14.03.2018

Fjerde mars

I 1932 vart Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Makeba sine merittar let seg ikkje summere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre Mama Africa på samleplata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks frå 1994. Makeba døyde i 2008.

Andre jubilantar
Bobby Shew (1941)
Bob Wooton (1942)
Bobby Womack (1944-2014)
Dieter Meier (1945)
Jan Garbarek (1947)
Chris Squire (1948-2015)
Mick Mars (1951)
Chris Rea (1951)
Søren Bundgaard (1956)
Jason Newstedt (1963)
Evan Dando (1968)
Fergal Lawler (1971)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar