07.02.2015

Sjuande februar

Sjuande februar 1917 vart Milton Olshansky fødd i Chicago i Illinois. Trommeslagaren Milt Holland var i ei årrekkje ein pioner i bruken av afrikanske og latin-amerikanske rytmar i jazz, pop- og filmmusikk. Hjå meg kan Milton Holland sitt trommespel høyrast på Ry Cooder si sjølvtitulerte debutplate frå 1970. Milton Holland døyde i 2005. I 1948 kom David Richard Campbell til verda i kanadiske Toronto. Komponisten og plateprodusenten David Campbell har produsert plater for kjende artistar som Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire, og i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fiolin på den langt meir meritterte sonen, Beck, si plate Midnite Vultures frå 1999. Campbell er også kreditert for strengearrangement på Bon Jovi si plate These Days frå 1995, på Black Crows si plate By Your Side (1998), og på I.R.M., som Charlotte Gaisnbourg slepte i 2009, for å spele strengjeinstrument på eitt spor på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998, for å traktere både messingblåsarar og strengjeinstrument på plata So Much For The City, som irske The Thrills slepte i 2003, i tillegg til at han fungerte som dirrigent på fleire spor på Meat Loaf si tredje Bat Out Of Hell-plate The Monster Is Loose frå 2006. I 1949 kom Alan Charles Lancaster til verda i London. Alan Lancaster stod i mange år for grom basslyd for verdas beste boogierockband, Status Quo, eit band han var med å starte så tidleg som i 1962. Lancaster gav seg i Status Quo etter Live Aid i 1985, etter musikalske stridigheiter med dei to sjefsboogiegitaristane Parfit og Rossi, og heldt fram med fleire musikalske prosjekt som aldri gav særleg stor avkasting. Lancaster kan i mi platesamling høyrast på samleplatene 12 Gold Bars og 12 Gold Bars II (Status Quo), og når han spelar med bandet The Bombers, som gav ut plata Aim High i 1990. I 1953 vart Bruce Gaitsch fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Gaitsch komponerte landeplaga La Isla Bonita saman med Madonna, noko som gjer at han også er kreditert for gitarsple på plata True Blue frå 1986. Hjå meg kan Gatitsch også høyrast medan han trakterar gitaren på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1954 vart Dieter Günter Bohlen fødd i tyske Berne. Dieter Bohlen var den eine halvleiken av den utskjelde popduoen Modern Talking og hjå meg kan han høyrast på plata Back For Good frå 1998. I 1955 vart James Zavala fødd i Sacramento, hovudstaden i California. Saksofonisten Jimmy Z sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1959 kom Brian Travers til verda i engelske Birmingham. Saksofonisten Travers var ein av grunnleggjarane av UB40 og kjend som ein av dei som kunne spele eit instrument før bandet vart starta. Hjå meg kan Travers høyrast på samleplata The Best Of UB40 frå 1987. I 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender, som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna A Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste utanfor Italia. I 1962 vart David Bryan Rashbaum fødd i Perth Amboy i New Jersey. David Bryan er fast tangentmann for Bon Jovi og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995, der han i tillegg til tangentspel bidreg med bakgrunnsvokal. I 1969 var The Who i Morgan Studios i London og spela inn Pinball Wizard. Bak spakane sat produsent Kit Lambert. I 1975 kom Wesley Louden Borland til verda i Richmond, Virginia. Gitaristen Wes Borland har vore med og laga rå lyd i bandet Limp Bizkit med ujamne mellomrom sidan 1995 og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs frå 2001. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She Goes To Finos, veit eg faktisk ikkje. I 1981 slepte The Stranglers plata The Gospel According To The Meninblack. I 1990 platedebuterte Primus med studioplata Frizzle Fry. I 2006 døyde Jack Montrose. I 2011 kom den vanskelege andreplata frå John Olav Nilsen & Gjengen. Produktet hadde titelen Det Nærmeste Du Kommer og bør vere eit sjølvsagt val for alle norske platekjøparar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar