03.02.2018

Andre februar

I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling med samleplata 20 Great Love Songs. Nash takka etter kvart for seg i The Hollies og tok turen over dammen, der han starta eit samarbeid med dei to herrane David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young) og fleire bidrag frå dette samarbeidet kan høyrast på Neil Young si Greatest Hits-plate frå 2004. Nash er også kreditert for å spele gitar og syngje på kompisen David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971, og han spelar gitar og perkusjon, i tillegg til å yte vokalhjelp på plata Zuma, som Neil Young og kompisane i Crazy Horse slepte i 1975.

Andre jubilantar
Joe Mondragon (1920-1987)
Ross Valory (1949)
Alphonso Johnson (1951)
Jan Magne Førde (1962)
Rune Lindstrøm (1963)
Robert DeLeo (1966)
Sam Littlemore (1975)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar