01.08.2015

Fyrste august

Fyrste august 1936 kom Uziah Thompson til verda i Mannings Mountain på Jamaica. Trommisen Sticky Thompson kan i mi platehylle høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på samleplata The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1942 vart Jerome John Garcia fødd i stillehavsbyen San Francisco i California. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døyde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead konsertplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Garcia er også kreditert for gitarspel og ymse anna på David Crosby si debutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1943 kom Geoffrey Britton til verda i London. Trommeslagaren Geoff Britton var innom Manfred Mann’s Earth band ein kort periode på slutten av 1970-talet og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på plata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1946 kom Raymond Burrell til verda i engelske Lincoln. Bassisten Boz Burrell si merittliste inneheld, mellom anna det legendariske bandet King Crimson, men hjå meg er det på supergruppa Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975 han kan høyrast. Burrell døyde i 2006. I 1949 vart James Dennis Carroll fødd i New York City. Poeten og musikaren Jim Carroll er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på Lou Reed si plate Mistral frå 1986. Carroll døyde i 2009. I 1951 vart Thomas Richard Bolin fødd i Sioux City i Iowa. Gitaristen Tommy Bolin fekk i løpet av si korte karriere høve til å erstatte supergitaristen Richie Blackmore i Deep Purple, men det vart med plata Come Taste The Band frå 1975. Bolin døyde av ein overdose heroin i 1976. I kanadiske Winnipeg kom Timothy Gregg Bachman til verda. Gitaristen Tim Bachman var ein av grunnleggjarane av Bachman-Turner Overdrive, eit band som har lurt ei samleplate kalla Best Of Bachmann-Turner Overdrive (1998) inn i mi platesamling. I 1958 vart Robert N. Buck fødd i Jamestown i New York. Rob Buck var ein av grunnlegggjarane av 10 000 Maniacs og var eit sentralt medlem av bandet fram til han døyde i desember 2000. Hjå meg kan Buck høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Mans Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1964 kom Adam Frederick Duritz til verda i Baltimore i Maryland. Oscar-nominerte Adam Duritz (beste song) er best kjend som grunnleggjar av Counting Crows, i mi platehylle kan røysta hans nytast på studioplata Gold, som Ryan Adams slepte i 2001. I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehitt og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1973 kom John Vinge til verda. Vinge spelte tangentar i Trang Fødsel frå 1995 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin’ In My Car la seg inn på ein fjerdeplass. I 2000 gav The Dandy Warhols ut plata Thirteen Tales From Urban Bohemia. I 2014 døyde Rod de’Ath.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar