26.08.2015

Tjuesjette august

Tjuesjette august 1938 kom Brian John Duffy til verda i engelske Ilford. Trommisen Jet Black er ein av grunnleggjarane av The Stanglers, men er etter kvart så redusert av overvekt og diabetes at han berre spelar siste halvleik av konsertane. Hjå meg kan Black høyrast medan han held takten på plata (The Gospel According To) The Meninblack frå 1981. I 1944 vart Alan Frederick Parker fødd i Matlock i engelske Derbyshire. Gitaristen Alan Parker brukte mesteparten av tida si som studiomusikar, men har også spelar i band som Blue Mink. Hjå meg kan Parker sitt gitarspel nytast på plata Historie De Melody Nelson, som Serge Gainsbourg slepte i 1971, og på utvalde spor på samleplata Early Collection, som oppsumerte Gerry Rafferty sine tidlege merittar. I Levittown i New York kom Maureen Ann Tucker til verda. Trommisen Moe Tucker slo frå seg i kunstrockabandet The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. I 1959 vart Danny White fødd i engelske Lechtworth. Tangenmannen White er i mi platehylle kreditert for å spele på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1960 kom Branford Marsalis til verda i Breaux Bridge i Louisiana. Jazzsaksofonisten Marsalis kan hjå meg høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1966 Shirley Ann Manson fødd i Edinburg i Skotland. Shirley Manson syng i bandet Garbage og hjå meg kan ho høyrast på platene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). Manson er også kreditert for hjelpevokal på sporet You Got A Killer Scene There Man på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. Same dag kunne platekjøparane skaffe seg singelen I’m A Boy frå The Who. Songen, som handlar om eit par som får høve til å velje kjønn på barna sine, men som, når den store dagen endeleg er der, får ein gut i staden for ei jente, vart bandet sin andre #2 låt. I 1969 kom singelen Suspicious Minds frå Elvis Presley. Songen vart løna med ei veke på fyrsteplass i USA, men måtte nøye seg med ein andreplass som bestenotering i England. Same dag kom No Doubt-trommis Adrian Young til verda i Long Beach i California, og ei hardtslåande karriere var byrja. Hjå meg kan Young sitt stødige trommespel høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003). I 1991 platedebuterte Blur med plata Leisure, som klatra til ein respektabel sjuandeplass på dei britiske platelistene. I 1993 døyde Alton Rubin. I 2000 døyde Allen Woody. I 2004 steppa metallguden Rob Halford inn som Black Sabbath-vokalist for ein bronkittsjuk Ozzy Osbourne. Konserten denne kvelden var i Camden i New Jersey og vart den fyrste av i alt åtte for superreserven. I 2008 slepte Motörhead plata Motorizer. I 2009 døyde Ellie Greenwich.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar