31.03.2013

Trettifyrste mars

Trettifyrste mars 1935 vart Herbert Albert fødd i Los Angeles i California. Orkesterleiaren Herb Albert er best kjend for trompetspel saman med Tijuana Brass, men er også A’en i A&M Records. Hjå meg kan Albert høyrast med trompetspel på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1944 kom Michael Geoffrey Ralphs til verda i engelske Stoke Lacy. Gitaristen Mick Ralphs er ein av grunnleggarane av dei to syttitalslegendene Mott The Hoople og Bad Company. Sjølv er eg livslang fan av Mott The Hoople og Ralphs sitt elegante gitarspel er sjølvsagt grundig dokumentert i mi platehylle, med platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972) og Mott (1973), i tillegg til Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975. I 1954 vart Tony Brock fødd i engelske Pole. Trommeslagaren Brock sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1955 vart Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Gitaristen og fråhaldsmannen Angus Young er den uniformskledde rockegnomen som har fronta AC/DC sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Mi platehylle inneheld High Voltage (1975), Dirty Deeds Done Deeds Cheap (1976), For Those About To Rock (1981), ’74 Jailbreak (1984), Live From The Atlantic Studios (1997), Let There Be Rock: The Movie (1997), Volts (1997), Back In Black (1980), The Razors Edge (1990) og Black Ice (2008), noko som burde gjere det klart kvifor eg gjerne tek fram luftgitaren til heimekos på seine kveldar. I 1962 kom Jeff Young til verda i Ann Arbor i Michigan. Gitaristen Young har vore innom Megadeth og er best kjend for å spele i metallgeneren. Hjå meg kan Young høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1970 spelte Cornelis Vreeswijk inn Första Vackra Dan I Maj. Songen kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 nytta Led Zeppelin dagen til å gje ut si sjuande studioplate, Precense. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 leverte Twisted Sister eit forrykande show på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar