29.03.2013

Tjueniande mars

Tjueniande mars 1943 kom Eric Idle til verda i engelske South Shields. Komikaren Idle gjorde seg kjend som ein av skodespelarane i den elleville truppen Monty Python, som herja fjernsynsskjermar og filmlerret frå slutten av sekstitalet og utover. Idle er mannen bak dei fleste av komikargjengen sine songar og hjå meg kan han høyrast saman med resten av gjengen på ustyrteleg morosame samleplata Monty Python Sings frå 1998. I 1949 vart Michael Leonard Brecker fødd i Cheltenham i Pennsylvania. Saksofonisten Michael Brecker vert rekna som ein av dei mest markante saksofonistane på jazzscena sidan John Coltrane. Hjå meg kan Brecker høyrast på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Brecker døyde i 2007. I 1959 vart Peretz Bernstein fødd i bydelen Queens i New York City. Perry Farrell var vokalist og leiar for det amerikanske alternativbandet Jane’s Addicition og mi platesamling byr på debutplata Nothing’s Shocking frå 1988. Farrell har også vore med i band som Porno For Pyros og er grunnleggjaren av den omreisande festivalen Lollapaloza. I 1960 vart forfattaren, musikaren og MFK-patrioten Jo Nesbø fødd i Oslo. Jo Nesbø var den kreative krafta i Di Derre og har såleis ei meir framtredande rolle i platehylla, Den Derre Med Di Derre (1993), Jenter & Sånn (1994) og Gym (1996), enn i bokhylla mi. I London kom Stephen Street til verda. Produsenten Street er i mi platehylle kreditert for å programmere trommemaskiner på The Smiths si studioplate Strangeways Here We Come frå 1987, ei plate Street også produserte, saman med Morrisey og Marr. I 1967 kom John Popper til verda i Cleaveland i Ohio. Munnspelvirtousen Popper sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Dave Matthews Band si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. I 1969 vart Jason Rebello fødd. Pianisten Rebello sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1973 gjekk Gasolin’ i Rosenbergstudioet i København og spelte inn songen Som Et Streif Af En Dråbe. Produsent var Freddy Hanson. I 1974 slepte Mott The Hoople si sjuande studioplate, som fekk den fantasifulle tittelen The Hoople. I 1980 slepte Billy Joel plata Glass Houses, ei av dei betre produkta frå hans side. I 1982 var dagen ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldige platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelte og sang var sjølvsagt bandet som framleis kallar seg for Iron Maiden. I 1985 spelte Violent Femmes på The Oriental Theater i Milwaukee. Ein radioreklame for showet kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen. I 2001 døyde John Lewis. I 2006 gjekk jazzmusikaren Don Alias bort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar