12.01.2012
Åttande januar
Åttande januar 1906 kom trompetisten Wendell Phillips Culley til verda i Worchester i Massachusetts. Wendell Culley spelte med Count Basie på femtitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Wendell Culley døyde i 1983. I 1929 vart gitaristen Luther Perkins fødd. Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Det er diverre ikkje plass til å liste opp alle platene Perkins sitt gitarspel kan høyrast på. Perkins døyde altfor tidleg i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet. I 1947 kom David Robert Jones til verda i metropolen London. Rockekameleonen David Bowie treng, etter å ha prega populærmusikken i fleire tiår, ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein, enn så lenge, plata Space Oddity frå 1969. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.
07.01.2012
Sjuande januar
Sjuande januar 1958 fekk ein for fyrste gong høyre Elvis Presley seie Don’t og amerikanarane kjøpte bodskapen nok til at det vart fem veker på fyrsteplass på listene. Reserverte engelskmenn meinte at ein tredjeplass fekk halde. I 1984 var dette datoen då Toy Dolls spela den fyrste utanlandskonserten sin, det hendte på Lingerie Club i blaserte Hollywood, California. I 1987 avslutta Iron Maiden juleferien og innleia Nord-amerikadelen av Somewhere On Tour. Syttitre konsertar over det nordamerikanske kontinentet venta dei hardtarbeidande britane og det er all grunn til å tru at publikum var fornøgde.
06.01.2012
Sjette januar
Sjette januar 1924 vart det amerikanske banjogeniet Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash-plata Ragged Old Flag frå 1974. I 1951 kom den amerikanske bluesartisten Kim Wilson til verda i Detroit. Wilson flytta frå Detroit, via California, til Austin i 1974, og der slo han seg saman med supergitaristen Jimmy Vaughan. Saman starta dei to det fantastiske bluesbandet The Fabulous Thunderbirds som har vore Grammynominert fleire gonger.
Femte januar
Femte januar 1934 vart Rufus Thibodeaux fødd. I mi platesamling spelar den allsidige Rufus fele på platene Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (1980) med Neil Young. Thibodeaux døyde i 2005. I 1946 fekk verda visesongaren Halvdan Sivertsen. Eg har ein sambuar som har plassert plata Kjærlighetslandet frå 1994 i platehylla mi, og det vert nok det einaste bidraget frå denne artisten. I 1950 kom Chris Stein til verda. Stein er gitarist og låtskrivar i den amerikanske gruppa Blondie og kjem du innom kan du få høyre gitarspelet hans på plata Parallel Lines frå 1978. I 1969 kom Brian Hugh Warner til verda i Canton i Ohio. Marilyn Manson freista å ta skrekkrocken til nye høgder, om han lukkast er det delte meiningar om, men det er ikkje tvil om at det er god driv i musikken hans. Mi platehylle byr på platene Mechanical Animals og The Last Tour On Earth. I 1980 nytta Toy Dolls denne dagen til å spele for dei innsette i fengselet Aklington, men det er uvisst om det gjorde det betre eller verre å vere låst inne. I 1982 nytta Madness denne januardagen til å smyga seg inn på fjerdeplass på listene med singelen It Must Be Love. Denne datoen i 1991 fekk verda høve til å handle Motörhead-singelen The One To Sing The Blues/Dead Mans Hand. I 2004 døyde John Guerin.
Fjerde januar
Fjerde januar 1922 kom saksofonisten Frank Wess til verda i Kansas City. Frank Wess kan hjå meg høyrast som ein del av orkesterleiaren Count Basie sitt band på samleplata Atomic Swing. I 1942 vart John McLaughlin fødd i Doncaster i Nord England. Gitaristen McLaughlin er av meir kjende gitarkollega Jeff Beck utropt til å vere verdas beste gitarist, noko mange gitarnerdar er sams med han i. Hjå meg kan McLaughlin høyrast medan han spelar på ei av Miles Davis sine legendariske fusionjazzplater, In A Silent Way frå 1969. I 1956 kom gitaristen Bernard Sumner til verda. Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order. Sumner kan hjå meg høyrast på Joy Division si samleplate Substance frå 1988. I 1957 var dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart R.E.M.-vokalisten John Michael Stipe fødd i Georgia. Mannen treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv og mi platehylle har etter kvart fått eit bra utval R.E.M-plater. Eg var også så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M. på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. Stipe er også kredittert for vokalbidrag på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 kom Till Lindemann til verda i Leipzig i det tidlegare Aust-Tyskland. Den tidlegare juniorsvømmaren av høgt kaliber er i dag frontmann for det tyske industimetallbandet Rammstein. I 1965 vart Cait O’Riordan fødd i oljelandet Nigeria. Caitlin kom seinare, i perioden 1983-1986, til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London, på programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger. Songen fekk ikkje plass på noko plate på det tidspunktet, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1977 kom Timmothy James Arthur Wheeler til verda i Downpatrick i Nord-Irland. Tim Wheeler er gitarist og ein av grunnleggjarane av bandet Ash. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot. I 2011 døyde Gerry Rafferty.
03.01.2012
Tredje januar
Tredje januar 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast på Buffalo Springfield-plata Buffalo Springfield Again frå 1967, i tillegg til songane Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si Greatest Hits-plate, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1946 kom John Baldwin til verda i Kent. John Paul Jones er best kjend for å ha traktert bass og ei rekkje andre instrument for rockedinosaurane Led Zeppelin. Jones har i tillegg livnært seg som komponist og arrangør og er sist sett som medlem av supergruppa Them Crocked Vultures saman med Josh Homme og Dave Grohl. I 1954 vart Ross Friedman fødd i Bronx i New York City. Ross “The Boss” Funicello var ein av grunnleggjarane av bandet The Dicktators og kan høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1962 kom den engelske bassisten Guy Pratt til verda i London. Pratt var ein viktig del av rytmeseksjonen på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si soloplate Storywille frå 1991. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Moberg frå Os, ein kort køyretur sør for Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som begge sjølvsagt er sterkt representert i mi platehylle. I 1979 kom Surferosasongar og -frontfigur Mariann Thomassen til verda i sunmørshovudstaden Ålesund.
01.01.2012
Fyrste januar
Det er klart for enno eit nytt år, me stormar etter kvart inn i 2012, vonleg med mange finurlege overraskingar i vente for alle oss som er meir enn gjennomsnittleg glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til den tradisjonelle nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I etterkrigsåret 1919 vart musikkåret innleia med at jazzmusikaren Al McKibbon kom til verda. McKibbon heldt liv i seg som bassist, og hjå meg kan han høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på Miles Davis-plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i forblåste Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981 gitarspelet hans kan nytast.
Trettifyrste desember
Trettifyrste desember 1943 kom Peter Alexander Greenlaw Quaife til verda i idylliske Devon på den engelske sørkysten. Pete Quaife var originalbassisten i The Kinks og spelte med bandet i den mest kreative og hitrike perioden, 1963 til 1969. Quaife døyde i 2010. I 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spede byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1953 kom den belgiske songerinna Danielle Schoovaerts til verda. Dani Klein var med å starte Vaya Con Dios, eit av belgias mest suksessrike band gjennom tidene. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, ikkje reggeaøystaten i Karribia, men ein småby i den amerikanske delstaten New York. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 nytta AC/DC årets siste dag til å spele sitt fyrste offisielle show. Det skal ha hendt i ein av verdas mange homsemetropolar, Sydney i Australia, og om dei små gutane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og eit godt stykke ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1991 spelte The Allman Brothers Band i Macon City Auditorium, ein konsert som er inkludert på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte den Bergens-baserte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M, som bydde på sterke spor som Eple og Poor Leno, og som gjekk til topps på hitlister over heile den vestlege verda. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen gjennom 2011 eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig også i det nye året.
Trettiande desember
Trettiande desember 1928 vart saksofonisten Jack Montrose fødd i Detroit. Montrose sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays. Montrose døyde i 2006. I 1930 kom Orville J. Rhodes til verda i Illinois. Red Rhodes levde av å spele steel guitar og kan hjå meg høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Red Rhodes døyde i 1995. I 1946 kom Patricia Lee Smith til verda. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos. Clive Bunker er trommeslagar av legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på platene This Was og Aqualung. Han har seinare gjort trommeteneste i band som Bloodwyn Pig og Manfred Mann. I 1959 vart Tracey Ullman fødd i byen med det sjarmerande namnet Slough. Den britiske skodespelaren og komikaren har ikkje berre plaga folk gjennom fjernsynsruta, ho har også herja platelistene og mi platehylle byr på samleplata The Very Best Of…, som, som tittelen indikerer, gjev oss det beste dama har spela inn gjennom åra. I 1972 spelte Lou Reed saman med bandet The Totts på Main Point i Philadelphia. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga. I 2009 døyde Rowland S. Howard.
Tjueniande desember
Tjueniande desember 1929 vart Matt Murphy fødd i Mississippi. Matt “Guitar” Murphy er ein bluesgitarist som ofte vert hugsa for arbeidet han har gjort med bandet The Blues Brothers. I 1943 kom Richard Clare Danko til verda i Ontario. Rick Danko var bassist i The Band og kan høyrast på plata Islands frå 1977. Danko døyde i 1999. I 1946 vart Marian Evelyn Faithfull fødd i London. For mange er Marianne Faithfull best kjend som eks-dama til Mick Jagger, men Faitfull har hatt ei spanande solokarriere, berre avbroten av periodar som uteliggjar og knallhard avrusing. Plata Broken Englis frå 1979 vert rekna som eit av hennar sterkaste kort. I 1947 kom Colin Flooks til verda. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1961 vart Jim Reid fødd i Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987 og samleplata The Sound Of Speed. I 1967 kom Evan Seinfeld til verda i Brooklyn. Seinfeld har ei fortid i bandet Biohazard og kan hjå meg høyrast på to plater frå det glade og kreative nittitalet. I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club. I 2008 døyde Freddie Hubbard.
Tjueåttande desember
Tjueåttande desember 1946 stod jubelen i taket hjå familien Winter, då vetle John fekk ein vetlebror. Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre han på ulike klipp kreditert den meir meritterte storebroren sin, Johnny Winter. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1983 døyde Dennis Wilson. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen. I 1991 gjorde The Allman Brothers Band den fyrste av tre konsertar i Macon City Auditorium i Georgia. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom på marknaden året etter. I 2004 slepte hardtarbeidande Glen Matlock And The Phillestines plata On Something.
Tjuesjuande desember
Tjuesjuande desember 1944 kom den engelske gitaristen Michael Leslie Jones til verda. Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty Two Tunes Live From Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.
Abonner på:
Innlegg (Atom)