31.03.2018

Tjuetredje mars

I 1949 kom Richard T. Otcasek til verda i Baltimore i Maryland. Under artistnamnet Ric Ocasek var han i perioden 1976 til 1988 leiar av new wave-legendene The Cars, som hadde fleire storselgjande plater under hans leiarskap. Ocasek har sidan pleia ei mindre påakta solokarriere og er i dag ein mykje nytta produsent. Hjå meg kan Ocasek høyrast på studioplatene The Cars og Door To Door (1987), i tillegg til samleplata Greatest Hits, som kom på marknaden i 1985. Ocasek er også kreditert for diverse musikalske bidrag på platene Rock Steady (No Doubt) og Weezer – The Green Album, begge frå 2001.

Andre jubilantar
Ray Phiri (1947)
Phil Lanzon (1950)
Patrice Holloway (1951-2006)
Eivind Aarset (1961)
Damon Albarn (1968)
Abe Laboriel jr (1971)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar