29.03.2018

Tjuande mars

I 1951 vart James Lawrence Vaughan fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Gitaristen Jimmie Vaughan er ein eldre bror av den meir kjende Stevie Ray Vaughan, og er best kjend for tida han tente som gitarist i den texanske bluesgruppa The Fabulous Thunderbirds, eit band han var med å starte saman med Kim Wilson i 1974. Jimmie sitt gitarspel er minst like sofistikert som det broren kunne by på, og heime hjå meg kan det nytast på plata Hot Number frå 1987, i tillegg til plata Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000. Jimmie Vaughan er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplatene The Best Of Stevie Ray Vaughan frå 2007, og Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998.

Andre jubilantar
Sam Lay (1935)
Lee Perry (1936)
Micky Grome (1951)
Joakim Thåström (1957)
Owen If (1959)
Alex Kapranos (1973)
Joel Shearer (1973)
Chester Bannington (1976-2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar