16.04.2011

Sekstande april


Sekstande april 1946 vart den indianske musikaren Raymon Carlos Nakai fødd i universitetsbyen Flagstaff i fjella i Arizona. Fløytespelande Nakai sitt bidrag til mi platehylle heiter Canyon Triology og kom på marknaden i 1989. Plata byr på tradisjonell indiansk musikk frå Grand Canyon-området og var den fyrste i sin sjanger som selde til gull i USA. I 1947 kom trommeslagaren Lee Kerslake til verda i badebyen Bournemouth på den engelske sørkysten. Kerslake har lang fartstid i urrockarane Uriah Heep, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live på Maxime i Bergen vinteren 1989, og som sjølvsagt er rikeleg representert i mi platesamling. Kerslake kan i mi platesamling også finnast bak trommesettet på fleire innspelingar med ein annan av mine store heltar, Ozzy Osbourne. I 1952 vart Charles Jeremy Jankel fødd i Stanmore. Chaz Jankel er musikar som trakterte både gitar og keyboards for Ian Dury. I 1967 slepte Aretha Franklin singelen Respect, som toppa både pop- og R&B-listene. I 1969 spelte Grand Funk Railroad inn songane High On A Horse og Heartbreaker for bruk på plata On Time, som vart tilgjengeleg seinare same året. I 1999 gav Tom Waits ut plata Mule Variations, som er eit fantastisk album, trygt inne på Rolling Stone Magazine si liste over fem hundre beste album. Jazzgitaristen Gregory ”Smokey” Hormel er ein av artistane, som gjennom sitt strengespel, gjer denne plata til ei oppleving. Hormel kan også høyrast som ein del av Beck sitt band.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar