18.08.2015

Attande august

Attande august 1944 vart Edwin Hawkins fødd i industribyen Oakland i California. Gospelsongaren Hawkins er i mi platehylle kreditert som gjesteartist på Earth, Wind & Fire si studioplate Touch The World frå 1987. I 1950 kom Dennis Leslie Elliott til verda i London. Dennis Elliott er best kjend for å ha halde takten for Foreigner, men i mi platehylle er det som trommis for Ian Hunter på hans debutsoloplate med same namn som artisten han kan høyrast. I 1956 vart Tony Garnier fødd i den minst kjende av tvillingbyane i Minnesota, St.Paul. Bassisten Garnier kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. Garnier leverte også tenestene sine til Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1981, og er kreditert for å spele på Paul Simon si studioplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1957 fekk humorverda eit bidrag då Dennis Collin Leary kom til verda i Worchester i Massachusetts. Stå opp-komikaren Leary sitt bidrag til mi platesamling heiter No Cure For Cancer og kom på marknaden i 1993. Denne blandinga av musikk og vitsar skal visstnok vere ganske morosam. I 1969 kom Klaus Joacim Sonstad til verda i Trondheim. Journalisten og Tv-stjerna Klaus Sonstad kan i mi platehylle høyrast på studioplata Indianer Cowboy frå 2008, ei plate som klatra heilt til trettiåttandeplass på VG-lista. I 1971 var Johnny Cash i Nashville i Tennessee og spela inn låten Miss Tara. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album frå 1975. I 1978 gav The Who ut plata Who Are You i England. Plata klatra til sjetteplassen på dei engelske platelistene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar