16.04.2011

Femtande april


Femtande april 1944 vart den walisiske rockaren Dave Edmunds fødd i den walisiske hovudstaden Cardiff. Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar og han er grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I mi platehylle finn ein plata Rockin’, ei samleplate frå 1997. Edmunds kan også høyrast med vokalhjelp og gitarspel på songen Cry Baby på Stray Cats si plate Choo Choo Hot Fish frå 1992, ei plate Edmunds også produserte. I 1948 kom Phillip John Mogg til verda i Wood Green. Phil Mogg var ein av grunnleggjarane av UFO og er einaste musikar som er med på alle platene bandet har slept. I 1974 vart Lynyrd Skynyrd si plate Second Helping tilgjengeleg for platekjøparane på denne dagen. I 1989 slepte W.A.S.P. plata The Headless Children. Frankie Banali har erstatta Steve Riley på trommene og Uriah Heep-legenda Ken Hensley er på plass bak keyboardet. Ein W.A.S.P.-versjon av The Who-låta The Real Me, tittelkuttet, Mean Man og Forever Free kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 2001 nytta Joey Ramone denne dagen til å trekkje det siste andedraget sitt. Gjennom å vere vokalist og ein av grunnleggarane av Ramones er hans bidrag til all slags god musikk uvurderlig og det er ikkje tvil om at han vert sakna av alle som likar ekte rock’n roll.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar