford.
Fyrste juni
Fyrste juni 1924 vart trommeslagaren Herbie Lovelle fødd. Taktfaste Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. I 1947 kom den noverande Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood til verda som Ronald David Wood. Det skal ha hendt i London. Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slags instrument forutan mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling. Wood var også ein viktig del av The Faces, mi platehylle byr på Long Player frå 1971, og har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. Platene på mi hylle dokumenterar at Wood også skal ha lånt ut tenestene sine til Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981. I 1950 kom Tom Robinson til verda i universitetsbyen Cambridge. Tom Robinson har gjort seg merkt som låtskrivar, bassist og vokalist i Tom Robinson Band, som herja listene med songar som 2-4-6-8 Motorway og Glad To Be Gay på syttitalet. I dag er det platepratar som er Robinson sin profesjon. I 1959 vart Alan Charles Wilder fødd i London. Alan Wilder var ei tid innom Depeche Mode og kan hjå meg høyrast på plata Music For The Masses frå 1985. I 1963 vart trommeslagaren Michael Joyce fødd i Fallowfield. Mike Joyce heldt takten for The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på plata Strangeways, Here We Come frå 1987. I 1979 kom det offisielle soundtracket til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre storfornøgde bergensarar, var tilstades på. Perle etter perle frå den fyrste liveplata kom som jordbær på eit strå.
Trettifyrste mai
Trettifyrste mai 1940 vart August ”Augie” Meyers fødd i San Antonio i Texas. Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm var med å starte den texanske supergruppa Texas Tornados saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992 og samleplata Best Of frå 1994 kan Meyers hjå meg høyrast på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar for Tracy Chapman på hennar debutplate, for Miles Davis på plata Amandla frå 1989, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt. Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1980 var det Westholme Farm Club i Wallsend som var vertskap for eit ungt Toy Dolls. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med plata Ramones Mania.
Abonner på:
Innlegg (Atom)