02.03.2017

Andre mars

Andre mars 1922 vart Eddie Davis fødd i New York City. I mi platehylle er Lockjaw kreditert for å traktere tenorsaksofon for Count Basie på samleplata Atomic Swing frå 1999. Lockjaw Davis døyde i 1986. I 1936 kom Buell Neidlinger til verda i Westport i konservative Connecticut. Cellisten Neidlinger kan hjå meg høyrast medan hans stryk strengane på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1942 vart Lewis Allan Reed fødd i Brooklyn i New York City. Samuraien Lou Reed vart rekna som ein av rocken sine meir eksentriske innslag, og vart kjent for det platekjøpande publikum gjennom kultbandet The Velvet Underground, som på si side kan takke kunstnaren Andy Warhol for det meste av sin suksess. Reed har sidan 1971 hatt ei solokarriere som har resultert i ei rekkje plater og i mi platehylle finn ein, forutan den nesten obligatoriske samleplata frå tida i The Velvet Underground, The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed, i tillegg til soloplatene, med klassikaren Transformer (1972) i spissen, i tillegg til interessante, men ikkje like sterke Mistral (1986), Magic And Loss (1992), og konsertplata Live In Concert (1984). Og det heile er sjølvsagt oppsummert med ei samleplate, The Very Best Of Lou Reed (1989). Reed døyde i 2013. I 1945 kom Derek Roy Watkins til verda i engelske Reading. Trompetisten Derek Watkins er best kjend for å ha spelt på tittlesporet til alle James Bond-filmane frå Dr. No i 1962 til Skyfall, som traff kinolerreta i 2012. I mi platehylle kan Watkins sin trompet høyrast på eitt av spora på Tom Jones si studioplate Reload frå 1999. Watkins døyde i 2013. I 1948 vart William Rory Gallagher fødd i irske Ballyshannon. Gitaristen Rory Gallagher vart rekna som ein av Europa sine mest talentfulle gitaristar og har inspirert utallige unge kvinner og menn til å leika med strengane. Mi platehylle inneheld studioplata Calling Card frå 1976, og samleplata Big Guns. The Very Best Of, som vart kom på marknaden i 2005. Gallagher døyde av skrumplever i 1995. I Torrance i California kom Larry Eugene Carlton til verda. Gitaristen Larry Carlton, med fleire ettertrakta Grammy-statuettar, sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på platene Diamonds & Rust, som var Joan Baez sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976, og Off The Wall som Michael Jackson slepte i 1979, samt utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits som kom på marknaden fyrste gongen i 1982. I 1956 vart Mark Whitmore Evans fødd i olympiabyen Melbourne i Australia. Bassisten Mark Evans spelte i AC/DC frå 1975 til 1977. Hjå meg kan Evans høyrast på platene High Voltage frå 1975 og Dirty Deeds Done Dirt Cheap frå 1976, samt hyllinga av Bon Scott, 74 Jailbreak frå 1984, og utvalde spor på samleplata Volts, som kom på markanden i 1997. I 1961 kom Leif-Arne Bergvin Nilsen til verda i Stavanger. Gitaristen Leif Nilsen er i dag Leif i bandet Leif & Komponistane, hjå meg høyrer du han som trommis for Mods på plata Originaler, som er ei dobbel samling av platene Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1962 kom John Francis Bongiovi Jr. til verda i New Jersey. Jon Bon Jovi er sjef i eige band og har selt mange millionar plater verda over. I 1977 vart Christopher Anthony John Martin til verda i Exeter. Chris Martin er songar og multiinstrumentalist i Coldplay. I mi platehylle står plata X&Y frå 2005. I 1980 sa T.V.C Club i Middlesbrough velkomen til Toy Dolls. I 1982 var det gruvebyen Durham og Brewers Arm som husa Toy Dolls. I 1983 var turen komen for Golden Eagle i Birmingham for å vere vertskap for Toy Dolls. I 1986 spelte Toy Dolls for dei frammøtte på Stadshotellet i Mariestad i Sverige. I 1991 døyde Serge Gainsbourg. I 1993 Living Colour si tredje studioplate, Stain. I 2004 slepte Cheap Trick den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 2008 døyde Jeff Healey.

01.03.2017

Fyrste mars

Fyrste mars 1929 kom Eddie Jones til verda i Greenwood i Mississippi. Bassisten Jones fekk innpass i Count Basie sitt orkester i 1953, men sa takk for seg i musikkindustrien så tidleg som i 1962. I mi platehylle kan Jones sitt arbeid høyrast på Count Basie si plate Atomic Swing, som kom på marknaden i 1999. Jones døyde i 1997. I 1930 vart Benny Powell fødd i ved Mississippi-elva sin munning i New Orleans i Louisiana. Trombonisten Powell kan i mi platehylle høyrast som ein del av Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing frå 1999. Benny Powell døyde i 2010. I 1941 kom Alice Preves til verda i Louisville i Kentucky. Violinisten Preves spelte fast med St. Paul Chamber Orchestra i meir enn førti år, hjå meg kan fiolinspelet hennar høyrast på Janet Jackson si studioplate The Velvet Rope frå 1997. Preves døyde i 2006. I 1944 kom Roger Harry Daltrey til verda i eit London som levde i konstant frykt for hardt bomberegn frå tyske bombefly. Songaren Roger Daltrey har vore frontfigur for The Who sidan byrjinga på fyrste halvleik av sekstitalet. Mod-ikona i The Who var med å setje ord på etterkrigstidas urbane arbeidarklasseungdom sine frustrasjonar og det var røysta til Daltrey som var best eigna til å framføre gitarist Pete Townsend sine smått surrealistiske metaforar. Hjå meg kan Daltrey høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971), og Who Are You (1978), filmusikken The Kids Are Alright (1979), og samleplatene Odds & Sods (1974), The Who og My Generation The Very Best Of The Who (1996). I 1952 vart Bernhard Potschka fødd i tyske Würzburg. Gitaristen Potschka er best kjend for å spele med Nina Hagen og kan i mi platehylle høyrast på plata Unbehagen frå 1979. I 1957 signerte Buck Owens for Capitol Records, og grunnlaget var lagt for eit fruktbart samarbeid. I 1963 vart Berndt Weidung fødd i tyske Koblenz. Songaren Thomas Anders var frontmann i Modern Talking og hjå meg kan han høyrast på den berykta studioplata som lova at dei var attende for godt, Back For Good frå 1998. I 1968 spelte Janis Joplin saman med Big Brother And The Holding Company i Grande Ballroom i bilbyen Detroit i Michigan. Songen Magic Of Love kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Produsent var John Simon. I 1969 vart Dafydd Ieuan fødd i Bangor i Wales. Dafydd Ieuan tenar til vanleg til livets opphald som trommeslagar i det walisiske bandet Super Furry Animals. Ieuan kan i mi platehylle høyrast på studioplata Love Kraft (2005) og på samleplata Songbook: The Singles Vol. 1 (2004). I 1972 gav Deep Purple ut si sjette studioplate, Machine Head. Plata vert rekna som bandet si mest suksessfulle, inneheld klassikaren Smoke On The Water, og har inspirert generasjonar av hardrockarar og luftgitaristar over heile verda. I 1974 døyde Bobby Timmons. I 1976 kom Andreas Mjøs til verda i Noregs eldste by, Tønsberg. Plateprodusenten Mjøs er i mi platehylle kreditert for å traktere ei rekkje instrument på Anne Grete Preus si plate Alfabet frå 2001. I 1982 var karane i Toy Dolls attende i London og spelte på Old Twenty Nine. I 1985 nytta Toy Dolls dagen til å spele to konsertar på Mayfair i Newcastle, ein for dei under atten år og ein for dei med stemmerett og lovleg tilgjenge til alkoholservering. To konsertar på ein kveld må ha vore tungt for Pete Zulu, for etter dette forlèt han bandet for andre gong og denne gongen for godt. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Kulturs i Jönköping. I 1993 platedebuterte The Cranberries med ein platetittel formulert som spørsmålet Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We? I 2001 kom Madrugada si andre studioplate, The Nightly Disease, og nok ein gong gjekk bandet frå Stokkmarknes til topps på dei norske platelistene.

28.02.2017

Tjueåttande februar

Tjueåttande februar 1927 kom Donald Hugh Helms til verda i New Brockton i Alabama. Steelgitaristen Don Helms spelte frå starten av karrieren i 1942 med store namn som Hank Williams, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash (1958), Hymns By Johnny Cash frå 1959, og Now There Was A Song frå 1960. Helms døyde i 2008. I 1940 vart Joseph Alfred Souther fødd i Atlanta i Georgia. Gitaristen Joe South er kanskje best kjend for å plage radiolyttarar med songar som Games People Play, og som komponisten av countrysviska Rose Garden, men i mi platesamling kan han nytast som ein av Bob Dylan sine musikarar på Blonde On Blonde frå 1966, samt på utvalde spor på på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1., som Aretha Franklin slepte i 1994. South døyde i 2012. I 1942 kom Wilfred Gibson til verda i den engelske småbyen Dilston. Fiolinisten Gibson spelte ein kort periode frå 1972 til 1973 i Electric Light Orchestra og i mi platehylle kan ein høyre arbeidet hans på samleplata Greatest Hits frå 1979. Gibson sitt fiolinspel kan også nytast på Londonbeat si plate In The Blood frå 1990, samt på eitt av spora på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. Gibson døyde i 2014. I 1948 vart Geoff Nichols fødd i engelske Birmingham. Tangentmannen Nichols har hatt eit langt og fruktbart samarbeid med Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata The Eternal Idol frå 1987, på utvalde spor på samleplata Between Heaven And Hell (1995), i tillegg til fleire spor på diverse andere samleplater. I 1952 kom Ed Manion til verda. Eddie «Kingfish» Manion har spela saksofon for store namn som Bruce Springsteen og Diana Ross, og hjå meg kan han høyrast på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1957 kom Cynthia Leigh Wilson i universitetsbyen Athens i Georgia. Cindy Wilson er vokalist og originalmedlem i New Wave-bandet B52s, som oppstod i det kreative miljøet rundt universitetet i heimbyen. Wilson er også syster til eit anna originalmedlem, Richy Wilson. Hjå meg kan Cindy Wilson høyrat på studioplatene Wild Planet (1980) og Cosmic Thing (1989), i tillegg til samleplata Dance This Mess Around-The Best Of The B52s (1990). I engelske High Wycombe vart Ian Christopher Stanley fødd. Tangentmannen Ian Stanley var tidlegare medlemm av Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på den storselgjande studioplata Songs From The Big Chair frå 1985. I 1966 kom Edward Shearmur til verda i London. Klassisk skolerte Ed Shearmur komponerar til dagleg filmmusikk for Hollywood-produksjonar, men trakterat gjerne keyboards i festleg lag. Resultata frå eit slikt festleg lag kan i mi platehylle høyrast på Bryan Adams si soloplate Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1982 var Toy Dolls klar for å erobre London. Staden heit Skunk. I 1983 kom plata Subterranean Jungle frå Ramones. Plata vart produsert av Ritchie Cordell og Glenn Kolatin og innspelinga gjekk føre seg i studioet Kingdom Sound på Long Island i staten New York. Songane Psycho Therapy og Outsider kan også høyrast på samleplata Ramones Mania. Dagen bydde også på plateslepp på den andre sida av Atlanteren, U2 nytta høve til å sleppe si tredje studioplate, War, laus på den platekjøpande delen av folkesetnaden. I 1985 var Rotters i Doncaster vertskap for Toy Dolls. Same dag døyde David Byron. I 1986 fekk våre gamle unionskameratar i Sverige vitjing av Toy Dolls, det hendte på Ying Och Yang i Gävle. Same dagen fullførde AC/DC innspelinga av ein promovideo for Who Made Who. Regissør var David Mallet. I 2010 døyde Tom «T-Bone» Wolk.

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1920 kom Abraham Most til verda i New York City. Klarinettisten Abe Most sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på tittelsporet på Toni Mitchell si kritikarroste studioplate Hejira frå 1976, og på Madonna si soundtrack-plate I’m Breathless frå 1990, der han trakterar både klarinett og saksofon. Most døyde i 2002. I 1945 vart Carl Anderson fødd i Lynchburg i Virginia. Songaren Anderson vert helst hugsa for rolla som Judas i Broadway-oppsetjinga av Jesus Christ Superstar. I mi platehylle kan Anderson høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på eitt spor på Weather Report si samleplate Collections frå 2008. Andeson døyde i 2004. I San Juan, den største og viktigaste byen på Puerto Rico, kom Danny Rivera til verda. Songaren Rivera er kjend over heile den spansktalande delen av verda, hjå meg kan du høyre røysta hans på plata Songs From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997. I 1951 kom Stephen Malcolm Ronald Nice til verda i London. Steve Harley har, saman med Cockney Rebel, produsert ei rekkje store hits opp gjennom tida, og er best kjend for Make Me Smile (Come Up And See Me), Sebastian og ein rimeleg bra versjon av George Harrison sin Here Comes The Sun. I mi platehylle er det meste av det best frå Steve Harley & Cockney Rebel samla på samleplata The Very Best Of. I 1954 vart Neal George Joseph Schon fødd på ein av det amerikanske flyvåpenet sine basar i preriestaten Oklahoma. Gitaristen Neal Schon er den einaste som har spela på alle Journey sine studioplater, og hjå meg kan du høyre gitarspelet hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda i ein av London sine austlege bydelar. Adrian Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999, men er i dag attende i gjengen som underheldt bergenserar og tilreisande på Koengen i august 2010 og juni 2014. Hjå meg høyrer du Smith sitt gitarspel på studioplatene Killers (1981), The Number Of The Beast (1982), Piece Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo frå 2012. I 1960 vart John Roy Van Zant fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Songaren Johnny Van Zant er yngre bror av Lynyrd Skynyrd-grunnleggjaren Ronnie Van Zant, og då denne omkom i eit flykrasj i 1977, overtok han like gjerne broren si rolle som frontfigur for sørstatsrockarane då desse tok opp att turnelivet i 1987. Hjå meg kan Johnny Van Zant høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997). I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart Ewen Vernal fødd i skotske Glasgow. Bassisten Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown (1987) og Fellow Hoodlum (1991). I 1981 vart Noam Pikelny fødd i Chicago i Illinois. Banjoguruen Pikelny kan hjå meg høyrast på k.d. Lang si plate Watershed frå 2008. Same dag gav The Who ut singelen You Better You Bet, som klatra så høgt som til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1995 var det klart for plateslepp for PJ Harvey si tredje studioplate To Bring You My Love. Plata vart ung Polly Jean si gjennombrottsplate. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”, utan at nokon treng kjenne det som eit personleg kall. I meir heimlege trakter nytta Bel Canto dagen til å sleppe plata Magic Box.

26.02.2017

Tjuesjette februar

Tjuesjette februar 1928 kom Antoine Dominique Domino Jr. til verda i New Orleans i Louisiana. Fats Domino var ein av pionerane innen rock n’roll og har spelt seg inn i alles hjarter med songar som Blueberry Hill og Ain’t That A Shame. Domino fekk heimen rasert av orkanen Katrina og slit i dag med skral helse, men opptrer likevel med ujamne mellomrom. Hjå meg finn du Domino sitt pianospel på samleplata De Beste Sangene. I 1932 vart John R. Cash fødd i Kingsland i Arkansas. Johnny Cash er kjent som The Man In Black og skal ha spela inn og gjeve ut meir enn fem tusen innspelingar på eit utal plater i så ulike sjangrar som rock, country og gospel. Cash sitt andre ekteskap var med songarinna June Carter, noko som var medverkande til at han heldt seg høveleg nykter i siste del av livet. Siste del av karrieren hans er prega av det suksessfulle samarbeidet med superprodusenten Rick Rubin, som gav The Man In Black ein solid renesanse. Heime hjå meg står meir enn tretti originaltitlar på rekke og rad og prydar platehylla, og fleire vert det nok, for Johnny Cash er ein artist eg aldri vert lei av. Cash døyde i 2003. I 1950 kom Jonathan Leonard Friga til verda i Chicago i Illinois. Jonathan Cain er kjend for å ha traktert gitar, med meir, i Journey og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1962 kom Gota Yashiki til verda i den japanske miljøbyen Kyoto. Gota spelar trommer i Simply Red og kan hjå meg høyrast på bandet si fjerde studioplate Stars frå 1991. Yashiki er også kreditert for loops på Melissa Etheridge si plate Skin frå 2001, og han fekk også vere med då Simply Red hjelpte Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1971 kom Erica Abi Wright til verda i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Erykah Badu vert referert til som Queen Of Neo-Soul og platedebuterte i 1997 med plata Baduizm, seinare kom konsertplata Baduizm-Live (1997), som begge står som solide bidrag til mi platehylle. I 1980 kunne Toy Dolls nytast i Alexandra Ballroom i Sunderland. I 1983 var turen komen for ein konert med Toy Dolls i Traders Hall i Consett, og The Cramps gjorde andre konsertkvelden på rad på The Peppermint Lounge. Det beste frå denne konserten kan høyrast på konsertplata The Smell Of Female, som kom på marknaden seinare same året. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på King Georges Hall i Blackburn.

25.02.2017

Tjuefemte februar

Tjuefemte februar 1919 vart Fred Katz fødd i New York City. Jazzmusikaren Katz har ei mangslungen karriere med cello og piano mellom hendene, og underviste i etnisk musikk ved California State University i Fullerton i meir enn tretti år. I mi platesamling kan Katz høyrast medan han spelar cello på Bob Dylan si smått fantastiske, og akk så undervurderte plate med filmmusikken til filmen Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1937 kom Don Schwartz til verda i New York City. Tangentmannen Don Randi er i mi platehylle kreditert for å traktere både piano og hapsikord på Buffalo Sprinfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1943 kom George Harrison til verda i hamnebyen Liverpool. Harrison var gitarist i The Beatles og har i ettertid gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg kan Harrison høyrast som medlem av modergruppa The Beatles på samleplata Anthology 1, som kom på marknaden i 1995, på utvalde spor på Bob Dylan si triple samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991, og med både song og gitarspel på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. Harrison var også initiativtakaren til supergruppa The Travelling Wilburys som hadde stor suksess for ei tid tilbak. Harrison døyde av lungekreft i 2001. I 1947 vart Douglas Alan Yule fødd på Long Island i New York City. Doug Yule spelte i Velvet Underground frå 1968 til 1973 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. I 1949 vart Frank ”Poncho” Sampedro fødd i West Virginia. Poncho Sampedro er gitarist i Crazy Horse og i mi platehylle kan han høyrast medan han hjelp kompisen Neil Young med gromlyd frå både orgel og gitar på platene Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981), This Note’s For You (1988) og Sleeps With Angels frå 1994, samt utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som kom på marknaden i 1998. I 1957 kom Stuart John Wood til verda i skotske Edinburgh. Woody har gjort teneste som både gitarist og bassist i tyggisbandet Bay City Rollers. Hjå meg kan Woody høyrast på samleplata The Magic Collection, som ikkje er spesielt magisk. I 1962 vart Brian Baker fødd i Washington D.C. Gitaristen Baker er kjend frå Minor Threat og Bad Religion og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar og korar på sistnemnde si plate No Substance frå 1998. I 1972 slepte Nick Drake si tredje, og siste, studioplate, Pink Moon. I 1973 vart Jon Rasmus Sjøen fødd i Haugesund. Jon Sjøen var bassist i Kaizers Orchestra frå starten og fram til 2003 og hjå meg finn du hans bidrag til populærkulturen på platene Ompa Til Du Dør (2001) og Evig Pint (2003). I 1973 gav Alice Cooper ut plata Billion Dollar Babies, produsent var Bob Ezrin, og plata gjekk til topps på listene både i England og USA. I 1977 vart Sarah Jane Ferridge fødd i London. Sarah Jezebel Deva er best kjend som den kvinnelege songaren i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 vart Heaton Buffs Club invadert av ivrige Toy Dolls-fans. Klubben låg trygt plassert i den største byen i Nordaust-England, Newcastle upon Tyne. Same dag gav Bob Seger ut plata Against The Wind saman med resten av The Silver Bullet Band. I 1982 vert dagen hugsa for at Iron Maiden starta oppvarminga til den komande Beast On The Road turneen med tjue konsertar i heimlandet. I 1983 bydde datoen på konsert med Toy Dolls på Porterhouse i Retford, og The Cramps stod på scenen i The Peppermint Lounge i New York City. Denne konserten var den fyrste av to som er utgangspunktet for konsertplata The Smell Of Female, som kom seinare same året. I 1984 kom Luisa Hanae Matsushita til verda i brasilianske Campinas. Lovefoxx si vakre røyst kan i mi platehylle høyrast på Primals Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1985 slepte Tears For Fears si andre studioplate, Songs From The Big Chair. I 1990 gav dei australske miljøaktivistane i Midnight Oil ut plata Blue Sky Mining. I 2002 slepte Alanis Morissette si femte studioplate, Under Rug Swept. I 2006 døyde Thomas Koppel. I 2008 slepte Sony Music Weather Report si samleplate Collections, ei plate som inneheld høgdepunkta av det bandet gjorde musikalsk i perioden 1971 til 1983.

24.02.2017

Tjuefjerde februar

Tjuefjerde februar 1902 vart Donald Firth Law fødd i London. Produsenten Don Law produserte ei rekkje av Johnny Cash sine tidlege plater, mellom anna Ride This Train frå 1960. Law døyde i 1982. I 1933 kom David Newman jr. til verda i Corsicana i skytegale Texas. Saksofonisten David «Fathead» Newman er i mi platehylle kreditert for å spele på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. Newman døyde i 2009. I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Paul Jones var med å starte The Blues Band i 1979, han hadde tidlegare gjort seg merkt som vokalist i, mellom anna, meir kjende Mannfred Mann. Hjå meg kan Jones høyrast på The Blues Band sine plater Official Blues Band Bootleg Album (1980), Ready (1980), Itchy Feet (1981) og Brand Loyality (1982). I 1944 vart Nicholas Christian Hopkins fødd i Perivale nord i London. Tangentmannen Nicky Hopkins starta karrieren på sekstitalet og er kjend for mellom anna å ha spela med Rolling Stones. Hjå meg kan Hopkins sitt arbeid høyrast på studioplata Who’s Next, som The Who slepte i 1971, og på samleplatene The Best Of Carly Simon frå 1975, og Jump Back – The Best Of The Rolling Stones, som Rolling Stones slepte i 1993. Hopkins døyde i 1994. I 1947 kom Bob Magnusson til verda i den amerikanske delstaten New York. Bassisten Magusson skal ha delteke på meir enn 1500 musikkinspelingar, dei fleste innom jazzsjangeren. Hjå meg kan Magnusson sitt basspel høyrast på plata I’m Breatless, som Madonna slepte i 1993. I 1950 vart gitaristen George Thorogood fødd i Wilmington. Delaware-stasjonerte Thorogood har sidan 1974 hamra feite riff og dårlege vitsar laus på uskuldige tilhøyrarar og er best kjend for slageren Bad To The Bone, som har vore nytta som filmmusikk i fleire filmar enn eg kan telje på begge hender. Hjå meg er Thorogood representert med to gode samlingar, The Baddest Of George Thorogood And The Delaware Destroyers (1992) og The George Thorogood Collection, som dekkar det meste og det beste, eller det verste, som mannen sjølv ville sagt, av det han har gjort saman med The Delaware Destroyers. I 1951 vart bassisten Steve Dawson fødd i den engelske stålbyen Sheffield. Dawson er ein av grunnleggjarane av det engelske hardrockbandet Saxon, og i mi platesamling kan han høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1962 kom Michelle Karen Johnston til verda i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Alternativdronninga Michelle Shocked er hjå meg representert med studioplata Captain Swing frå 1989, og Arkansas Traveller, som kom på marknaden i 1992, i tillegg kan ho høyrast med hjelpevokal på Billy Bragg si plate Workers Playtime frå 1988. I 1969 hadde Johnny Cash teke turen San Quentin State Prison i California for å spele for dei mange innsette. Ein konsert som seinare vart tilgjengeleg for platekjøparane og vert rekna som ein av dei beste fengselskonsertane nokon sinne. I 1972 vart Noah Charles Bernardo Jr. fødd. Multuinstrumentalisten Wuv Bernardo er ein av grunnleggjarane av det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan i mi platehylle høyrast på plata Testify frå 2006. I 1973 kom Robin Douglas Jones til verda i Skotland. Robin Jones var trommis for The Beta Band og hjå meg kan han høyrast på samlinga The Three E.P.’s, som inneheld dei tre fyrste E.P.ane bandet slepte og kom på marknaden i 1998. I 1976 vart Simen Iversen Vangen fødd på Sortland i Vesterålen. Trommisen Simen Vangen slo seg saman med Madrugada i 2002 og heldt ut med bandet til 2004. Hjå meg kan Vangen høyrast på plata Grit frå 2002. I 1983 hadde karane i Toy Dolls teke turen til sitt næraste utland, Skottland, nærare bestemt til Glasgow, der dei spelte på Roxy. I 1985 var turen komen for ein konsert med Toy Dolls på Queens Hotel i Westcliffe. I 1994 gav det engelske metallbandet Cradle Of Filth ut debutplata si, The Principle Of Evil Made Flesh.

23.02.2017

Tjuetredje februar

Tjuetredje februar 1944 vart prestesonen frå skytegale Texas, John Dawson Winter III, fødd i Beaumont. Gitaristen Johnny Winter er kjend som verdas kvitaste bluesartist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans er dei einaste pigmenta han har i huda. At Johnny også er ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, studioplatene Nothin’ But The Blues (1971), Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991), samt den doble samleplata A Rock ‘n Roll Collection, men er mest nøgd med dei tre konsertplatene And Live (1971), Captured Live (1976) og Live In NYC ’97 (1998). Eg angrar enno bittert på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. Rykta fortel at den reisa ikkje ville vore like skuffande som konserten Johnny heldt i Oseana på tampen av juni 2013. Winter døyde i 2014. I 1945 kom John Halsey til verda i engelske Highgate. Trommisen Halsey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. I 1948 kom Stephen Norman Priest til verda i engelske Hayes. Steve Priest var bassist i Sweet og turnerar framleis med sin eigen versjon av bandet. Hjå meg kan Priest sitt arbeid høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. I 1952 vart Bradford Ernest Whitford fødd i Winchester i Massachutsets. Aerosmith-gitaristen Brad Whitford har ledsaga sjefsgitarist Joe Perry sine grumsete riff sidan 1971. I mi platehylle kan Whitford høyrast på studioplatene Draw The Line (1976) og Rocks (1977). I 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som song One Night for innspeling på plate. I 1962 kom Michael Wilton til verda i Oakland i California. Gitaristen Wilton er ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate The Warning (1987), på Empire frå 1990, og Hear In The New Frontier, som kom på marknaden i 1997. I 1964 vart John Terry Norum fødd i den forblåste festningsbyen Vardø. Gitaristen John Norum var ein av grunnleggjarane av dei svenske puddelrockarane Europe og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på den storselgjande gjennombrottsplata The Final Countdown frå 1986. I 1967 kom Chris A. Vrenna til verda i Erie i Pennsylvania. Musikaren Chris Vrenna har jobba med Marilyn Manson, Nine Inch Nails og The Smashing Pumpkins, og er i mi platehylle kreditert for programmering på Meat Loaf si storslagne studioplate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1973 kom Lars-Olof Johansson til verda i grasklipparbyen Husquarna. Tangentmannen Lasse Johansson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast tangentspel og gitar på kjempehiten Burning Down The House på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd singelen Double Trouble ut på marknaden. Same dag filma AC/DC eit promoklipp for It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Sekkepipebandet Rats Of Tobruk Pipe Band med mellom anna Allan Butterworth, L. Kenfield og Kevin Conlon er med som statistar. I 1979 slepte The Clash singelen English Civil War, som nådde tjuefemteplass på dei britiske singellistene. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top Of The Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth. I 1987 slepte The Smiths samleplata The World Won’t Listen, som klatra så høgt som til ein andreplass på dei engelske albumlistene. I 1993 gav Grant Lee Buffalo ut plata Fuzzy, som var dei tidlegare Shiva Burlesque-medlemmene si debutplate under nytt namn. I 1997 døyde Tony Williams. I 1999 slepte Eminem si andre studioplate, The Slim Shady LP, og Blondie sitt bidrag til platehyllene heit No Exit og var bandet si sjuande studioplate, den fyrste sidan 1982. I 2003 døyde Howie Epstein. I 2004 døyde Carl Anderson. I 2010 var det klart for plateslepp frå Johnny Cash sitt dødsbu. American VI: Ain’t No Grave var klar for platehyllene. I 2015 døyde Bobby Emmons.

22.02.2017

Tjueandre februar

Tjueandre februar 1944 vart Michael Robert Green fødd i Matlock i engelske Derbyshire. Gitaristen Mick Green, kjend for å spele i Johnny Kidd & The Pirates, kan i mi platehylle høyrast på plata Back On Top, som Van Morrison slepte i 1999. Green døyde i 2010. I 1952 kom trønderen Stein Groven til verda i bartebyen Trondheim. Groven har sidan syttitalet operert under artistnamnet Casino Steel og kan i mi platesamling høyrast som medlem av rigg rock-duoen Holton & Steel. To av platene frå samarbeidet med engelskmannen Gary Holton har fått plass i mi samling, debutplata, som bar dei to herrane sitt namn og kom på marknaden i 1981, og den vanskelege andreplata med den oppfinnsame tittelen Part II, som vart tilgjengeleg for platekjøparane i 1982. I 1958 vart Dave Spitz fødd i New York City. Bassisten Spitz spelte bass i Black Sabbath ein periode og er kreditert for basspel på plata The Eternal Idol frå 1987, sjølv om han vistnok ikkje skal ha spelt ein note på albumet. I 1965 vart Ray Mayhew fødd i hamnebyen Southampton. Mayhew var trommis i det ikkje altfor suksessrike bandet Sigue Sigue Sputnik og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1971 gav David Crosby ut si eigenproduserte debutsoloplate If I Could Only Remember My Name. I 1973 kom Thomas Scott Phillips til verda i Valdosta i den amerikanske delstaten Georgia. Trommeslagaren Scott Phillips spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1985 var London University vertskap for ein konsert med Toy Dolls. I 1993 platedebuterte Radiohead med plata Pablo Honey. I 1998 slepte Bel Canto plata Rush. I 2000 gav traktorpønkarane i Violent Femmes ut den ikkje så altfor vellukka plata Freak Magnet, som i skrivande stund er gruppa si siste studioplate. I 2007 døyde Ian Wallace.

21.02.2017

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar ei Greatest Hits-plate med denne fantastiske artisten. Simone døyde i 2003. I 1945 kom Paul Newton til verda i engelske Andover. Som Uriah Heep sin originalbassist spelte Newton på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble (1970), Salisbury (1971) og Look At Yourself (1971), som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. Er du spesielt interessert kan du også høyre Newton sitt basspel på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som same Uriah Heep slepte i 1991. I 1949 vart Jeremiah Griffin Harrison fødd i motorsykkelbyen Milwaukie i Wisconsin. Tangentmannen Jerry Harrison spelte på debutplata til The Modern Lovers, men er best kjend for å spele i Talking Heads. Hjå meg kan Harrison høyrast på konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992), samt som innleigd musikar på tangentar og mandolin på Violent Femmes si plate The Blind Leading The Naked frå 1986. I 1952 vart Jean-Jacques Burnel fødd av franske foreldre i London. Burnel er mannen bak den gromme basslyden i The Stranglers og kan hjå meg høyrast på plata The Gospel According To Themeninblack frå 1981. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I finske Loimaa kom Markku Juhani Valtonen til verda i finske Loimaa. Mato Valtonen var med i Leningrad Cowboys sidan starten i 1986 og hjå meg kan han høyrast medan han syng på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til den legendariske roadmovieen Leningrad Cowboys Go America (1989) og konsertplata Live In Provinzz frå 1993. Valtonen slutta i bandet i 1997. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle i delstaten Washington, og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog (1992) med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom James Dean Bradfield til verda i walisiske Pontypool. Gitarisen Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I mi platehylle kan Bradfield høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Thruth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. Bradfield kan også høyrast i samarbeid med Tom Jones på songen I’m Left, You’re Right, She’s Gone frå sistnemnde si plate Reload frå 1999. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1976 fekk sjåarane til det australske Nine Network stifte kjennskap med AC/DC. Det hendte på programmet Bandstand og sjåarane fekk både sjå og høyre at It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Resten av verda finn dette opptaket på DVD’en Plug Me In. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

20.02.2017

Tjuande februar

Tjuande februar 1944 kom Lew Soloff til verda i New York City. Trompetisten Soloff er i mi platehylle kreditert for å spele på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys (1976), Aretha Frankling si plate Aretha frå 1980, på eit spor på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive, som kom på marknaden i 1981, i tillegg til at han spelar på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986, og The Offbeat Of Avenues, som The Manhatten Transfer slepte i 1991. Solof døyde i 2015. I 1951 kom Gregory Beckerleg til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bryan Gregory var med då ekteparet Lux Interior og Poison Ivy starta bandet The Cramps i 1976. Mi platesamling byr på Bryan Gregory sitt gitarspel på samleplata … Off The Bone frå 1983. Bryan Gregory døyde like i nærleiken av Disneyland i Anaheim sør for storbyen Los Angeles i 2001. I 1953 vart Kristy Marlana Wallace fødd i San Bernardino i solrike California. Poison Ivy er truleg verdas sexyaste kvinnelege rockegitarist gjennom tidene og var med å starte garagepunkbandet The Cramps i 1976. Saman med ektemannen Lux Interior var ho den einaste faste medlemmen i bandet fram til Interior døyde i 2009 og bandet vart oppløyst. Statusen for Poison Ivy sitt gitarspel i mi platehylle omfattar, enn så lenge, den same samleplata som ovanfornemnde bandkollegaen Bryan Gregory, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, som vart spela inn over to dagar i februar 1983. I den kanadiske olympiabyen Vancouver kom David Georg Talor til verda. Bassisten Dave Taylor spelte fast for Bryan Adams i tida 1982 til 1998 og i mi platehylle kan han høyrast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1959 kom Sebastian Steinberg til verda. Bassisten Steinberg kan i mi platehylle høyrast på eitt spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Susanne Vega frå 1998. I 1963 kom Ian George Brown til verda i engelske Warrington. Ian Brown var vokalist i bandet The Stone Roses og sjølv om Brown har hatt ei suksessfull karriere etter at bandet la opp etter at dei gav ut den andre studioplata, The Second Coming i 1994 er det nettopp denne plata som er Brown sitt bidrag til mi platehylle. I 1967 vart Kurt Donald Cobain fødd i Aberdeen i delstaten Washington. Kurt Cobain var sjefen i Nirvana fram til han døyde i 1994. Eg var i heimbyen hans, Aberdeen, på den amerikanske vestkysten i 1995 og har ikkje noko problem med å forstå at ungdom frå ein så nitrist stad tek livet av seg. Hjå meg kan Cobain høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplgged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1972 kom Neil Primrose til verda i skotske Cumbernauld. Trommsien Primrose sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Travis si tredje studioplate The Invisible Band, som kom på marknaden i 2001. I 1977 vart Edwin James Graham fødd i Great Yarmouth. Ed Graham var trommeslagar i bandet The Darkness og kan i mi platehylle høyrast på plata Permission To Land frå 2003. Graham slutta i bandet i 2008 på grunn av sviktande helse. I 1985 heldt Toy Dolls konsert på i Umist i Manchester. I 2002 gav danske D-A-D (Disneyland After Dark) ut plata Soft Dogs, produsent var Nick Foss. I 2006 kom det bergenske trashmetallbandet Manngard si debutplate, Circling Buzzards.

19.02.2017

Nittande februar

Nittande februar 1943 vart Bobby Gene Emmons fødd i Corinth i Mississippi. Bobby Emmons er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på J. J. Cale si samleplate Classics frå 1999, samt orgel på utvalde spor på Olav Stedje si samleplate 21 Beste frå 1998. Emmons døyde i 2015. I 1947 kom Øystein Dolmen til verda i trønderhovudstaden Trondheim. Dolmen er kjent for nordmenn flest som den eine halvleiken av duoen Knudtsen & Ludvigsen og har underheldt fleire generasjonar vaksne og barn, samstundes, med ablegøyane sine. Høyr gjerne innom for å prøvelytte spellemannsprisløna Juba Juba frå 1983. I 1948 vart Frank Anthony Iommi fødd i Aston i Birmingham. Gitaristen Tony Iommi var ein snartur innom det alltid like hårfine bandet Jethro Tull før han rota seg i hop med Ozzy, Bill Ward og Geezer Butler for å starte det som seinare skulle bli tungrockbandet Black Sabbath. Dei siste åra har Iommi turnert under namnet Heaven & Hell, saman med den avdøyde metallgnomen Ronnie James Dio. Grunna sjukdom, fyrst Dio, og sidan Iommi sjølv, gjekk han glipp av to turar til Bergen, men eg var heldig og fekk sjå Iommi forige gong han vitja byen, saman med resten av Black Sabbath i 2005. Rekkja som er med å dokumentere dei viktigaste musikalske høgdepunkta frå Iommi si karriere i mi platehylle inneheld debutplata Black Sabbath (1970), samleplata Between Heaven & Hell (1995), samt deltaking på eit spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Live & Loud frå 1993. I Philladelphia kom Mark Andes til verda. Bassisten Andes kan hjå meg høyrast medan han spelar for Heart på konsertplata Rock The House-Live frå 1991. I 1954 kom Francis Buchholz til verda i tyske Hannover. Bassisten Buchholz er best kjend for å spele saman med Scorpions og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990, som var den siste av bandet sine plater han deltok på. I 1956 vart Peter Holsapple fødd i Greenwich i Connecticut. Gitaristen Holsapple var frontfigur i bandet The db’s, som, saman med mellom anna R.E.M., herja universitetsmiljøa i søraustre delar av USA på åttitalet. Hjå meg høyrer du Holsapple spele gitar på eit spor på plata Green, som R.E.M slepte i 1988, samt bass på dei same R.E.M. si studioplate Out Of Time frå 1991. I 1958, like etter midnatt, gjekk Billie Holiday og Ray Ellis Orchestra i studio og starta innspelinga av plata Lady In Satin, som kom på marknaden i juni same år. Plata var tilgjengeleg i to format, mono og stereo og skal vist nok vere songarinna sitt favorittalbum. I London kom Steve Nason til verda. Tangentmannen Steve Nieve var sentral i bandet The Attractions, som er kjend for eit årelangt samarbeid med Elvis Costello. Nieve har også vore innom Madness, og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og samleplata The Heavy Heavy Hits, som var Madness sitt bidrag til platehyllene i 1998. I 1960 kom Steve Poltz til verda i Halifax i Nova Scotia. Gitaristen Poltz er best kjend for å spele og komponere for Jewel, men var i si tid sjefen i The Rugburns og kan i mi platehylle høyrast på Ep’en Mommy, I’m Sorry frå 1995. I 1964 kom Pierre Lamy til verda. Under artistnamnet Polo har Lamy gjort seg merkt som vokalist i det franske alternativbandet Les Satellites som var aktive i åra frå 1985 til 1994. Hjå meg kan Polo høyrast på plata Riches & Célèbres frå 1989. I 1974 spela Johnny Cash inn What On Earth Will You Do (For Heavens Sake). Songen, som var produsert av dei to Jack'ane Clement og Routh, kunne høyrast på plata Ragged Old Flag, som kom ut same år, og er elles å finne på samleplata God som kom ut i 2000. I 1976 vart Teddy Thompson fødd i London. Gitaristen Thompson er son av det tidlegare musikarekteparet Richard og Linda Thompson og må kunne kallast arveleg belasta. Hjå meg kan Thompson høyrast med bakgrunnsvokal på Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One frå 2003. I 1978 kunne ein høyre Gasolin spele live i Tivoli. Songane Kina Rock, December I New York, Fi-Fi Dong, Girl You Got Me Lonely, Refrainet Er Fritt og Som Et Streif Af En Dråbe kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1980 nytta AC/DC- vokalisten Bon Scott dagen til å døy i London etter den siste av hans mange fyllekuler. I 1983 heldt Toy Dolls konsert i Working Mens Club i Newbottle, ein konsert som vart den siste der originalmedlemmen Flip spelte bass. Dette hendte samstundes med at Madness låg trygt på åttandeplassen på listene med singelen Tomorrows Just Another Day, ein song du i mi platehylle finn på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 2009 døyde Kelly Groucutt.