09.03.2015

Niande mars

Niande mars 1942 kom den walisiske musikaren John Davies Cale til verda i Garnant. John Cale var, saman med Lou Reed, grunnsteinen i det eksentriske amerikanske kunstrockbandet The Velvet Underground, eit band som oppstod i miljøet rundt den like eksentriske kunstnaren Andy Warhol sin kunstfabrikk i New York City på slutten av sekstitalet, og som var ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den amerikanske punkrøyrsla. Hjå meg kan Cale høyrast på samleplata The Best Of Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed. I 1946 kom James Cregan til verda i Yeovil i engelske Somerset. Gitaristen Jim Cregan er best kjend for arbeidet han gjord i Family og Steve Harley sitt faste band, Cockney Rebel, hjå meg finn du Cregan sitt arbeid på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1947 vart Christopher Hamlet Thompson fødd i engelske Ashford. Songaren og gitaristen Chris Thompson er best kjend for arbeidet han har gjort med Manfred Mann’s Earth Band og hjå meg kan han høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. I 1950 var Miles Davis på plass i New York og spelte inn songane Moon Dreams, Deception, Rocker og Darn That Dream. Med seg i studio hadde han stjernelaget J.J Johnson på trombone, Gunther Schuller på fransk horn, John Barber, som spelte tuba, Lee Konitz, som var mannen som spelte altsaksofon, Gerry Mulligan, som stod for barytonsaksofon, medan Al McKibbon spelte bass. Max Roach var mannen som sat bak trommene og held takten, og Kenny Hagood stod for vokalen på Darn That Dream. Alle songane kan høyrast på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. I 1962 kom Peter Wishart til verda i skotske Dunfermline. Wishart er medlem av det skotske nasjonalistpartiet og har hatt sete i nasjonalforsamlinga. Wishart spelte tidlegare keyboard for Runrig (frå 1986 til 2001) og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), samt konsertplata Once In A Liftime frå 1987. I 1963 vart Ian Kirkham fødd i engelske Preston. Saksofonisten Kirkham kan hjå meg høyrast på Simply Red si fjerde studioplate Stars frå 1991. Kirkham var også med då Simply Red hjelpte Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1974 vart kontrabassisten Øyvind Storesund fødd i landlege Bø i Telemark. Storesund sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Kaizers Orchestra sine plater Ompa Til Du Dør, Evig Pint og Violetta Violetta Volume 1 (2011). I 1982 kom Gunnar Greve Pettersen til verda i den sjarmerande småbyen Bergen. Idoldommaren Gest var i hine hårde dagar ein av fleire rapparar i Spetakkel og kan i mi platesamling høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2003. I 1999 gav Wilco ut plata Summerteeth, dette var det Chicago-baserte alternativbandet si tredje studioplate. Også Van Morrison var moden for plateslepp denne dagen, Back On Top var hans bidrag og dette var The Belfast Cowboy si tjuesjuande studioplate, imponerande. I 2009 slepte Bigbang si sjuande studioplate, Edendale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar