16.04.2011

Ellevte april


Ellevte april 1950 fekk verda ein bassist som lydde namnet Tom Hill. Newcastle-fødde Hill, som også har dubba stemma for den engelske versjonen av frukostblandinga Frosties, kan i mi platesamling høyrast på plata Can You Do It med Geordie. I 1962 kom skodespelaren Vincent Gallo til verda. Gallo har innimellom filminnspelingane teke seg tid til å spele inn litt musikk, plata When frå 2001 er på plass i platehylla. I 1966 vart Lisa Stainsfield fødd i Nord-vest England. I 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen. Kjeldene mine hevdar at dei spelte både i Hollywood Palladium og Civic Auditorium i Santa Cruz i California denne fredagen. Kan hende spelte dei unge og energiske pønkarane begge stader eller kan hende er det nokon som rotar med datoane i materialet sitt. I 1988 gav Neil Young ut plata This Note’s For You på sitt faste plateselskap, Reprise Records. Produsent var Young sjølv, saman med Niko Bolas. I 2006 gav Judas Priest ut samlinga The Essential Judas Priest, ein dobbel CD med trettifire av dei grommaste låtane bandet har spela inn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar