12.03.2015

Tolvte mars

Tolvte mars 1930 vart Wardell Joseph Quezergue fødd i New Orleans i Louisiana. Orkesterleiaren Wardell Quezergue er i mi platehylle kreditert for å ha arrangert blåserekka på eit spor på Robbie Robertson si plate Storrryville frå 1991. Wardell Quezergue døyde i 2011. I 1948 kom Richard Leslie Holroyd til verda i den nordengelske byen Oldham. Bassisten Les Holroyd har i vaksen alder livnært seg ved å spele i symforock bandet Barclay James Harvest, og kan hjå meg høyrast på konsertplata Berlin - A Concert For The People frå 1982. I Boston i Massachutsetts vart James Vernon Taylor fødd. Gitaristen og komponisten James Taylor sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, samt på plata Greatest Hits, som Neil Young slepte i 1998. I 1949 vart William Payne fødd i Waco i skytegale Texas. Pianisten Bill Payne er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Little Feat, men hjå meg er han kreditert for glitrande pianospel på platene Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Stranger In Town (1978), The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), alle slepte av Bob Seger And The Silver Bullet Band, på Lawyers In Love, som Jackson Browne slepte i 1983, og på Bryan Adams si plate Waking Up The Neighbours frå 1991, i tillegg til Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993, og Rhythm & Blues, som Robert Palmer slepte i 1999, og på utvalde spor på samleplatene Best Of Friends (John Lee Hooker, 1998) og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1956 vart Stephen Percy Harris fødd i London. Bassisten Steve Harris er grunnleggjar av, og ubestriden sjef i dei engelske metallikona Iron Maiden, og har opp gjennom åra stått for det meste av Iron Maiden sin musikk og er dermed den viktigaste kjelda til bandet sin suksess. Om ein skal seie noko negativt om Harris må det vere at han, i fotballen si verd, held med London-laget West Ham, noko som aldri er eit godt teikn. Harris leverte glitrande basspel på Koengen i august 2010 saman med resten av den etter kvart godt vaksne gjengen i Iron Maiden, og glitrande basspel har han levert på alle dei femten studioplatene og den eine konsertplata eg har investert i så langt. I 1957 kom Marlon David Jackson til verda i Gary i den amerikanske delstaten Indiana. Marlon Jackson er storebror av betre kjende Michael Jackson og hjå meg høyrer du han på samleplata The Ultimate Collection, som brødregjengen Jackson 5 slepte i 1995. I 1959 var dette dagen då Johnny Cash spela inn The Great Speckled Bird og Five Feet High And Rising. Songane, som var produsert av den faste produsenten på den tida, Don Law, enda opp på plata Songs Of Our Soil og kan i tillegg høyrast på samleplatene God frå 2000 (TGSB) og Johnny Cash’s America frå 2008 (FFHAR). I 1969 kom Graham Leslie Coxon til verda i Rinteln i det som den gongen heit Vest-Tyskland. Graham Coxon er best kjend for tida han spelte gitar i Blur. Hjå meg kan Coxon sitt gitarspel høyarst på studioplatene Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999). I 1979 vart Peter Doherty fødd i engelske Hexham. Skandaleombruste Pete Doherty er kjend for ein romanse med supermodellen Kate Moss og eit suksessrikt opphold i bandet The Libertines, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Babyshambles. Plata heiter Down In Albion, var bandet sin debut og kom på marknaden i 2005. I 1983 var Toy Dolls sin turné komen til Barracks i Albemarle. I 1996 slepte The Afghan Whigs si femte studioplate, Black Love. I 2010 døyde Leslie Duncan, same dag som Fish heldt konsert på Garage i Bergen og Susanne Sundfør slepte plata The Brothel på den engelske marknaden. I 2013 døyde Clive Burr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar