16.02.2015

Sekstande februar

Sekstande februar 1916 kom Charles Fowlkes til verda i den amerikanske delstaten New York. Saksofonisten Fowlkes slo seg saman med Count Basie i 1953 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing, som kom på marknaden i 1999. Fowlkers døyde i 1980. I 1959 vart Cèilo De Carvalho fødd i Rio de Janeiro. Perkusjonisten Carvalho har base i Oslo og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993, i tillegg til utvalde spor på Bare Egil Band si sjølvtittulerte debutplate frå 1996. I 1960 var det songane Old Doc Brown, The Fable Of Willie Brown og Smiling Bill McCall som vart festa til rullane av Johnny Cash med band. Plata Ride This Train frå 1960 er rett stad å leite for den som vil høyre desse klassiske Johnny Cash-songane. I 1965 kom David Lombardo til verda i den kubanske hovudstaden Havanna. Trommisen Dave Lombardo var i hine hårde dager med å grunnleggje trash metall-legendene Slayer og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991, samt på studioplata Christ Illution frå 2010. I 1967 vart Damon Reece fødd i London. Trommisen Reece har ei fortid i Echo And The Bunnymen, har spelt mykje med Massiv Attac og er gift med Cockteau Twins-vokalisten Elizabeth Fraser. Hjå meg kan Reece sitt trommespel høyrast på Dr. John si studioplate Anuthua Zone, som kom på marknaden i 1998. I 1971 var Johnny Cash i studio i Nashville i Tennessee og spela inn songen Man In Black som vart tittelsporet på ei plate han gav ut seinare same året. Songen kan også høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1978 kom osingen Vidar Bratlund-Mæland til verda. Kunstnaren Bratlund-Mæland er den eine halvleiken av kultdansebandet FrodeVidars frå Os i Hordaland, som herjar og raljerar vilt med dansebandsjangeren. Plata Gromkillar er på plass i hylla. I 1985 var det gladpønk på Merseyside, då kunne Liverpool University by på konsert med Toy Dolls. I 2004 døyde Doris Troy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar