31.03.2018

Tjuefemte mars

I 1942 vart Aretha Louise Franklin fødd i countrybyen Memphis i Tennessee. Soullegenda Aretha Franklin gjorde ein opptreden, med låten Think, i den udødelege filmen The Blues Brothers, som i høgste grad er med å heve standarden på filmen. Dama, som var tobarnsmor før ho fylte femten, hadde, då filmen vart spela inn, allereie markert seg med ei tilnærma endelaus rekkje legendariske soul-hits som har sikra ho legendestatus i musikkmiljøet. Hjå meg kan du høyre legenda si gjennomtrengjande røyst på plata Aretha frå 1980, i tillegg til samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. frå 1994.

Andre jubilantar
Stephen Kupka (1946)
Elton John (1947)
Bob Ezrin (1949)
Tim Scott McConnell (1958)
Per Hillestad (1959)
Jeff Healy (1966-2008)
Tore Jamne (1966)
Vicente Amigo (1967)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar