29.09.2012
Tjueniande september
Tjueniande september 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Ferryday i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom ekselente musikalske bidraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1946 fekk verda ein ny trommeslagar, då vart Ian Wallace fødd i Bury i England. Wallace spelte med King Crimson tidleg på 1970talet, men kan i mi platesamling høyrast på plata A Bit Of What You Fancy, som Quireboys gav ut i 1990. I 1948 var det jubel hjå familien Farner. Mark Fredrick Farner vart fødd i bilbyen Flint i Michigan. Mark Farner er gitarist, vokalist og komponist i det amerikanske bandet Grand Funk Railroad, som har levert ei lang rekkje storselgjande plater sidan slutten av 1960-talet. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda. Bassisten Les Claypool er kjend for den rå lyden og uortodokse teknikken som er ein vesentleg del av lydbiletet i Primus. Claypool sitt Primus-bidrag til platehylla mi heiter Pork Soda og kom på marknaden i 1993. I mi platesamling kan Claypool også høyrast medan han trakterar bassen for Tom Waits på låten Big In Japan på plata Mule Variations, som kom ut i 1999. I 1965 vart Iain Richard Foxwell Baker fødd i engelske Carshalton. Radioverten Iain Baker kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for Jesus Jones på plata Doubt frå 1991. I 1983 kom Macellus Rodrígues-Lopez til verda i Bayamon i Puerto Rico. Multiinstrumentalisten Marcel Rodrígues-Lopez sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som tangentspel på The Mars Volta si plate Bedlam In Goliath frå 2008. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chilli Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan, kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg så absolutt ikkje angra på. I 1992 slepte Alice In Chains si andre studioplate Dirt, som etter kvart selde til fire gongar platina i USA og nådde til ein sjetteplass på Billboard si Top 200-liste. I 1997 gav The Verve ut plata Urban Hymns. I 2008 platedebuterte Katzenjammer med plata Le Pop. Same dag slepte Enslaved ut si tiande studioplate, Vertebrae, som var miksa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.
28.09.2012
Tjueåttande september
Tjueåttande september 1947 vart musikaren og forfattaren Gustav Lorentzen fødd i Bergen. Saman med kompisen Øystein Dolmen underheldt Lorentzen fleire generasjonar nordmenn i duoen Knutsen og Ludvigsen som sjølvsagt er på plass i mi platehylle, med den Spelemannprisløna plata Juba Juba frå 1983. Lorentzen døyde brått under trening i 2010. I 1956 kom Elvis Presley med singelen Love Me Tender. Plata låg fem veker på fyrsteplass i USA, men nådde ikkje høgare enn ellevte plass i England. I 1966 kom Kenneth Robert Wilson til verda i Framingham i Massachusetts. Trommisen Ginger Fish spelte for skrekkrockaren Marilyn Manson frå 1995 til 2011 og i mi platehylle finn du arbeidet hans på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999. I 1974 vart The Who si plate Odds & Sods, som inneheldt uutgjeve materiale og alternative versjonar av kjende låtar, gjeve ut i England. Plata nådde ein sterk tiandeplass på dei engelske listene. I 1987 slepte The Smiths si fjerde og siste studioplate, Strangeways, Here We Come, same dag som Depeche Mode slepte si sjette studioplate, Music For The Masses. I 1991 var AC/DC på scenen på Tushino-flyplassen i den russiske hovudstaden, Moskva. Dei frammøtte fekk høyre Back In Black, Highway To Hell, Whole Lotta Rosie og For Those About To Rock (We Salute You), som alle er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. Same dag ebba livet ut for den legendariske jazztrompetisten Miles Davis. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, som klatra til ein syttandeplass på dei britiske platelistene, medan The Beta Band slepte sine tre fyrste EPar på samleplata The Three E.P’s. I 1999 kom Creed si andre studioplate, Human Clay, som har selt i millionopplag. I 2004 slepte Brian Wilson plata Smile, som er ei vidareføring av Beach Boys sitt ufullførde prosjekt frå 1966.
27.09.2012
Tjuesjuande september
Tjuesjuande september 1943 kom Randolph Charles Bachman fødd i Winnipeg. Randy Bachman er best kjend som opphav til den eine halvleiken av bandnamnet Bachman-Turner Overdrive og har fått plass på ei Best Of-plate i mi hylle. I 1947 vart Marvin Lee Aday fødd i Dallas i Texas. Meat Loaf er fyrst og fremst kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell frå 1977. Plata, som var produsert av Todd Rundgren, var i all hovudsak eit samarbeid med komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans noko som gjer at det berre står fire titlar, studioplatene Bat Out Of Hell (1977), Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006), samt samleplata Hits Out Of Hell, i hylla. I 1949 kom Jan Teigen til verda i Tønsberg. Eurovisjonsgjengangaren Jahn Teigen har ei fortid i band som Lions Of Judea og Popol Ace. Hjå meg kan Teigen høyrast i samarbeid med Herodes Falsk og Tom Mathiesen på Prima Vera si samleplate Absolute Prima Vera frå 1994. I 1953 kom Gregory Norman Ham til verda i australske Melbourne. Saksofonisten Greg Ham spelte i Men At Work og er kjend for fløytespelet i superslagaren Down Under. Hjå meg høyrer du Ham på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. Ham døyde i 2012. I 1971 kom Cass Browne til verda i London. Browne sitt bidrag til mi platehylle heiter Demon Days og vart slept av Gorillaz i 2005. I 1982 spelte Ozzy Osbourne det andre av to show på The Ritz i New York. Brad Gillis (gitar), Rudi Sarzo (bass) og legenda Tommy Aldrige (trommer) stod for musikken. Same dag gav Depeche Mode ut plata A Broken Frame, bandet si andre studioplate. I 1984 kom Avril Ramona Lavigne til verda i Belleville i Ontario. Avril Lavigne er eit vidunderbarn som fekk platekontrakt med Arista allereie som sekstenåring, og ho vart seinare den yngste artisten som toppa platelistene i England. Hjå meg finn du Avril si debutplate Let Go frå 2002. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte fans på Metro i Rosyth. I 1986 var Toy Dolls på plass i Gateshead Leisure Centre for å spele. Same dag krasja Metallica sin turnébuss utanfor Stockholm, bassist Clif Burton omkom. I 1987 var det Rathole i Tamworth sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. I 1994 platedebuterte Dave Matthews Band med Under The Table And Dreaming. I 2010 slepte The Batallion si andre studioplate, Head Up High, som absolutt er verdt ei gjennomhøyring eller fleire for alle som er tilhengjarar av skitten og rufsete rock ’n roll. Same dag var det plateslepp hjå dei lokale metallkonkurrentane Enslaved, deira bidrag fekk namnet Axioma Ethica Odini og var bandet si ellevte studioplate.
Tjuesjette september
Tjuesjette september 1945 vart Bryan Ferry fødd i Washington ved Sunderland i England. Ferry var songar i Roxy Music på syttitalet og gjorde stor suksess med det. Hjå meg kan Ferry høyrast på samleplata More Than This. The Best Of… frå 1995. I 1954 kom César Rosas til verda i Hermosillo i Mexico. Rosas er sentral i Los Lobos, både som låtskrivar, gitarist og songar, men hjå meg høyrest gitarspelet hans på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1955 vart Rebecca Carlene Smith fødd i country hovudstaden Nashville. Carlene Carter er dotter av June Carter og hennar fyrste ektemann, Carl Smith. Carter har sidan skapt seg si eiga karriere som country-songarinne og kan hjå meg høyrast på ei plate som inneheld dei to studioplatene Two Sides To Every Woman og Musikal Shapes. I 1964 kom John Tempesta til verda i Bronx i New York City. Trommeslagaren John Tempesta kan hjå meg høyrast på The Cult si plate Born Into This frå 2007. I 1967 kom Richard Shannon Hoon til verda i Lafayett i Indiana. Blind Melon-vokalisten Shannon Hoon er hjå meg kreditert for hjelpevokal på begge Use Your Illution-platene som Guns ‘N Roses slepte i 1991. Shannon Hoon døyde av ein overdose kokain i 1995. I 1970 vart Erik Gavriluk fødd i Huntington i delstaten New York. Plateprodusenten Gavriluk er kreditert for å spele orgel på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1976 var AC/DC på Circus Krone i München. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre Baby, Please Don’t Og, som vart sendt på Szene 77 på fjernsynskanalen ARD i januar året etter. I 1980 var Toy Dolls å finne i Labour Club i Peterlee. Denne datoen i 1981 er den dagen Iron Maiden slepte live EP-en Maiden Japan. I 1982 spelte ein Ozzy Osbourne i storform den fyrste av to konsertar på The Ritz i New York. Resultatet enda opp på liveplata Speak Of The Devil. I 1984 døyde Shelly Manne. I 1985 var Toy Dolls på plass i den skotske oljehovudstaden Aberdeen for å spele på Ritzy. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hereford for å spele på Porter House. I 1994 kom R.E.M med plata Monster. I 1995 gav Prince ut plata The Gold Experience. Plata var ikkje signert med artisten sitt namn, men berre eit symbol. I 2003 døyde Robert Palmer.
25.09.2012
Tjuefemte september
Tjuefemte september 1955 vart Anna Paola Francia fødd i den italienske universitetsbyen Terni. Songerinna Lalla Francia kan i mi platesamling høyrast medan ho yt vokalhjelp på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I London kom Steven John Baily til verda. Steven Severin har hatt ei suksessrik karriere som bassist i det engelske bandet Siouxsie And The Banshees, som han gav ut elleve studioplater saman med. Hjå meg kan Steven Severin høyrast på plata Tinderbox frå 1986. I 1968 kom skodespelaren Will Smith til verda. Solbrillefine Smith gjev ut plater på sida av all filminnspelinga og kan i mi platehylle høyrast på plata Willennium, som ikkje akkurat er mitt stoltaste kjøp. I 1980 døyde John Bonham. Same dag spela Toy Dolls i Norseman Hotel i Peterlee. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på La Sorbonne i den skotske hovudstaden Edinburgh. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?.
Tjuefjerde september
Tjuefjerde september 1938 kom Steven Douglas Kreismann til verda. Saksofonisten Steve Douglas har ei omfattande karriere som også inkluderar produksjon av andre artistar sine album, noko som har sikra at han er trygt plassert i Rock’n Roll Hall Of Fame, riktig nok posthumt. Hjå meg kan Steve Douglas høyrast med lekre saksofontrillar på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Steve Douglas døyde i 1993. I 1941 vart Linda Louise Eastman fødd i New York City. Linda McCartney gifta seg med Paul McCartney i 1969 og markert seg som vegetaraktivist og kokebokforfattar, i tillegg til den musikalske karrieren saman med ektemannen. I mi platesamling kan Linda McCartney høyrast på plata Flaming Pie, som Paul McCartney slepte i 1997. Linda McCartney døyde etter lang kamp mot kreften i 1998. I 1946 vart Jerry Donahue fødd i New York. Folkrock-gitaristen Donahue sitt arbeid kan høyrast på Joan Armatrading si sjølvtittelerte tredjeplate frå 1976. I 1954 kom Gabriele Melotti til verda i Bologna. Trommesagaren Lele Melotti sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1956 kom Stan Soble til verda. Gitaristen Stan Lee er ein av grunnleggjarane av The Dickies og hjå meg kan han høyrast på plata All This And Puppet Stew frå 2001. I 1957 vart Ted Howarth fødd. Gitaristen Howarth er i mi platehylle kreditert for å synge hjelpevokal på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. Dagen bydde også på plateslepp, og det var tittelsporet frå Elvis Presley sin tredje langspelfilm som vart tilgjengeleg på vinyl. Jailhouse Rock var nummer ein på platelistene i sju veker i USA, men platekjøparane i England meinte tre veker på toppen fekk vere nok. I 1971 kom Peter Anthony Salisbury til verda i Bath. Trommeslagar Peter Salisbury var ein av grunnleggarane av The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1977 vert denne datoen hugsa for at den sjølvtittelerte Motörhead-debuten kom på marknaden. I 1985 spelte Toy Dolls på Shelleys i pottemakarbyen Stoke. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Mardi Gras i Nottingham. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. Same dag slepte Megadeth si fjerde studioplate Rust In Peace. I 1991 kom meksikanske Maldita Vecindad Y Los Hijos Del Quinto Patio med si andre studioplate, El Circo, Nirvana gav også ut si andre plate, Nevermind, noko som resulterte at det tidlegare undergrunnsfenomenet grunge brått var over alt og verda vart aldri den same. Same dag kom eit, kan hende, like stort kommersielt gjennombrott, Red Hot Chilli Peppers si fyrste plate i samarbeid med den eksentriske amerikanske superprodusenten Rick Rubin. Blood Sugar Sex Magic selde i meir enn tretten millionar kopiar og produserte ei nesten endelaus rekkje av hit-singlar. Ein annan kar som herja hitlistene var Bryan Adams, som nytta dagen til å sleppe plata Waking Up The Neighbours. Like stor merksemd vart det neppe rundt Staus Quo si tjuande studioplate, Rock ’Til You Drop, som også kom på marknaden denne dagen, men dei som har denne plata kan høyre dei syngje Nothing Comes Easy, noko som lemnar liten tvil om at dei to herrane Parfit og Rossi har jobba hardt for å kome der dei er i dag. I 1996 slepte Weezer si andre studioplate, Pinkerton. I 2002 slepte Elvis Presley sitt dødsbu plata Elvis Presley 30 #1 Hits. I 2007 kom PJ Harvey si sjuande studioplate på marknaden. White Chalk fekk stort sett strålande omtale i musikkpressa.
23.09.2012
Tjuetredje september
Tjuetredje september 1926 kom saksofonisten John William Coltrane til verda i Hamlet i North Carolina. Eg er den lukkelege eigaren av platene Olé Coltrande frå 1961 og Cresent frå 1964, sistnemnde utgjeve under signaturen John Coltrane Quartet. Coltrane kan også høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959, og medan han spelar sakssolo på plata Someday My Prince Will Come, som same artist gav ut i 1961. Coltrane døyde i 1967. I 1928 vart Frank Foster fødd i Cincinatti. Foster sitt saksofonspel var ofte å høyre i Count Basie sitt band og kan hjå meg høyrast på samleplata Atomic Swing. Foster døyde i 2011. I 1947 vart Neal Smith fødd i Akron i Ohio. Smith var trommeslagar i Alice Cooper Group og hjå meg høyrer du han i taktfast driv på platene School’s Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973. I 1961 kom bassisten Anders Jørgen Grønneberg til verda i Fredrikstad. Anders Grønneberg sine karrierehøgdepunkt er å høyre for bandet CC Cowboys. I 1964 vart Ivar Christian Eidem fødd. Ivar Eidem kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard på to dei to platene, Flowerground (1989) og Itchy Bitchy (1990), som Matchstik Sun slepte i si karriere. I 1974 døyde Robbie McIntosh. I 1977 slepte The Clash singelen Complete Control, som nådde ein tjueåttandeplass på dei engelske singellistene. I 1983 spelte Jimmie Ray Vaughan And Double Trouble på ein stad kalla The Pallace i Hollywood. Songane Testify, Mary Had A Little Lamb og Wham frå denne konseren har fått plass som bonus spor på kompaktplate versjonen av Texas Flood. Same dag kom Toy Dolls til Durham University for å spele. I 1985 gjorde 10 000 Maniacs sin debut på eit av dei store plateselskapa. Det var Electra som slepte den kritiskarroste The Wishing Chair. I 1991 slepte Primal Scream plata Screamadelica. Dette var bandet si tredje studioplate. I 2003 slepte Dwight Yoakam plata In Others Words, som var ei samleplate med innspelingar av andre artistar sine songar.
Tjueandre september
Tjueandre september 1952 kom Gary Frederic Holton til verda i London. Songaren Gary Holton slo gjennom med Heavy Metal Kids tidleg på syttitalet, men her heime er han best kjend for samarbeidet med Casino Steel. Hjå meg kan du høyre Holton på dei to fyrste platene frå samarbeidet med Steel. Holton døyde av ein overdose av alt som er meir enn godt i 1985. I 1956 vart bassisten Doug Wimbish fødd i Hartford i Connecticut. Bassisten Wimbish spelar til dagleg i Living Colour, og har i tillegg spelt med store artistar som George Clinton, Madonna og Depeche Mode. I mi platesamling kan Wimbish høyrast medan han spelar på Living Colour-plata Stain, i tillegg til Mick Jagger si plate Wandering Spirit, begge frå 1993. I 1957 var dette dagen Nickolas Edward Cave kom til verda i Warracknabeal (ja, eg har sjekka stavemåten fleire gonger) i den australske delstaten Victoria. Cave starta sitt musikalske eventyr i bandet The Boys Next Door/The Birthday Party heime i Australia, og har sidan prega punk- og alternativscena verda over. I tillegg til eiga solokarriere, er Cave i dag kjend for samarbeidet med banda The Bad Seeds og Grinderman. For tida er eg den lukkelege eigaren av platene Junkyard, med The Birthday Party, og soloplatene From Here To Eternity og The Boatman’s Call, men eg er meir enn overmoden for å utvide denne delen av samlinga mi. I 1958 vart Joan Marie Larkin fødd i Wynnewood i Philadelphia. Joan Jett har ei fortid som gitarist i jentebandet The Runaways der ho, mellom anna, spelte saman med supergitaristen Lita Ford. Joan Jett har til vanleg hjelp av bandet The Blackhearts og er i mi platehylle representert med slagaren I Love Rock’n Roll, som toppa Billboardlista i 1982 og er henta frå ei plate med same namn. I 1969 kom Matthew Kelly Sharp til verda i eksotiske Bangkok. Bassisten Matt Sharp var ein av grunnleggarane av Weezer, og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate frå 1994. I 1978 slepte Ramones plata Road To Ruin. Plata var spela inn i perioden mai/juni same år i Media Sound i heimbyen New York og produsentar var T. Erdilyi og Ed Stasium. I Just Wanna Have Something To Do, I Wanna Be Sedated og Needles And Pins kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på 100 Club i London. I 1987 spelte Toy Dolls i Piece Hall i Halifax. I 1991 residerte Neil Young hjå Redwood Digital i Woodside, California. Resultatet frå denne seansen vart songen Harvest Moon frå plata med same namn og songen kan i tillegg høyrast på plata Greatest Hits. I 1992 slepte Bel Canto plata Shimmering Warm And Bright. I 2003 slepte Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One.
21.09.2012
Tjuefyrste september
Tjuefyrste september 1934 vart den kanadiske Leonard Norman Cohen fødd i Montreal. Poeten Leonard Cohen har spela inn meir enn to tusen songar gjennom ei karriere som strekk seg over seks tiår, og ti av desse songane kan du høyre på plata Ten New Songs, som var Cohen sitt bidrag til populærkulturen i 2001, og som står på ein av dei mange heidersplassane i mi platehylle. I 1943 kom David Hood til verda i Sheffield i Alabama. Bassisten Hood kan hjå meg høyrast medan han spelar for Bob Seger på plata Beautiful Loser frå 1975. I 1947 vart Donald William Felder fødd i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Don Felder er best kjend for glitrande sologitarspel i Eagles i to periodar, men hjå meg er det på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Stranger In Town frå 1978 arbeidet hans kan høyrast. I 1952 kom David Gregory til verda i Swindon. Dave Gregory er best kjend for å ha spelt gitar i det engelske New Wave-bandet XTC. Mi platesamling byr på Gregory sitt gitarspel på plata Black Sea frå 1980. I 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjekt som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kuriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasis-vokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren Liam Gallagher var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995), Be Here Now (1997), Unplugged, og konsertplata Familiar To Millions frå 2000. I San Leandro i California vart David Randall Silveria fødd. Trommisen David Silveria var med å starte Korn i 1993, men sa takk for seg i bandet i 2006. Hjå meg kan Silveria høyrast med taktfaste bidrag på samleplata Proud frå 2000. I 1976 vart Jonas Bjerre Terkelsbøl fødd i København. Jonas Bjerre er vokalist og gitarist i det danske indiebandet Mew, og i mi platehylle kan han høyrast på plata And The Glass Handed Kites frå 2005. I 1982 slepte Dolly Parton samleplata Dolly Parton’s Greatest Hits. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1987 døyde Jaco Pastorius. I 1990 gav Bette Midler ut plata Some People’s Lives. I 1992 slepte Abba samleplata Gold-Greatest Hits, som inneheld nitten av dei største hitsene frå den svenske superkvartetten. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am og det langt meir hardtrockande Seattle-bandet Hater platedebuterte med ei skive med same namn som bandet. I 1999 kom Tori Amos si femte studioplate, To Venus And Back, som var ein dobbel CD. I 2006 døyde Boz Burrell.
20.09.2012
Tjuande september
Tjuande september 1946 kom Michael Oldroy til verda i Dovercourt i Essex. Gitaristen Mick Rogers er mangeårig medlem av Manfred Mann’s Earth Band og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. I 1954 vart Antti Juhani Seppälä fødd i finske Lavia. Bassisten Silu Seppälä spelte i Leningrad Cowboys frå 1989 til 2000 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993. I 1960 kom David Robert Hemingway til verda i hamnebyen Hull. Songaren Dave Hamingway har ei fortid i bandet The Housemartins, men hjå meg kan han høyrast medan han syng på bandet The Beautiful South sine plater Welcome To The Beautiful South (1989) og Painting It Red frå 2000. I 1966 vart gitaristen Kjetil Melkersen fødd i Bergen. Melkersen kan høyrast som gitarist i bandet CC Cowboys på samleplata Ekko CC Cowboys beste frå 1998. I 1967 kom tvillingane Gunnar Eric og Matthew Gray Nelson til verda i Santa Monica i California. Tvillingane er søner av det tidlegare tenåringsidolet Ricky Nelson og har seld plater i bøtter og spann under namnet The Nelsons. Hjå meg kan The Nelsons høyrast med hjelpevokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993. I 1968 kom Hunter Benedickt Shepherd til verda i Okinawa i Japan. Soundgarden-bassist Ben Shepherd kan hjå meg høyrast på platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994), i tillegg som vokalist for bandet Hater på deira sjølvtittelerte debutplate frå 1993. I 1976 gav AC/DC ut plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap, men berre for det australske markedet denne gongen. Resten av verda fekk sitt desember same året, men på den internasjonale versjonen er diverre songen Jailbreak fjerna. I 1986 var St.Albans City Hall rett stad for dei som ville høyre musikken Toy Dolls hadde å by på denne kvelden. I 1988 slepte Billy Bragg plata Workers Playtime. I 1994 vart Grant Lee Buffalo si andre studioplate, Mighty Joe Moon, tilgjengeleg for det platekjøpande publikummet. I 2000 slepte Madonna plata Music, som var dama si åttande studioplate.
19.09.2012
Nittande september
Nittande september 1941 kom Ellen Naomi Cohen til verda i Baltimore i Marryland. Songerinna Cass Elliot, også kjend som Mama Cass, var ein av grunnleggjarane av The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Mama Cass høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Elliot døyde i 1974. I 1942 vart Ray Cooper fødd i Watford. Trommeslagaren Cooper held takten for Eric Clapton på den akustiske konsertplata Unplugged frå 1992. I 1946 fekk verda nok ein trommeslagar. John Coghlan vart fødd i Dulwich i London og heldt takten for Status Quo frå tidleg på sekstitalet og fram til 1981. Coghlan var også med då Quo-kollega Allan Lancaster starta The Bombers, men gav seg i god tid før dei starta innspelinga plata Aim High, som er The Bombers sitt bidrag til mi platesamling. I 1947 kom Laurence Neil Crem til verda. Lol Crem er best kjend som gitarist i det engelske bandet 10cc. I 1951 vart produsenten Daniel Lanois fødd i Hull i canadiske Quebec. Lanois har bidrege på ei rekkje plateproduksjonar og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1952 kom gitaristen Nile Gregory Rodgers til verda i New York City. Nile Rodgers spelte gitar på The B52s si plate Cosmic Thing frå 1989. I 1957 vart Rusty Egan fødd i London. Trommeslagaren Egan har ei fortid i The Rich Kids, hjå meg høyrer du han på utvalde spor på Phil Lynott si plate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1958 vart Carmelita Rossanna Ford fødd i London. Runawaysgitaristen Lita Ford, som saman med Joan Jett er dei einaste av Runawaysmedlemmene som har hatt ei karriere etter at bandet vart oppløyst, vert rekna som ei av verdas beste kvinnelege hardrockgitaristar og kan i mi platesamling høyrast på songen Sunset And Babylon frå W.A.S.P si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1971 kom Paul Winter-Heart til verda i Hammersmith i London. Trommeslagaren Paul Winterheart spelar til dagleg i Kula Shaker og kan hjå meg høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1976 kom Jannicke Larsen til verda. Larsen er vokalist og pianist i den bergenske jentevisepoptrioen Ephemera og kan hjå meg høyrast på platene Glue (1996) og Air (2003). I 1985 kunne Toy Dolls høyrast medan dei rocka amerikansk-inspirerte Stars and Stripes i Carlisle. I 1986 kunne dei same Toy Dolls opplevast i Bridgewater Art Centre. I 1988 gav Anthrax ut plata State Of Euphoria same dag som Janet Jackson slepte si fjerde plate, Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814, som skulle toppe albumlista Billboard 200 og har seld i meir enn fjorten millionar eksemplar. I 1990 innleia Iron Maiden UK Inter City Express Tour. Togturen vara til attande oktober. I 2000 gav Madonna ut plata Music. I 2004 gav det sjarmerande og utruleg energiske bandet Trick-Babys, med vokalist Lynne Von i spissen, ut plata Player som stadig vekk vert plukka fram frå mi platehylle for ei god lyttaroppleving. I 2005 kunne ein kjøpe danske Mew si fjerde studioplate And The Glass Handed Kites.
18.09.2012
Attande september
Attande september 1951 vart bassisten Dee Dee Ramone fødd og fekk døypenamnet Douglas Glenn Colvin. Det er nok ikkje naudsynt å nemne at tydinga av Dee Dee sitt basspel er uvurderlig for punkbandet Ramones, men eg gjer det likevel. Dee Dee Ramone døyde i 2002. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døyde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vekse seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit kasino i Las Vegas gjer at eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle-upon-Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platina i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)