12.09.2012
Tolvte september
Tolvte september 1923 kom bassisten Joseph Shulman til verda. I mi platehylle er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957 at Joe Shulman sitt basspel kan høyrast. Shulman døyde i 1957. I 1932 vart George Glenn Jones fødd i Texas. George Jones er ein respektert countryartist med mange storselgjande plater på merittlista, men for mange er han like, om ikkje betre, kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette, og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel. I 1944 vart Barry Eugene White fødd i Galveston i Texas. Barry White var artist og produsent og hausta fleire Grammy-titlar i løpet av karrieren. Hjå meg kan White høyrast på ei samleplate med det optimistiske namnet The Ultimate Collection. Barry White døyde i 2003. I 1952 kom Neil Ellwood Peart fødd i Hamilton i kanadiske Ontario. Trommisen Neil Peart spelar til dagleg i det kanadiske bandet Rush, og kan hjå meg høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987). I 1956 vart Brian David Robertson fødd i skotske Clarkston. Gitaristen Brian «Robbo» Robertson er best kjend for arbeidet han har gjort i Thin Lizzy og Motörhead, hjå meg kan Robbo høyrast medan han trakterar gitaren på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1995. I London kom Barry Andrews til verda. Den tidlegare XTC-vokalisten Andrews kan i mi platehylle høyrast medan han spelar keyboard for Iggy Pop på plata Soldier frå 1980. I 1968 Reid Lawrence LaLonde til verda i Oakland i California. Gitaristen Larry LaLonde livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus, som har lurt plata Porc Soda frå 1993 inn i platehylla mi. Larry LaLonde yt også eit bidrag til mi platesamling når han spelar gitar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1976 var Led Zeppelin på plass i Mountain Studios i Montreux i den sveitsiske Alpane og spelte inn Bonzo’s Montreux. Songen kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1977 kom James Louis McCartney til verda i London. Som son av Paul og Linda McCartney har James eit opphav som forpliktar, og han innfrir. Hjå meg kan James McCartney høyrast medan han spelar gitar på faren si plate Flaming Pie frå 1997. I 1980 gav Andy Partridge og resten av XTC ut plata Black Sea. I 1981 vart Jennifer Kate Hudson fødd i Chicago i Illinois. Songerinna og skodespelaren Jennifer Hudson slo gjennom på fjernsynsfesjået American Idol i 2004. Hjå meg kan Hudson høyrast på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. På kvelden spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes konsert på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein driftig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på konsertplata Master Of Madness. Same dag slepte Red Hot Chilli Peppers plata One Hot Minute, som var bandet sitt sjette studioalbum. Plata selde mindre enn halvparten så mange eksemplar som den førre plata og var kommersielt sett skuffande. I 2000 heldt Rage Against The Machine fyrste konsert, av to, i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The GOA frå 2003. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døyde etter lengre tids sjukdom. I 2004 døyde Kenneth Buttrey.
11.09.2012
Ellevte september
Ellevte september 1943 kom trommeslagaren Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York. Hartman nyttar til dagleg aliaset Mickey Hart og er best kjend for å ha helde takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei liveplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane turnere saman med Bob Dylan. Mickey Hart er også kreditert for å holde takten for David Crosby på hans debutsoloplate If I Could Only Remeber My Name frå 1971, også her spelar Hart saman med Rhythm Devil-kollega Bill Kreutzmann frå Grateful Dead. I 1947 vart Robert Adrian Catley fødd i Aldershot. Bob Catley si røyst har vore med å prega lydbildet i det engelske hardrockbandet Magnum frå starten og han kan hjå meg høyrast på studioplatene Kingdom Of Madness (1978), Magnum II (1979), og konsertplata Marauder frå 1980. I 1960 kom Neal Whitmore til verda i Market Drayton i Shropshire. Gitaristen Neal X spelte tidlegare i Sigue Sigue Sputnik og hjå meg kan han høyrast på plata Flaunt It frå 1986. I 1965 kom Richard Melville Hall til verda i Harlem i New York. Moby er ein multiinstrumentalist og DJ som har gjeve ut plater under mange ulike artistnamn. I mi platehylle kan du finne plata Play: The B-Sides frå 2000. Moby varma opp for Red Hot Cilli Peppers i Oslo Spektrum i 1996, ein konsert eg var heldig å få vere til stades på. I 1971 kom Richard Paul Ashcroft til verda i Wigan. Richard Ashcroft var vokalist i The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1977 vart Jonathan Mark Buckland fødd i London. Johnny Buckland er gitarist i Coldplay og hjå meg kan han høyrast på plata X&Y frå 2005. Dagen bydde også på ein nyfødd rapartist i Champaign i Illinois. Christopher Brian Bridges er kjent under scenenamnet Ludacris og hjå meg finn du hans vokalbidrag på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002. I 1986 var Toy Dolls og heldt konsert på Rockhouse i Derby. I 1987 vart den jamaicanske reggaeartisten Peter Tosh drepen i sin eigen heim, førtitre år gamal. I 1989 slepte Eurythmics si åttande studioplate, We Two Are One, og Melissa Etheridge slepte Brave And Crazy, hennar andre studioplate. I 1993 var dei engelske blueslegendene Bernie Marsden og Mick Moody i Hell i Trøndelag for å spele på Hell Blues Festival. Til å hjelpe seg på scena hadde dei to veteranane bassisten Peter Stroud, som har vore innom i Sheryl Crow sitt band, og trommeslagar John Trotter, som seinare var innom i legendariske Mannfred Mann’s Earth Band. Konserten vart seinare gjeven ut på plate med tittelen The Moody Marsden Band Unplugged Live In Hell. I 1995 nytta Blur høvet til å gje ut studioplate nummer fire, The Great Escape. I 2001 gav Bob Dylan ut plata Love And Theft, og Boz Scaggs slepte plata Dig. I 2006 slepte Stonegard si andre studioplate, From Dusk Till Doom. I 2007 døyde Joe Zawinul.
10.09.2012
Tiande september
Tiande september 1949 kom Barrimore Barlow til verda i Birmingham. Trommeslagaren Barry Barlow er best kjend for tida han spelte trommer for Jethro Tull og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Young To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. Barlow er også kreditert for å spele på det eksotiske instrumentet gong på eit spor på Babyshambles si plate Down In Albion frå 2005. I 1950 kom Anthony Joseph Perry til verda i Lawrence i Massachusetts. Aerosmith-gitaristen Joe Perry og riffa hans har i ei årrekkje vore med å setje standarden for amerikansk hardrock. Det gnistrande gitarspelet han kan hjå meg høyrast på Aerosmith-platene Rocks (1976) og Draw The Line, som kom på marknaden i 1977. Perry er også kreditert for gitarspel på eit par spor på Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople spela inn nydelege Lay Down i Island Studios. Låten enda opp på Wildlife-plata, som sjølvsagt prydar platesamlinga mi. I 1983 spela Lou Reed i Roma og godlyden kan høyrast på plata Lou Reed in Concert. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen vest til Carlisle Market Hall for å spele for tilhøyrarane der. I 1984 kom Queensryche si fyrste LP-plate, The Warning. I 1985 kom Cameron Matthew Followill til verda i Oklahoma. Matthew Followill er søskenbarn til dei tre Followill-brørne som han spelar saman med i bandet Kings Of Leon. I 1986 var Iron Maiden i Beograd og spelte fyrste konsert på turneen Somewhere On Tour. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen til Leeds for å spele på Adam and Eve. I 1990 var dette dagen Iron Maiden-fansen fekk høve til å kjøpe singelen Holy Smoke. Tredjeplass vart høgaste plassering. I 1991 gav Jethro Tull ut plata Catfish Rising.
09.09.2012
Niande september
Niande september 1927 vart Elvin Ray Jones fødd i Pontiac i Michigan. Trommeslagaren Elvin Jones held i mi platehylle takten for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1961. Jones døyde i 2004. I 1943 kom Bruce Palmer til verda i Belleville i Canada. Bassisten Bruce Palmer er best kjend for å spele saman med bandet Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på plata Buffalo Springfield Again frå 1967. Palmer døyde i 2004. I 1952 kom den engelske artisten David Allan Stewart til verda i Sunderland. Dave A. Stewart var den mannlige, og minst profilerte, halvdelen av den britiske popduoen Eurythmics, som hadde stor suksess verda over frå starten i 1980 og framover. Stewart sitt bidrag til mi platehylle heiter We Too Are One, er kreditert Eurythmics, og kom på marknaden i 1989. I London vart Phillip John Palmer fødd. Gitaristen Phil Palmer sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på George Michael si plate Listen Whitout Prejudice. Vol. 1 frå 1990. I 1957 kom Adrian Lee til verda i London. Tangentmannen Lee sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth frå 1991. I 1972 vart Rodney Hylton Smith fødd sør i London. Rapparen Roots Manuva sitt bidrag til mi platehylle kan du finne på eit av spora på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1974 kom Marcos Curiel til verda i San Diego i California. Gitaristen Curiel spelar til dagleg i det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan hjå meg høyrast på plata Testify frå 2006. I 1977 kom Stuart David Price til verda i North Yorkshire. Stuart Price er ein ettertrakta produsent som hjå meg kan høyrast medan han spelar tangentar på Madonna si plate Confessions On A Dance Floor frå 2005. Jethro Tull slepte si tredje samleplate Repeat-The Best Of Jethro Tull Vol. II. I 1978 spelte The Blues Brothers i levande live på The Universal Amphitheathre i Los Angeles. Høgdepunkta frå konserten vart samla på den storselgjande konsertplata Briefcase Full Of Blues, som kom ut seinare same året. I 1983 var Shieldfield Club i Newcastle vertskap for Toy Dolls. I 1991 slepte Gianna Nannini si andre konsertplate, Giannissima. I 1996 slepte R.E.M. plata New Adventures In Hi-Fi. I 2007 døyde Hughie Thomasson.
08.09.2012
Åttande september
Åttande september 1932 vart Virginia Patterson Hansley fødd i Winchester i Virginia. Patsy Cline hadde kometkarriere i countrymusikken før ho døyde i ei flyulukke, berre tretti år gamal, i 1963. I 1945 kom Kelly Groucutt til verda i Coseley i England. Bassisten Groucutt byrja i Electric Light Orchestra i 1974 og spelte med bandet frå til 1983. Hjå meg høyrer du Groucutt på samleplata Greatest Hits frå 1979. Groucutt døyde i 2009. I 1947 kom Benjamin Orzechowski til verda i Ohio. Benjamin Orr var bassist og songar i The Cars. Orr døyde i 2000. I Skotland vart Morris David Brough Perth fødd. Morris Perth sitt bidrag til mi platehylle finn du på Marianne Faithfull si plate Broken English frå 1979, der han spelar perkusjon. Perth døyde i 2010. I 1950 vart Zachary Richard fødd i Lafayette i Louisiana. Cajun-musikaren Richard kan hjå meg høyrast med drivande accordionspel på Michelle Shocked si plate Captain Swing frå 1989, og på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I 1952 kom William Franklin Lee IV til verda i San Antonio i Texas. Bassisten Will Lee er best kjend for arbeidet han har gjort med CBS Orchestra, som spelte for pratemaskina Dave Letterman på hans The Late Show. Hjå meg kan Lee sitt bidrag høyrast på platene After Hours, som Gary Moore slepte i 1992, og Rockinghorse, som er eit av Alannah Myles sine bidrag til populærkulturen, også den frå 1992. I 1960 kom David ”Shuffle” Steele til verda på den engelske festivaløya Isle Of Wight. Steele har spela i fleire band og kan hjå meg høyrast som bassist hjå Fine Young Cannibals på debutplata med same namn frå 1985. I Richmond i Virginia vart Aimee Mann fødd. Mann gjorde seg fyrst merkt i bandet ‘Till Thuesday, men har etter kvart etablert seg med eiga solokarriere. Dama trakterar bass i godt lag og det er vel få ting som er meir sexy enn ein kvinneleg bassist. Hjå meg finn du Mann si soloplate Lost In Space frå 2002. Mann kan også høyrast med vokalhjelp på Rush si plate Hold Your Fire frå 1987. I Lincolnshire kom Steve Waterman til verda. Trompetisten Waterman sitt bidrag til mi platehylle finn du på Van Morrison si plate Enlightenment frå 1990. I 1964 fekk familien Nielsen eit nytt bidrag då vetle Joachim kom til verda. Joachim ”Jokke” Nielsen var den notorisk rusa sjefen i bandet Jokke & Valentinerne, som gav ut fleire kritikarroste plater i perioden frå 1986 til 1994 og plukka med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. Jokke døyde av ein overdose heroin i 2000. I 1970 vart Neko Case fødd i Alexandra i den amerikanske delstaten Virginia. Case har gjeve ut ei rekkje soloplater, men hjå meg er det plata Electric Version, som The New Pornographers gav ut i 2003, hennar vokaliske bidrag kan høyrast. I 1972 kom Lance Bangs til verda i den californiske hovudstaden Sacramento. Produsenten Bangs er kredittert for noko så kurriøst som klapping på Foo Fighters si plate The Colour And The Shape frå 1997. Same dag slepte Mott The Hoople plata All The Young Dudes, med David Bowie som mentor og komponist for tittelsporet. Tittellåten er i dag signaturlåten for både eit nysamla Mott The Hoople og ein hardarbeidande Ian Hunter. I 1973 kom multiinstrumentalisten Gabrial McNair til verda. Gabe McNair har sitt eige band kalla Oslo, men er best kjend for arbeidet han har gjort med No Doubt, der han i mi platesamling høyrast medan han spelar keyboard og trombone på plata Tragic Kingdom frå 1995. McNair kan også høyrast medan han lagar blåselyd på plata Nimrod, som Green Day slepte i 1997, og på The Offspring si plate Americana frå 1998. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast i levande live på Marples i stålbyen Sheffield. I 1985 var Toy Dolls i containerhamnebyen Rotterdam og spela for publikum i West Krubkade. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den siste av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 slepte Rush plata Hold Your Fire.
07.09.2012
Sjuande september
Sjuande september 1922 kom Joseph Dwight Newman til verda i jazzbyen New Orleans. Trompetisten Joe Newman spelte saman med Count Basie på samleplata Atomic Swing. Joe Newman døyde i 1992. I 1948 vart Dennis Thompson fødd i Detroit. Trommisen Thompson taktfaste bidrag til rocken kan i mi platehylle høyrast på plata Back In The USA, som MC5 slepte i 1970. I 1949 kom Gloria Fowles til verda i Newark i New Jersey. Discodronninga Gloria Gaynor produserte ei rekke topp hits i diskoen sin gullalder og vert kan hende best hugsa for homsefavoritten I Will Surivive, som toppa platelistene i 1979. Hjå meg finn du The Collection frå 1996 og der er dei fleste av godbitane frå dama si karriere representert. I 1951 fekk verda ei miljømedviten rockestjerne med sterke meiningar i Christine Ellen Hynde. Chrissie Hynde har levert rock med sterke meiningar i bandet The Pretenders, som framleis står på mi ynskjeliste, i ei årrekkje, men enn så lenge må eg nøye meg med å høyre ho synge som gjestevokalist for UB40 på songen I Got You Babe, som opphavleg var ein slagar med duoen Sony And Cher. I 1953 kom Benjamin Montmorency Tench III til verda i Gainesville i Florida. Benmont Tench var ein av grunnleggarane av bandet Tom Petty And The Heartbreakers, men orgelspelet hans kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan-plata Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, i tillegg til Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993, Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill (1995) og Supposed Former Infatuation Junkie (1998), og Johnny Cash sine plater frå American-serien, Unchained frå 1996, American III: Solitary Man frå 2000 og American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1961 vart LeRoi Holloway Moore fødd i Durham i North Carolina. Saksofonisten LeRoi Moore var ein av grunnleggjarane av Dave Matthews Band og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. Moore døyde i 2008. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen (You Make Me Feel Like) A Natural Woman. I 1969 vart Jean-Benoît Dunckel fødd i den kongelege landsbyen Versailles. Dunckel er ein halvdel av den franske electronicaduoen Air. I 1978 døyde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmane si teneste. Dødsårsaka skal ha vært at stakkars Keith vart kvelt av sitt eige oppkast etter ei ganske så overdriven bursdagsfeiring. Gratulerar med vel overstått. I 1983 var den evigunge samuraien med fortid i Velvet Underground, Lou Reed, og underheldt i idylliske Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei liveplate med tittelen Lou Reed In Concert. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls fôrflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i frykta og berykta, men likevel så sagnomsnuste Hammersmith Odeon. I 1992 slepte Roger Waters plata Amused To Death. I 1997 gav Janet Jackson ut plata The Velvet Rope. Dette var hennar sjette studioplate. I 1998 slepte det skotske indiebandet Belle & Sebastian si tredje studioplate, The Boy With The Arab Strap. Same dag slepte Hole, med skandalepresseyndlingen Courtney Love i spissen, si tredje studioplate, Celebrity Skin, på plateselskapet Geffen. Den amerikanske versjonen kom dagen etter. I 2003 døyde Warren Zevon.
06.09.2012
Sjette september
Sjette september 1941 vart Michael Waller fødd i Hammersmith. Trommeslagaren Micky Waller byrja å herje på dei britiske platelistene tidleg på sekstitalet med The Steampacket og The Jeff Beck Group. Hjå meg høyrest Waller på Billy Bragg si plate Workers Playtime frå 1988. Waller døyde i 2008. I 1942 kom David Bargeron til verda i New York City. Dave Bargeron har vore fast inventar i Blood Sweat & Tears, i tillegg til at han har spelt både trombone og tuba med fleire store namn, som mellom anna Mick Jagger, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på plata All American Alien Boy, som Ian Hunter gav ut i 1976, og på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1943 vart George Roger Waters fødd i engelske Surrey. Roger Waters var ein av grunnleggjarane av Pink Floyd, eit band han forlèt i 1985. Waters har seinare gjeve ut tre soloalbum og ei sceneoppsetjing av meisterverket The Wall. Hjå meg kan ein høyre Waters på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, ei av verdas mestselgjande plater, og på soloplata Amused To Death frå 1992. I 1953 kom Herwig Rudolf Mitteregger til verda i austerrikske Mautern. Trommisen Herwig Mitteregger sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Nina Hagen Band si plate Unbehagen frå 1979. I 1956 vart Sakari Jyrki Kuosmanen fødd i Helsinki. Sakari Kuosmanen var ein av fleire songarar i Leningrad Cowboys og hjå meg kan han høyrast på plata som følgjer filmen Leningrad Cowboys Go America frå 1989. I 1957 var Elvis Presley i studio saman med gruppa The Jordanaires for å spele inn låta Don’t. I 1961 kom Scott Travis til verda i Norfolk i Virginia. Trommeslagaren Travis er best kjend for å halde takten for Judas Priest og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata Metal Works ’73-’93 frå 1993. I 1971 kom Dolores Mary Ellen O’Riordan til verda i Limeric i Irland. Dolores O’Riordan er vokalist i det irske bandet The Cranberries. Platene Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We (1993) og To The Faithful Departed frå 1996 er på plass i hylla og ein skal ikkje sjå bort frå at det vert meir frå den kanten. I 1972 vart Eugene Hütz fødd i Kiev i Ukraina. Hütz, som også livnærer seg som komponist og skodespelar, er best kjend som frontmannen i det amerikanske punkrockbandet Gogol Bordello og kan i mi platesamling høyrast på EP-plata East Infection frå 2005. I 1978 filma AC/DC Sin City for ABC sitt program The Midnight Special. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Newcastle, nærare bestemt i Old Hall Pub. Etter konserten tok trommeslagar Dean James ein pause som skulle vare fram til 1985. I 1984 såg dei frammøtte på Bier Kellar i Blackpool Toy Dolls underhalde frå scenen. I 1985 fekk publikum på Simplon i Gronningen eit gjensyn med Toy Dolls. I 1986 slepte Iron Maiden Wasted Years som fyrste singel frå plata Somewhere In Time. Singelen når attandeplass og bandet nyttar kvelden til å spele sin fjerde konsert på rad i Hammersmith Odeon som oppvarming for turneen Somewhere On Tour. I 1990 døyde Tom Fogerty. I 1994 slepte det amerikanske punkrockbandet Bad Religion det åttande studioalbumet sitt, Stranger Than Fiction. I 1997 døyde Roy Huskey Jr.
05.09.2012
Femte september
Femte september 1946 kom Farrokh Bulsara til verda på eksotiske Zanzibar i India-havet. Songaren Freddie Mercury gjorde stor suksess som vokalist i supergruppa Queen. Ingen Queen-plater i mi hylle enno, diverre. I mi platesamling er det som korist på songen You Nearly Did Me In, som Ian Hunter gav ut på plata All American Alien Boy i 1976, at Mercury kan høyrast. Freddie Mercury døyde i 1991. I Chapel Hill i North Carolina vart Loudon Snowdon Wainwright III fødd. Artisten Loudon Wainwright er kan hende like kjend for å vere far til dei meir kjende artistane Rufus Wainwright og Martha Wainwright, men gamlingen er såpass merritert at han har karra til seg Grammy-pris på eiga hand. Det hendte i 2010 for plata High Wide & Handsome: The Charlie Poole Project, og kategorien var Best Traditional Folk Album. Mi platehylle byr på plata Attempted Mustache, som kom på marknaden så tidleg som i 1973. I 1947 kom Melvyn Desmond Collins til verda på øya Isle Of Man i Irskesjøen. Saksofonisten Mel Collins er best kjend for å spele i King Crimson og The Alan Parson Project. Hjå meg kan Collins høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1952 vart Ricky Fataar fødd i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Trommeslagaren Fataar sitt taktfaste spel kan hjå meg høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1963 kom John Peter Alderete til verda i Los Angeles i California. Bassisten Juan Alderete spelar til dagleg i The Mars Volta og hjå meg kan han høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1973 kom Rose Arianna McGowan til verda i italienske Firenze. Songaren Rose McGowan har vore innom Marilyn Manson og hjå meg kan ho høyrast med vokal på songen Posthuman frå plata Mechanical Animals frå 1998. I 1975 gjorde Bob Seger & The Silver Bullet Band sin andre konsert på to dagar i Cobo Hall i Detroit. I 1977 døyde George Barnes. I 1978 kunne dei som var interessert kjøpe Skynyrd’s First And....Last, som Jacksonville, Florida sine store, langhåra heltar i Lynyrd Skynyrd gav ut på denne dagen. I 1980 var dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på plass i Gateshead. High Feel Club var namnet på staden der dei kunne opplevast denne kvelden. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast i Bier Kellar i Leeds. I 1985 fekk dei frammøtte på Giganti i Appledoorn høyre godlyd frå energiske Toy Dolls. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den tredje av seks konsertar i legendariske Hammersmith Odeon. I 1987 var Toy Dolls i Winterhur for å spele på festival.
04.09.2012
Fjerde september
Fjerde september 1920 kom Harold B. Jackson til verda i Wilmington i North Carolina. Harold Jackson har livnært seg ved å spele dobro og steel guitar og kan i mi platehylle høyrast på mellom anna Johnny Cash si plate Ride This Train frå 1960. Jackson døyde i 1991. I 1945 vart Daniel Wood Gatton fødd i Washington D.C. Gitaristen Daniel Gatton var kjend for å blande rockabilly, jazz og country på sin særeigne måte og er av fleire magazin rekna som ein av verdas beste gitaristar. Hjå meg kan Gatton sitt gitarspel høyrast på Chris Isaak si plate San Francisco Days frå 1993. Gatton tok sitt eige liv i 1994. I 1956 vart W.A.S.P.-sjef Blackie Lawless fødd som Steven Edward Duren på Staten Island i New York og vegen låg open for eit liv i skrekkrocken si teneste. Som livslang fan passar det at underteikna skal sjå gamle heltar for andre gong i Bergen i oktober 2010, fyrste møte i 2005 gav absolutt meirsmak. Lawless sitt bidrag til mi platehylle er ei samleplate som heiter First Blood…Last Cuts og kom på marknadenen i 1993. I 1965 kom Jesper Binzer til verda i København. Binzer er vokalist og gitarist i D-A-D og kan hjå meg høyrast på den kritikarroste plata Soft Dogs frå 2002. I 1970 kom Igor Graziano Cavalera til verda i Belo Horizonte i Brazil. Igor Cavalera var trommeslagar i Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1972 kom Guto Daffyd Pryce til verda i Cardif. Guto Pryce er bassist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har to bidrag til mi platehylle, studioplata Love Kraft (2005) og samleplata Songbook The Singles Vol. 1 (2004). I 1975 vart Mark Daniel Ronson fødd i den trendy bydelen Notting Hill i London. Mark Ronson er best kjend som plateprodusent, men spelar gjerne med for dei artistane han produserar og kan hjå meg høyrast med ulike instrument på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. Same kveld spelte Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit. Konserten kan høyrast på plata Live Bullet, som kom på marknaden i 1976. I 1981 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Nine Tonight. Same dag vart Beyoncé Giselle Knowles fødd i Houston i Texas. Jentebandet Destiny’s Child sitt mest profilerte medlem, Beyoncé, sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Under Construction frå 2002. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i Trade and Labour Club i Hebburn. I 1984 fekk fjernsynssjåarane høve til å oppleve AC/DC på BBC One. Programmet hadde tittelen Late Night In Concert og sjåarane fekk oppleve Guns For Hire og Dirty Deeds Done Dirt Cheap. Det er uvisst om dette opptaket er gjort syttande, eller attande november året før, det som er sikkert er at det vart spela inn i Detroit og at det i dag er tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 var Toy Dolls i Holland og spelte for fansen på De Boorderis i Zoetemeer. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den andre av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 spelte R.E.M inn Last Date som fekk evig liv som B-side på It’s The End Of The World As We Know It (And I Feel Fine) og eller kan høyrast på samleplata Document. I 1990 kom Ministry si fyrste konsertplate, In Case You Didn’t Feel Like Showing Up.
03.09.2012
Tredje september
Tredje september 1942 kom Alan Charles Jardine til verda i Lima i Ohio. Al Jardine vart, etter at familien flytta til Hawthorne i California, kompis med Wilson-brørne i The Beach Boys, og etter det var kursen som gitarstjerne staka ut. Hjå meg kan Jardine sine gitartriller høyrast på platene 15 Big Ones, Summer Dreams og Super Hits. I 1948 vart Don Brewer fødd i Flint i Michigan. Brewer si karriere omfattar både Grand Funk Railroad og Silver Bullet Band og i mi platesamling kan trommespelet hans høyrast på GFR-platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1955 kom Stephen Philip Jones til verda i London. Steve Jones var originalbassist i Sex Pistol, men vart etter kvart erstatta av Sid Vicious. I mi platehylle kan Jones i tillegg høyrast som hjelpebassist for Joan Jett & The Blackhearts på plata I Love Rock ‘N Roll frå 1981. På andre sida av verda vart Robert George Hirst fødd i Camden i New South Wales. Trommeslagaren Rob Hirst var ein av grunnleggjarane av Midnight Oil i 1976, og han heldt ut med bandet til dei gav seg i 2002. Mi platehylle byr på studioplatene Diesel And Dust (1987) og Blue Sky Mining (1990), i tillegg til konsertplata Scream In Blue-Live frå 1992. I 1960 kom italienskætta Perry Archangelo Bamonte til verda i London. Gitaristen Perry Bamonte er best kjend for arbeidet han gjordre med The Cure og hjå meg høyrer du han på plata Wild Mood Swings frå 1996, ei plate han var med å delprodusere. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den fyrste av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1990 slepte George Michael si andre soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1. I 2010 slepte Imelda May plata Mayhem på heimemarknaden i Irland, same dag som Mike Edwards døyde.
02.09.2012
Andre september
Andre september 1946 vart William Everett Preston fødd i Houston i Texas. Billy Preston har arbeida med så å seie alle dei store rockeartistane, som The Beatles, Bob Dylan, Little Richard, Eirc Burdon og Ray Charles. Hjå meg kan Preston høyrast medan han spelar piano for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993. Preston døyde i 2006. I 1951 kom Michael Kaminski til verda i engelske Harrogate. Fiolinisten Mik Kaminski er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1952 kom Fritz McIntyre til verda i Brimingham. Tangentmannen McIntyre var ein av grunnleggjarane av Simpy Red og kan hjå meg høyrast på plata Stars frå 1991. I 1956 festa Elvis Presley, men hjelp av The Jordanaires, Too Much til platerullane. I 1957 vart Steven Maxwell Porcaro fødd i Hartford i Connecticut. Tangentmannen Steve Porcaro er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Toto, men hjå meg finn du arbeidet hans på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978, og på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979. I 1958 kom Jerome Stanley Agustyniak til verda i Sloan i delstaten New York. Trommeslagaren Jerry Agustyniak held til dagleg takten for 10 000 Maniacs og hjå meg kan han høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Man’s Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1977 vart Samuel Robert Rivers fødd i Jacksonville i Florida. Sam Rivers er bassist i rapmetallbandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs frå 2001. I 1983 spela Toy Dolls for trufaste fans på Feltham Football Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Alabamahalle i München og dei frammøtte fekk sjå at Dean James var attende i bandet, klar for ein ny periode, som bassist denne gongen. I 1996 gav Suede ut plata Coming Up, dette var bandet si tredje studioplate.
01.09.2012
Fyrste september
Fyrste september 1925 kom Arthur Edward Pepper, Jr til verda i Gardena i California. Saksofonisten Art Pepper sitt vedunderlege spel kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Art Pepper døyde i 1982. I 1946 vart Barry Allan Crompton Gibb fødd på Isle Of Man, ein liten holme i Irskesjøen. Barry Gibb er kjend for at han, saman med brørne Robin og Maurice, starta pop- og discobandet Bee Gees. Hjå meg kan Gibb høyrast på konsertplata One Night Only frå 1998. I 1948 vart trommeslagaren Russell Kunkel fødd i stålbyen Pittsburgh. Russ Kunkel er ein studiomusikar som hjå meg kan høyrast medan han held takten på Bob Dylan-plata Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973, og på Neil Young si plate Zuma frå 1975, i tillegg til plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og Jackson Browne si plate Lawyers In Love frå 1983. I 1955 kom Bruce D. Foxton til verda i engelske Woking. Bruce Foxton er best kjend for å ha spela bass i det engelske modbandet The Jam, og skal i dag ha skværa opp i det som han og sjefen sjølv, Paul Weller, var usams i, noko som gjev von om fruktbart samarbeid i framtida. Hjå meg kan Foxton sitt basspel høyrast på samleplata Beat Surrender frå 1993. I 1960 vart Richard Keith Lewis fødd i London. Cass er medlem av det engelske bandet Skunk Anansie og kan høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chill, som kom på marknaden i 1999. I 1963 vart Bryan Grant Phillips fødd i Stockton i California. Grant-Lee Phillips slo gjennom med gruppa Grant Lee Buffalo og plata Fuzzy i 1993, i dag turnerar han under eige namn, stundom aleine med gitaren, stundom med eige band. Hjå meg høyrer du Phillips på platene Fuzzy (1993), Mighty Joe Moon (1994) og Jubilee (1998). I Stockhom kom Eva Ann-Ida Schultz til verda. Gitaristen og songerinna Idde Schults sitt bidrag til mi platehylle er bakgrunnsvokal på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1969 platedebuterte Nick Drake med Five Leaves Left. I 1975 vart Omar Alfredo Rodríguez-López fødd i Bayamón i Puerto Rico. Multiinstrumentalisten Omar Rodríguez-López, med base i grensebyen El Paso i Texas, spelar gitar i The Mars Volta, og er storebror til tangentmannen Marcel i same band. I mi platehylle kan Rodríguez-López høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. Frå 1984 hugsar mange dagen for at Motörhead slepte singelen Killed By Death/Under The Knife, andre var gjerne tilstades då Toy Dolls gjekk på scenen på Oddies i Oldham. I 1987 kom R.E.M. med plata Document. I 1989 gav Mano Negra ut plata Puta’s Fever. I 2001 platedebuterte Kaizers Orchestra med den storselgjande plata Ompa Til Du Dør.
Abonner på:
Innlegg (Atom)