16.04.2011

Trettande april


Trettande april 1952 kom bluegrassartisten Sam Bush til verda. Bush vert rekna som grunnleggaren av musikkstilen Newgrass og han spelar mandolin i fleire band i tillegg til sitt eige Sam Bush Band. Saman med supergruppa Telluride kan han hjå meg høyrast på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1954 var dette dagen James Destri kom til verda i New York. Destri nyttar til vanleg førenamnet Jimmy og spelar keyboard i Blondie. I 1966 kom gitaristen Marc Ford til verda. Ford var kjend for å leike med strengane i The Black Crows, men har no fôrlete sørstatsrockarane for godt i von om å halde seg edru og for å pleie solokarrieren si. I 1968 spelte Janis Joplin og Big Brother And The Holding Company i Winterland i San Francisco. Songen Farewell Song kan høyrast på ei samleplate med same namn (1982) og produsent var John Simon. I 1992 gjorde Iron Maiden singelen Be Quick Or Be Dead frå plata Fear Of The Dark tilgjengeleg, og platekjøparane sin respons løna dei med ein solid tredjeplass på listene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar