10.03.2011

Tiande mars

Tiande mars 1938 vart musikaren Norman Blake fødd i Chattanooga. Blake si merittliste tel eit utal av country og bluegrasband opp gjennom åra og i mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Johnny Cash sine plater Orange Blossom Special frå 1965, America – A 200-Year Salute In Story And Song frå 1972 og American III: Solitary Man, som kom på marknaden i 2000. I 1957 tilstod Elvis Presley at (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Kresne amerikanarar aksepterte denne tilståinga godt nok til at det vart ein andreplass på platelistene, i England vart det tre veker på topp. I 1963 vart Jeffrey Allen Ament fødd i Havre i fjellstaten Montana. Jeff Ament har traktert bassen i grungepionerane Pearl Jam sidan starten i 1990 og kan hjå meg høyrast på to plater, debutplata Ten og Vitaology. I 1964 kom Neneh Mariann Karlsson til verda i Stockholm. I mi platehylle står Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1967 gav souldronninga Aretha Franklin ut plata I Never Loved A Man The Way I Love You. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ In The Free World og kan høyrast på plata Freedom frå 1989, i tillegg til mellom anna samleplata Greatest Hits. I 1997 slepte engelske Death In Vegas debutplata si, Dead Elvis, og verda vart aldri den same. I 1998 slepte Johnny Winter konsertplata Live In NYC ’97, ei konsertplate der Winter sitt trufaste publikum sjølv hadde fått velgje låtutvalet.

09.03.2011

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barritonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate.

08.03.2011

Åttande mars

Åttande mars 1962 var ein ung Johnny Cash i studio og spelte inn A Little At A Time. Songen fekk fyrst berre plass som B-side på ein single, men i dag kan han også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1986 kunne Toy Dolls både høyrast og sjåast i kongens by, København, dei frammøtte på Barbui var dei heldige denne kvelden. I 1991 slepte R.E.M. plata Out Of Time, som, mellom anna, bydde på landeplaga Losing My Religion. I 1994 nytta Soundgarden dagen til å sleppe si fjerde studioplate, Superunknown. Plate selde til fem gongar platinum i USA og vert rekna som bandet si sterkaste plate. I 2005 døyde Larry Bunker.

07.03.2011

Sjuande mars

Sjuande mars 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistar var AC/DC.

06.03.2011

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med atististar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keit likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han spelte på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980) og This Note’s For You, frå 1988. Om dette ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975. Keith døyde i 2010. I 1951 vart trommeslagaren Brian Gibbons fødd i Nordsjø-hamna Newcastle-upon-Tyne. Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-vokalist Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene.

05.03.2011

Femte mars

Femte mars 1957 vart Mark Edward Smith fødd i engelske Broughton. Den tidlegare hamnearbeidaren Mark E. Smith er vokalist og tekstforfattar, og for tida, den einaste originalmedlemen som er att i det kritikarroste britiske punkbandet The Fall. Smith sitt bidrag til mi platehylle heiter 2G+2 og er ei fin blanding av studioinnspelingar og konsertopptak. I 1963 døyde Patsy Cline. I 1970 kom den eminente gitaristen John Anthony Frusciante til verda. I mi platesamling kan John Frusciante sitt gitarspel høyrast på plater med både Red Hot Chili Peppers og The Mars Volta i tillegg til hans eiga plate To Record Only Water For Ten Days. I 1972 kom den italienske gitaristen og komponisten Luca Turilli til verda i grensebyen Trieste. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Legion Club i South Shields. I 1983 var dei alltid like sporty karane i Toy Dolls og spela i Nottingham Rowing Club. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Rockmagasinet i Örebro.

04.03.2011

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Makeba sine merittar let seg ikkje oppsummere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre plata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks. Makeba døyde i 2008. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg høyres han på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda. Folk flest kjenner han best som Mick Mars, den eminente gitaristen i glamrockbandet Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når Toy Dolls spelte. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte.

03.03.2011

Tredje mars

Tredje mars 1954 kom den amerikanske gitaristen John Lilley til verda. Lilley slo seg saman med resten av The Hooters så tidleg som i 1983 og kan hjå meg høyrast på platene Zig Zag (1989) og Out Of Body frå 1993. I 1972 slepte Jethro Tull plata Thick As A Brick, som berre hadde to songar, ein på kvar side av ei gamaldags langspelplate av vinyl. Dei av oss som har dette verket i kompaktplateversjon, slepp å snu plata mellom songane som har begge har same tittel som plata. I 1978 gav Patti Smith Group ut plata Easter. Denne skiva inneheld min favorittlåt med dama, Because The Night, som ho skreiv saman med ein ikkje like stor favoritt, Bruce Springsteen. I 1982 kom Toy Dolls for å spele i Arts Centre i Washington. I 1986 kom Metallica si tredje studioplate, Master Of Puppets, som var spela inn i Sweet Silence Studios i danske København. Same studio som dei danske rockelegendene i Gasolin brukte til mange av sine innspelingar. I 1997 slepte Nick Cave And The Bad Seeds si tiande studioplate, The Boatman’s Call. Plata vart straks Nick Cave sitt mest kritikarroste arbeid.

02.03.2011

Andre mars

Andre mars 1942 kom ein av rocken sine meir eksentriske innslag til verda. Lou Reed fekk døypenamnet Lewis Allan Reed og vart kjent for det platekjøpande publikum gjennom bandet Velvet Underground, som på si side kan takke kunstnaren Andy Warhol for myke av sin suksess. Reed har sidan 1971 hatt ei solokarriere som har resultert i ei rekkje plater og i mi platehylle finn ein, forutan den nesten obligatoriske samleplata frå tida i Velvet Underground, klassikaren Transformer (1972), i tillegg til interessante, men ikkje like sterke Mistral (1986), Magic And Loss (1992) og livplata Live In Concert (1984). Og det heile er sjølvsagt oppsummert med ei samleplate, The Very Best Of Lou Reed (1989). I 1948 vart den irske bluesrockgitaristen William Rory Gallagher fødd i Ballyshannon. Gallagher vert rekna som ein av Europa sine mest talentfulle gitaristar og har inspirert utallige unge kvinner og men til å leika med strengane. Gallagher døyde av skrumplever i 1995. I 1956 var dette fødselsdagen til tidlegare AC/DC-bassisten Mark Evans, som spelte i bandet frå 1975 til 1977. Hjå meg kan Evans høyrast på platene High Voltage frå 1975 og Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976. I 1980 sa T.V.C Club i Middlesbrough velkomen til Toy Dolls. I 1982 var det gruvebyen Durham og Brewers Arm som husa Toy Dolls. I 1983 var turen komen for Golden Eagle i Birmingham for å vere vertskap for Toy Dolls. I 1986 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på Stadshotellet i Mariestad i Sverige. I 2004 slepte Cheap Trick den doble samleplata The Essential Cheap Trick.

01.03.2011

Tjueåttande februar

Tjueåttande februar 1927 kom steelgitaristen Donald Hugh Helms til verda i New Brockton i Alabama. Don Helms spelte frå starten av karrieren i 1942 med store namn som Hank Williams, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash (1958), Hymns By Johnny Cash frå 1959 og Now There Was A Song frå 1960. I 1940 vart gitaristen Joe South fødd i Atlanta, Georgia. South, som har døypenamnet Joseph Alfred Souther, er kanskje best kjend for å plage radiolyttarar med songar som Games People Play og som komponisten av countrysviska Rose Garden, men i mi platesamling kan han nytast som ein av Bob Dylan sine musikarar på Blonde On Blonde frå 1966. I 1957 kom Cindy Wilson til verda som Cynthia Leigh Wilson i Athens i Georgia. Wilson er vokalist og originalmedlem i New Wave bandet B52s frå universitetsbyen Athens i Georgia. I 1982 var Toy Dolls klar for å erobre London. Staden heit Skunk. I 1983 kom plata Subterranean Jungle frå Ramones. Plata vart produsert av Ritchie Cordell og Glenn Kolatin og innspelinga gjekk føre seg i Kingdom Sound på Long Island i staten New York. Songane Psycho Therapy og Outsider kan også høyrast på plata Ramones Mania. Dagen bydde også på plateslepp på den andre sida av Atlanteren, U2 nytta høve til å sleppe si tredje studioplate, War, laus på folket. I 1985 var Rotters i Doncaster vertskap for Toy Dolls. Same dag døyde tidlegare Uriah Heep-vokalist David Byron. I 1986 fekk våre gamle unionskameratar i Sverige vitjing av Toy Dolls, det hendte på Ying Och Yang i Gävle. Same dagen fullførde AC/DC innspelinga av ein promovideo for Who Made Who. Regissør var David Mallet.

Fyrste mars

Fyrste mars 1944 kom The Who-vokalist Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nyttar Toy Dolls datoen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet til topps på dei norske platelistene.

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda. Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999. I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart bassisten Ewen Vernal fødd i Glasgow. Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlum. I 1981 gav The Who ut singelen You Better You Bet som klatra til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”.