26.03.2015

Tjuesjette mars

Tjuesjette mars 1940 vart Lewis Barry Tabackin fødd i Philladelphia i Pensylvania. Saksofonisten Lew Tabackin er i mi platehylle kreditert for å spele på Tom Waits si tredje studioplate Small Change frå 1976. I 1942 kom pianisten og produsenten Larry Butler til verda i pensjoniststaten Florida, nærare bestemt i byen som er best kjend for å huse flybasen Pensacola. Butler hadde eit tett samarbeid med Johnny Cash tidleg på syttitalet og spelar piano på fleire av dei store slagarane hans. Hjå meg kan du høyre Butler spele piano på den svenske fengselskonsertplata Johnny Cash på Ôsteråker. Butler døyde i 2012. I 1948 vart Stephen Victor Tallarico fødd i Yonker i New York. Steven Taylor har hatt sitt levebrød som vokalist i Aerosmith. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengande. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og han skal heidrast for det. I mi platehylle høyrest Tyler medan han vræler på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line 1977). I engelske Birmingham kom Richard Tandy til verda. Tangentmannen Tandy spelte i Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1965 kom George Emanuell III til verda i Bellingham i den amerikanske delstaten Washington. Under artistnamnet Trey Azagthoth har han gjort seg merkt som gitarist og tangentmann i death metall-bandet Morbid Angel, og fleire omtykte musikkmagasin hevdar han er av dei beste gitaristane i sin sjanger. Hjå meg kan Azagthoth sitt arbeid høyrast på studioplata Domination frå 1995. I 1968 kom James Yoshiniobu Iha til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen James Iha er best kjend for arbeidet sitt med The Smashing Pumpkins og kan hjå meg høyrast på studioplatene Gish (1991), Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995) og Machina/The Machines Of God (2000), samt samleplata Greatest Hits frå 1997. Iha er også kreditert for gitarspel og bakgrunnsvokal på Melissa Auf Der Maur si plate Auf Der Maur frå 2004. I 1970 vart Justin Meldal-Johnsen fødd i Eugene i Oregon. Bassisten Meldal-Johnsen har spelt med ei rekkje artistar og i mi platahylle kan han høyrast på Tori Amos si plate From The Chorgirl Hotel frå 1998, Beck sine plater Midnight Vultures (1999), Guero (2005) og Odelay (2008), og for Air på Moon Safari (1998), i tillegg til I.R.M., som Charlotte Gainsbourg slepte i 2009. I 1972 spela kultbandet Mott The Hoople på ein trasig klubb i nærleiken av den sveitsiske bankbyen Zürich. Konserten var den siste før Mott The Hoople vart oppløyst for fyrste gongen og den seinare innspela songen Ballad Of Mott skal visst nok handle om denne hendinga. I 1980 gav den tidlegare Mott The Hoople-vokalisten Ian Hunter ut konsertplata Welcome To The Club, som var spelt inn på The Roxy Theatre i West Hollywood november året før. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Club Avcard i franske Tours. I 1988 slepte Iron Maiden singelen Can I Play With Madness. Singelen storma inn på ein tredjeplass på listene og var den fyrste av fire topp-ti-singlar frå plata Seventh Son Of A Seventh Son. Same kveld var Toy Dolls i idylliske Linköping og underheldt frammøtte svenskar på Arris. I 1991 slepte Bob Dylan fyrste trippel-CD i ein serie kalla The Bootleg series, denne har undertittelen Rare And Unreleased 1961-1991, og inneheld ei nærast endelaus rekkje raritetar. I 2002 måtte Randy Castillo gje tapt for kreften. I 2005 døyde Paul Hester.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar