01.02.2015

Fyrste februar

Fyrste februar 1937 vart Isaac Donald Everly fødd i Muhlenberg County i Kentucky. Saman med broren Phil herja Don Everly platelistene som The Everly Brothers i rocken sin barndom. Hjå meg finn du Don Everly sitt musikalske arbeid som bakgrunnsvokal på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986. I 1939 kom Delano Floyd McCoury til verda i Bakersville i North Carolina. Del McCoury er gitarist i sitt eige bluegrasband, The Del McCoury Band, der også begge sønene hans, Ronnie og Rob, er med på høvesvis banjo og mandolin. The Del McCoury Band er kjend for å ha eit tett samarbeid med ein av mine store heltar, countryartisten Steve Earle, og dei kan mellom anna høyrast på plata El Corazon frå 1997. I oljebyen Houston i skytegale Texas vart Joseph Leslie Sample fødd. Pianisten Joe Sample var ein av grunnleggjarane av Jazz Crusaders, og hans elegante tangentleik kan hjå meg høyrast på studioplata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989, og på Riding With The King, som var eit samarbeid mellom B.B. King og Eric Clapton og kom på marknaden i 2000, i tillegg til Queen Latifa si plate Travlin’ Light frå 2007. I 1950 kom Michael Wayne Campbell til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Mike Campell er best kjend for arbeidet han har gjort saman med Tom Petty sitt legendariske backingband The Heartberakers, men i platesamling har han tatt på seg andre utfordringar på Warren Zevon si stjernespekka studioplate Sentimental Hygiene frå 1987, The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991, i tillegg til Johnny Cash sine plater frå American serien Unchained (1996), American III: Solitary Man (2000), American IV: The Man Comes Around (2002), Unearted (2003), American VI: Ain’t No Grave (2010). I 1964 vart Jens Christian Bugge Wesseltoft fødd. Jazzmusikaren Bugge Wesseltoft har håva inn ei rekkje Spelemannsprisar på eiga hand, hjå meg kan han høyrast medan han yt tangenthjelp for Vamp på debutstudioplata God Morgen, Søster frå 1993, og på Flua På Veggen (1998), i tillegg til Di Derre si tredje studioplate Gym, som kom på marknaden i 1996. I 1969 kom Patrick George Wilson til verda i industribyen Buffalo i den amerikanske delstaten New York. Patrick Wilson spelar trommer i Weezer, som i mi platehylle er representert med studioplatene Weezer (The Blue Album) (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) (2001). I 1971 vart Ronald Welty fødd i Long Beach i California. Trommisen Ron Welty spelte i The Offspring frå 1987 til 2003, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998) og Conspiracy Of One (2000). I 1980 var både Horden Comrades Club og Shoreline Club i South Shields vertskap for gladpønkarane i Toy Dolls, to supre konsertar på ein kveld. I 1992 gav The Monkeywrench ut plata Clean As Broke-Dick Dog på plateselskapet Sup Pop Records, same selskap som gjorde Nirvana til verdsstjerner. I 1994 gav Green Day ut si tredje studioplate, Dookie, som sørgja for at bandet fekk fem hittsinglar og klatra så høgt som til andreplass på den renommerte Billboard-lista i USA. I 1995 forsvann Manic Street Preachers sin gitarist, Richey James Edwards, og i ettertid reknar ein det som truleg at dette også er den dagen han omkom etter ein biltur. I 2002 døyde Streamline Ewing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar