30.10.2014

Trettiande oktober

Den trettiande oktober 1929, det var ein onsdag, var Blind Willie McTell i studio i Atlanta i Georgia og spela inn Atlanta Strut, Travelin’ Blues og Come On Around My House Mama. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1939 vart Grace Barnett Wing fødd i Evanston i Illinois. Grace Slick er best kjend som den kvinnelege vokalen i Jefferson Airplane og kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love-Live. Grace Slick er også kreditert for vokalbidrag på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1946 kom Christopher Rees til verda i Pontypridd i det kongelause monarkiet Wales. Trommisen Cris Slade var ein av grunnleggjarane av Manfred Mann’s Earth Band og han har ei fortid i rytmeseksjonen hos Bad Company-sjefen Paul Rogers og Uriah Heep. Hjå meg kan Slade høyrast medan han held takten på samleplatat The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999, og for AC/DC på plata The Razors Edge frå 1990. Denne plata er ei av fleire som er så grom at ho står trygt plassert mine platehyller, både som LP og CD. I 1947 vart Timothy Bruce Smith fødd i Oakland i California. Timothy (Bobby) Bruce er best kjend som bassist i Eagles, men hjå meg er det med vokalhjelp på plata Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1980, han kan høyrast. I 1952 kom Arlen Roth til verda i New York City. Gitarlæraren Roth har slept fleire plater på eiga hand, hatt fast spalte i Guitar Player, og spelt med alt frå Bob Dylan til Albert Lee. Hjå meg kan Roth høyrast på Paul Simon si konseptplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1960 kom Jerry De Borg til verda i London. Gitaristen De Borg spelar til dagleg i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. Elvis Presley var i studio og spela inn Surrender saman med bandet The Jordanaires. Dette var også dagen den same Elvis Aron Presley spela inn Crying In The Chappel, sjølv om det i dette tilfellet gjekk fleire år før songen vart tilgjengeleg for platekjøparane. I 1967 slepte Buffalo Springfield si andre studioplate, Buffalo Springfield Again. I 1977 var dette dagen då Ramones spela det som vart den siste konserten deira på den legendariske punk- og rockeklubben CBGB (eigentleg Country, Bluegras, Blues) i New York. I 1983 var turen komen for Toy Dolls å spele på Jilly’s i Manchester. Same dag kunne texanarar, og andre tilreisande, oppleve AC/DC i Houston. Eit opptak av songen Shoot To Thrill kan nytast på DVD-samlinga Plug Me In. I 1986 kunne ein få høyre Toy Dolls spele i levande live, om ein var tilstades på Razzia i bankbyen Zurich. I 1989 spela Toy Dolls på Live Station i Dortmund, same dag som supergitaristen Joe Satriani slepte plata Flying In A Blue Dream. I 1995 fekk nostalgikarane høve til å kjøpe Bryan Ferry og Roxy Music si samleplate More Than This, medan dei med ein meir moderne musikksmak kunne gå til innkjøp av Pulp si plate Different Class, ei plate som kunne by på kjempehiten Common People. I 2006 døyde Ian Rilen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar