18.02.2018

Syttande februar

I 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i pensjoniststaten Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder (1981), i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Medlocke er også kreditert for gitarspel på den niande studioplata frå Lynyrd Skynyrd, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd, samstundes som han leiger ut bandnamnet Blackfoot under strengt overoppsyn av sjefen sjølv.

Andre jubilantar
Spike Heatley (1933)
Buck Trent (1938)
John Lingwood (1951)
Moussa Diallo (1955)
Jeffrey Foskett (1956)
Taylor Hawkins (1972)
Gunnar Westgaard (1972)
Billy Joe Armstrong (1972)
Svein Berge (1976)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar