21.03.2013

Tjuefyrste mars

Tjuefyrste mars 1914 vart Joseph Francis Burke fødd i Scranton i Pennsylvania. Plateprodusenten Sonny Burke er kreditert for å spele piano på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. Burke døyde i 1980. I 1944 kom David Perry Lindley til verda i San Marino i California. Allsidige David Lindley er musikaren som alle liker å samarbeide med og hjå meg kan han hørast medan han trakterar diverse insttrument på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå 1974, og medan han spelar saksofon på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. Lindley kan også finnast kredittert som Perry Lindley. I 1950 vart Charles Roger Pomfret Hodgson fødd i Portsmouth. Gitaristen og songaren Roger Hodgson er ein av grunnleggjarane av Supertramp, og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Crisis? What Crisis? frå 1975. I 1951 kom Conrad Lozano til verda i Los Angeles i California. Bassisten Lozano er sentral i Los Lobos, men hjå meg kan han høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1952 kom Andrew Maynard Parker til verda i Cheshunt. Andy Parker slo seg saman med resten av UFO som syttenåring i 1969, og han har vore fast medlem av bandet fram til i dag, med unnatak av eit opphald i perioden 2005-2007, då han, av medisinske årsaker, var tvungen til å gje frå seg trommestolen i bandet til Jason Bonham. Eg var heldig og fekk både sjå og høyre Parker då UFO varma opp for Twisted Sister i Drammenshallen i 1986, og platehylla mi byr på plata Obsession frå 1978. I 1960 vart Dominic Miller fødd i Buenos Aires. Gitaristen Miller kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1961 vart Robert Lee Sweet fødd i Lynwood i California. Robert Sweet er trommis i Stryper og er hjå meg representert med plata To Hell With The Devil, uvisst av kva årsak. Miles Davis nytta dagen i Columbia 30th Street Studio i New York og spela inn låtane Teo, I Thought About You og Blues No 2. Alle tre spora kan høyrast på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1967 kom Keith Palmer til verda i Peterborough på den engelske austkysten. Dansaren Maxim Reality er best kjend for arbeidet han har gjort med The Prodigy og kan i mi platehylle høyrast medan han syng på platene Music For The Jilted Generation (1994) og The Fat Of The Land (1997). I 1982 var Newcastle Polytechnic vertskap for Toy Dolls. I 2005 slepte Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze, bak spakane i kontrollrommet sat superprodusent Joe Barresi. I 2011 døyde Pinetop Perkins.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar