04.03.2013

Fjerde mars

Fjerde mars 1932 vart Miriam Zenzi Makeba fødd i Johannesburg. Den sørafrikanske songaren og menneskerettsforkjemparen Miriam Makeba sine merittar let seg ikkje summere i kortform, men stikkorda er Grammy, gullplater, President Kennedy og Nelson Mandela. Hjå meg kan du høyre Mama Africa på samleplata The Best Of Miriam Makeba And The Skylarks frå 1994. Makeba døyde i 2008. I 1945 var dette den fyrste dagen i Dieter Meier sitt liv. Meier vart fødd i Zurich og er kjend som stemma i det sveitsiske syntbandet Yello. Hjå meg kan Meier høyrast på studioplatene You Gotta Say Yes To Another Excess (1983), Stella (1985), One Second (1987), Flag (1988), Baby (1991) og Zebra (1994). I 1947 kom den norske jazzsaksofonisten Jan Garbarek til verda på Mysen, eit vegkryss rundt ein travbane i Østfold, og som elles berre er kjend for å arrangere tivoli og marknad ein gong i året. I mi platehylle er Garbarek representert med plata Legend Of The Seven Dreams frå 1988. Garbarek sitt mjuke saksofonspel kan også nytast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1948 vart Christopher Russel Edward Squire fødd i London. Bassisten Chris Squire er den einaste musikaren som spelar på alle Yes sine album og hjå meg kan han høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Robert Allen Deal til verda i Huntington i Indiana. Gitaristen Mick Mars spelar til dagleg i Mötley Crüe. Mars har i mange år slitt med skranglande helse, men stilte med ny hofte til konserten i Bergenshallen i 2009 og overbeviste med glitrande gitarspel. Hjå meg kan Mars høyrast på studioplatene Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain frå 1985, i tillegg til samleplata Classic Mötley Crue. I 1963 vart Jason Curtis Newsted fødd i Battle Creek i Michigan. Bassisten Jason Newsted erstatta Cliff Burton i Metallica og forlet bandet av eiga vilje i 2001. Hjå meg kan Newstedt høyrast på platene …And Justice For All (1988), Metallica (1991) og Load (1996). I 1968 vart Evan Griffin Dando fødd i Boston i Massachusetts. Evan Dando er einaste gjenværande originalmedlemmen i Lemonheads og i mi platehylle kan han høyrast på debutplata Hate Your Friends frå 1987. I 1981 var Toy Dolls i Newcastle og spelte på Cooperage. I 1983 var det Feltham Football Club i London som var vertskap når Toy Dolls spelte. I 1986 døyde Richard Manuel. Same dag kunne Toy Dolls opplevast i den svenske hovudstaden, Birkegarden var namnet på Stockholm-scenen der det hendte. I 1992 spelte The Allman Brothers Band andre og siste av to konsertar i Orpheum Theathre i Boston. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom ut seinare same året. I 2004 døyde John McGeoch.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar