21.06.2010

Tjuande juni

Tjuande juni 1942 vart verdas framste strandgut, Brian Wilson, fødd i Hawthorne i solrike California. Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys plater eig eg også ei av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002 og sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men endte i mange år opp som eit uutgjeve spor før det enda opp på Odds & Sods. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på liveplata Nine Tonight som kom ut i april året etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar