24.10.2014

Tjuefjerde oktober

Tjuefjerde oktober 1946 kom Gerald McCrohan til verda som i Oshawa i Canada. Trommeslagaren Jerry Edmonton heldt takten for det som mange reknar som verdas fyrste hardrockband, Steppenwolf, fram til 1976 og er med det mannen som held takten på Born To Be Wild. Hjå meg kan Edmonton høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1968. Edmonton døyde i ei bilulukke i California i 1993. I 1948 vart Terrence Dale Griffin fødd i engelske Herefordshire. Trommeslagaren Dale Griffin var ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople og spelte på alle platene glamlegendene slepte i si karriere. Hjå meg kan Griffin høyrast på platene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople (1974), i tilleg til samleplatene Greatest Hits (1976) og Walking With A Mountain (1990), i tillegg til samleplata Original Album Classics, som inneheldt stdioplatene All The Young Dudes, Mott, The Hoople, Drive On og Shouting And Pointing og kom på marknaden i 2009. Griffin er diverre diagnostisert med sjukdomen Alzheimer og har lagt trommestikkene på hylla for godt. I 1959 vart Rowland Stuart Howard fødd i australske Melbourne. Gitaristen Rowland S. Howard er best kjend for å spele med det australske bandet The Birthday Party og hjå meg kan han høyrast på plata Junkyard frå 1982. Howard døyde av kreft i levera i 2009. I 1961 vart Rick Margitza fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Margitza er ein djevel på saksofonen og kan hjå meg høyrast når han spelar saman med jazzlegenda Miles Davis på plata Amandla frå 1989. I 1962 kom Deborah Ann Googe til verda i engelske Yeovil. Bassisten Debbie Googe spelar i både My Bloody Valentine og Primal Scream. Hjå meg kan Googe sitt basspel høyrast på My Bloody Valentine si plate …Isn’t Anything frå 1988. I 1970 kom Alonza George Bevan til verda i engelske Hounslow. Bassiten Alonza Bevan spelar til dageleg i Kula Shaker og hjå meg kan han høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1976 gav den irske gitarguden Rory Gallagher ut studioplata Calling Card. På denne plata var det Rod de’Ath som hadde teke plass bak trommesettet og heldt takten. I 1977 var The Who i Ramport Studios i Battersea for å spele inn New Song. Innspelinga vart fullførd eit par dagar seinare. I 1980 kunne dei frammøtte på W.M.C i Easington oppleve Toy Dolls frå scenen. Samstundes spelte Joachim Tåström og resten av Ebba Grön i Folkets Park i Huskvarna. Songane Pervers Politiker, Totalvägra, Det Måsta Vara Radion, Vad Skal Du Bli?, Tyst För Faen og Rock And Roll Music frå denne konserten kan alle høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 var det Rotefabrik i Zurich som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1986 slepte dei kristne glamrockarane i Stryper plata To Hell With The Devil, og dei frammøtte på Hofstegrasse i Lustenac fekk høve til å nyte Toy Dolls sine glade tonar. I 1987 var Toy Dolls i Stuttgart for å spele på Rohde. I 1988 platedebuterte det franske alternativbandet Mano Negra med Patchanka. I 1995 gav The Smashing Pumpkins ut si tredje studioplate, Mellon Collie And The Infinite Sadness, som var ein dobbel CD. Ein ganske så kraftig dose Billy Corgan, med andre ord. Same dag slepte Ozzy Osbourne plata Ozzmosis og Pretenders ytte sitt bidrag til platemarknaden med konsertplata The Isle Of View. I 1996 slepte The Temptations samleplata The Best Of The Temptations. I 2000 slepte Moby samleplata Play: The B Sides.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar