15.06.2010

Femtande juni

Femtande juni 1937 er dagen countryartisten Waylon Jennings vart fødd i Littlefield i skytegale Texas. Jennings var kompis med Buddy Holly og har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist, han var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman som så langt er Jennings sitt einast bidrag i mi platehylle. Jennings døyde av diabetes i 2003. I 1946 kom glamstjerna Noddy Holder til verda i Walsall i Staffordshire. Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Eg har fleire Sladeplater som eg tek fram og høyrer på i nostalgiske augneblinkar, spesielt liveplata Slade Alive frå 1972 rockar ei gamal sjel. I 1956 var dette fødselsdagen til den kanadiske songaren Bernie Shaw. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1980 fekk Bob Seger songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar