05.02.2015

Femte februar

Femte februar 1929 vart Harold Simon Belsky fødd i Holyoke i Massachusetts. Trommisen Hal Blaine er kjend for å stemple Hal Blaine Strikes Again på alle stader han spelar, og det er ikkje få stadar. Blaine sitt bidrag til mi platehylle kan du høyre på Buffalo Springfield si debutplate Buffalo Springfield (1967), studioplata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976, i tillegg til utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som Elvis Presley sitt dødsbu slepte i 2002. I 1944 kom Alan Peter Kuperschmidt Kooper til verda i bydelen Brookly i New York City. Musikaren Al Kooper var i si tid med å starte det legendariske bandet Blood Sweat & Tears, men slutta for sikkerhets skyld i bandet i god tid før dei slo gjennom. Kooper sitt orgelspel kan derimot høyrast på Bob Dylan sine plater Highway 61 Revisited, frå 1965, og Blonde On Blonde frå 1966, i tillegg til Who’s Next, som The Who slepte i 1971. Kooper er i tillegg kreditert for spel på utvalde spor på Bob Dylan si samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991, og på like utvalde spor på The Essential Lynyrd Skynyrd, som Lynyrd Skynyrd slepte i 1998. I 1951 vart Geraint Meurig Vaughan Watkins fødd i Abertridwr i Wales. Tangentmannen Geraint Watkins kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Londonbeat på plata In The Blood (1990), og Van Morrison på studioplata Back On Top frå 1999, i tillegg til eitt av spora på Tom Jones si come back-plate Reload, også den frå 1999. Watkins trakterar også tangentane på utvalde spor på samleplatene Big Guns, som Rory Galagher slepte i 1995, og The Very Best Of Stray Cats (1996). I 1954 kom Cliff Martinez til verda i New York City. Trommisen Martinez har vore innom både The Dickies og Captain Beefheart, før han omsider fekk plass på trommestolen i Red Hot Chili Peppers. Martinez sitt hardslåande arbeid kan i mi platehylle høyrast på debutplata Red Hot Chili Peppers (1984) og oppfølgjarplata Freakey Styley frå 1985. I 1956 kom Vincent Colaiuta til verda i Republic i Pennyslvania. Trommisen Vinnie Colaiuta kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Sting på plata Sacred Love frå 2003, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995). I 1964 vart Michael Andrew McKagan fødd i grungebyen Seattle i Washington. Duff McKagan var lenge gitarist i bandet Guns N’Roses og i mi platesamling kan han høyrast på bandet sine fem studioplater, Appetite For Destruction (1987), Lies (1988), Use Your Illution I & II (1991) og The Spaghetti Incident. I tillegg kan McKagan sitt gitarspel høyrast på Velvet Revolver si debutplate Contraband frå 2004. I 1981 var AC/DC i Nihon Seinenkan i Tokyo. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Shot Down In Flames, What Do You Do For Money Honey, You Shook Me All Night Long, T.N.T. og Let There Be Rock. Vi som ikkje hadde høve til å kikke innom denne kvelden må nøye oss med opptaket som TV Tokyo sendte, og det finn ein på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog. I 2008 slepte canadiske k.d. Lang si femte soloplate, Watershed.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar