23.06.2010

Tjuetredje juni

Tjuetredje juni 1929 kom June Carter Cash til verda med fullt namn Valerie June Carter. June hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family, men er for dei fleste best kjend for eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemmanen, men ho har pleia si eige karriere som låtskrivar og har mellom anna skrive teksten til songen Jackson som ho framfører saman med Johnny Cash. I tillegg deltek ho som kordame på fleire av ektemannen sine innspelingar og ho er også representert i mi platehylle med samlinga Collections der ho syng duettar med Johnny Cash. I 1958 vart ein av rockens største klyser, tidlegare W.A.S.P.-gitarist Chis Holmes fødd som Christopher John Holmes. Karriera hans etter at han forlet eller vart sparka frå W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedandpeikande kurve og det er klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1998 nytta Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar