07.02.2018

Sjette februar

I 1945 kom Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley er til dags dato den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett, og har, som rockekongen Elvis Presley, opplevd større suksess etter at han døyde. I tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte Marley tidleg i karrieren saman med dei to landsmennene Bunny Wailer og Peter Tosh, som begge hadde stor suksess på eiga hand etter at samarbeidet opphøyrde. Marley si musikalske arv omfattar, i tillegg til udødlege hits, ein stor og musikalsk barneflokk, som han laga i lag med kona Rita Marley. Hjå meg kan legenda høyrast på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til dei uoffisielle samleplatene Collection Gold (1991) og His 24 Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley & The Wailers – The Very Best Of (2001). Bob Marley døyde av kreft, etter kort sjukeleie i 1981.

Andre jubilantar
Bernie Glow (1926-1982)
Nelson Boyd (1928-1985)
John Pisano (1931)
Tony Andreason (1943)
Bob Marley (1945-1981)
Richie Hayward (1946-2010)
Kate McGarrigle (1946-2010)
Dennis Godburn (1949-2011)
Malcolm Young (1953-2017)
Scott Kempner (1954)
Jerry Marotta (1956)
Simon Phillips (1957)
W. Axl Rose (1964)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar