14.11.2010

Fjortande november

Fjortande november 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i Queens. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det som trommeslagar for W.A.S.P. på samleplata First Blood. Last Cuts han kan høyrast. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i Detroit der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. Theatret Barbet i Bordeaux tok i mot Toy Dolls i 1989. Same dato i 1992 kom Motörhead med The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret.

13.11.2010

Trettande november

Trettande november 1942 kom gitaristen John Paul Hammond til verda i New York. Hammond kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for Bob Dylan på plata Bring It All Back Home frå 1965. Han er også kreditert for å spele Blues Harp på sporet Pony frå Tom Waitz si plate Mule Variations,s som kom på marknaden i 1999. I 1953 fekk verda trommeslagaren Andrew Ranken. Ranken er best kjend for å spele trommer for The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Der er han rett nok omtalt som Ardren Ranken. I 1981 var Ferryhill staden for dei som ville høyre Toy Dolls spele og det hendte på 101 Club. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit.

12.11.2010

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda. Jones er kjent som både musikar og produsent og arbeidd med alle dei store i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band og som musikar for stjerner som Willie Nelson og Bob Dylan. I 1945 vart den kanadiske superstjerna Neil Young fødd. Litt seinare vart han utstyrt med mellomnamnet Percival. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008. I 1964 vart bassisten David Ellefson fødd i den skandinaviske delstaten Minnesota. Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Splash som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i Nottingham verskap for Ozzy Ozbourne sin Retirement Sucks-turné.

09.11.2010

Niande november

Niande november 1985 kom den andre plata frå W.A.S.P., The Last Command. Steve Riley hadde erstatta Tony Richards på trommene. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 spelte Toy Dolls på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde den amerikanske jazzsongaren Kenny Hagood. ”Pancho” Hagood, som var fødd i bilbyen Detroit i 1926, kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist for Miles Davis på plata Birth Of The Cool. I 1992 gav Mano Negra ut liveplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i Portsmouth.

08.11.2010

Åttande november

Åttande november 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1986 venta Madness på toget. Waiting For The Ghoast Train stogga på ein åttandeplass på listene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlet bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i Melbourne. Songen Kiss Of kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man.

07.11.2010

Sjuande november

Sjuande november 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo og har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er CSN&Y plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som haustunderhaldning. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste australiaturné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. I 1997 gav Ulf Lundell ut plata Män Utan Kvinnor. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon.

06.11.2010

Sjette november

Sjette november 1941 kom ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar til verda i myteomspunne San Antonio i Texas. Douglas Wayne Sahm debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornardos i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Både SDQ og TT er representert i mi platehylle. Sahm døyde i 1999. I 1948 vart bassisten John Russel Morgan fødd. Morgan nytta artistnamnet Rushton Moreve då han spelte i legendariske Steppenwolf. Same dag kom George Redburn Young til verda i den einaste skotske storbyen, Glasgow. Seinare utvandra heile Young-familien til australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men kan hende er det som produsent for dei to brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage. I 1961 kom Craig Goldie til verda. Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I 1964 kom geologiprofessoren og vokalisten i Bad Religion, Greg Graffin til verda. Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av gruppa og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance (1998). I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia. I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch.

05.11.2010

Femte november

Femte november 1931 er dagen Ike Turner kom til verda. Turner var gitaristen som stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet. Ike Turner døyde i 2007. I 1965 gav The Who ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1973 kunne Lynyrd Skynyrd-singelen Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards.

04.11.2010

Fjerde november

Fjerde november 1976 kom Freddy Cricien til verda. Cricien tenar til vanleg til livets opphald som vokalist i det amerikanske punkbandet Madball, og den som stikk innom ein dag eg er i godlune, kan få høyre han skrike lungene sine ut på plata Hold It Down frå 2000. I 1977 var dagen Ramones kom med plata Rocket To Russia. Åstad for innspelinga av meisterverket var Media Sound, New York i august og september same år og produsentar var Tony Bongiovi og T. Erdelyi aka trommeslagar Tommy Ramone. Songane Rockaway Beach, Teenage Lobotomy, Cretin Hop og We’re A Happy Family kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1978 spelte Blondie live på The Paradise i Boston. Deira versjon av Marc Bolan sin Bang A Bong (Get It On) kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1980 var The Who i Odessey Studios i London og spelte inn You Better You Bet. Erstattar for trommeslagar Keith Moon var Kenny Jones. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Biddic Farm Centre i Washington. I 1986 fekk gjestane på Zeche oppleve ein konsert med Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Freiburg for å spele på Cräsh. I 1989 var Toy Dolls og rocka Paris frå scenen i Elysee Montmartre. I 1992 enda Iron Maiden sin Fear Of The Dark Tour i Yoyogi Olympic Pool i Japan. I 1994 døyde Fred ”Sonic” Smith.

03.11.2010

Tredje november

Tredje november 1954 vart den amerikanske cellisten Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand og Tori Amos, men i mi platesamling er det på No Doubt-plata Tragic Kingdom frå 1995 ho kan høyrast. I 1960 kom tangentmannen i skotske Deacon Blue til verda. James Prime vart fødd i Kilmarnock og var med å starte bandet i 1985, men forlet den glade forsamlinga i 1998. I 1963 kom den norske biletkunstnaren May Iren Aasen til verda. Aasen er for massane kjend for å spele trommer for Jokke & Valentinerne og kan i mi platesamling høyrast medan ho held takten på platene III (1990) og Frelst (1991). I 1964 fekk verda høve til å kjøpe Elvis Presley sin versjon av den tyske barnesongen Muss I Den. Wooden Heart var henta frå familiefilmen G.I. Blues, den fyrste filmen der ”Kongen” ikkje spela rolla som rebell, og låg seks veker på topp av dei engelske listene, men fekk ikkje notert listeplassering i USA. I 1980 slepte Neil Young plata Hawks & Doves, der Levon Helm frå The Band slepte til på trommer på eit av spora. I 1981 vitja Toy Dolls Casablanca i Newcastle. I 1982 kom Toy Dolls til Fandangos i Hexham. I 1984 kom Iron Maiden med singelen Aces High. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls frå scenen på Tor III i Dusseldorf. I 1987 var Toy Dolls attende på Theatre Fabrik i Munchen. I 1989 var Exil i den tidlegare romerske grensebyen Trier åstad for ein Toy Dolls konsert.

02.11.2010

Andre november

Andre november 1947 vart David Pegg til verda. Dave Pegg har spelt med store folk-rock namn som Fairport Convention, og i mi platehylle kan han høyrast medan han speler med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. Same dato i 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlot Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Geneve. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi.

01.11.2010

Fyrste november

Fyrste november 1960 stilte Elvis Presley stilte Elvis Presley spørsmålet mange ungjenter vona å få. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, vert han gjerne hugsa for ei rekkje damehistoriar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitsa dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate.