20.10.2014

Tjuande oktober

Tjuande oktober 1927 vart Ronald Patrick Ross MacManus fødd i engelske Birkenhead. Trompetisten Ross MacManus var aktiv som musikar frå midten av femtitalet og hjå meg kan han høyrast på sonen Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. MacManus døyde i 2011. I 1945 kom Richard Martin Lee til verda i engelske Mansfield. Trommisen Ric Lee er best kjend for å spele i Ten Years After og kan i mi platesamling høyrast på bandet si sjette studioplate Watt frå 1970. I 1950 kom den amerikanske artisten Tom Petty til verda i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Petty herja listene på åttitalet saman med bandet The Heartbreakers, men i mi platesamling er det saman med Johnny Cash han kan høyrast, nærare bestemt på platene Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000. I 1955 vart Mark Feltham fødd i England sitt folkerike London-område. Munnspelspelande Feltham er, i tillegg til si eiga karriere, ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1965 kom Norman Blake til verda i skotske Glasgow. Blake er frontmann i Teenage Fanclub og kan i mi platehylle høyrast på plata Songs From Northern Britain frå 1997. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio i Cleveland i Ohio for å spelte inn Got This Thing On The Move, High Falootin’ Woman, In Need og ein demoversjon av Nothing Is The Same. Alle songane finn ein på plata Grand Funk som kom på marknaden i romjula 1969. I 1971 kom Calvin Cordozar Broadus d.y. til verda i Long Beach i California. Snoop Dogg er ein av verdas mest suksessfulle raparar og har samarbeida med dei fleste store namna i bransjen. Hjå meg kan han høyrast på plata Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002, og med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Duane Allman nytta dagen til å krasje motorsykkelen sin med ei slik kraft at det var det siste han gjorde. I 1973 vart Gianpiero Piras fødd i London. Gian Pyres har ei fortid som gitarist i bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1977 styrta flyet som skulle frakte Lynyrd Skynyrd frå Greenville i North Carolina til Baton Rough i Louisiana i Gillsburg i Mississippi. Ronnie Van Zant, Steve Gains og Cassie Ganis omkom. I 1979 spelte eit ungt Toy Dolls, beståande av Olga, Flip, Mr. Scott og Pete Zulu, sin fyrste konsert i Millview Social Club i Sunderland og ei lang teneste i punken si teneste var byrja. I 1980 kom Even Eriksen Ytre-Arne til verda i Bergen. Plateprodusenten Even «Leven» Eriksen Ytre – Arne, men ei fortid i bandet Freakshow, er ei mi platehylle kreditert for DJ-arbeid og produksjon på Spetakkel si debutplate Spetakkel frå 2003. I 1985 var Toy Dolls komen til Graz for å spele i Club Ska. Året etter, i 1986, kunne Toy Dolls opplevast på Music Hall i Detmold. I 1987 var Toy Dolls i Paris for å spele på Elyesse Motmare. I 1989 var det publikum i ISC i Bern som kunne høyre og sjå Toy Dolls frå scenen. I 2002 dukka Madrugada si tredje studioplate, Grit, opp i platehyllene. I 2006 vart Meat Loaf si stduioplate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose tilgjengeleg for irske platekjøparar. Platekjøparar i resten av verda måtte vente eit par dagar før meisterverket var tilgjengeleg i platehyllene. I 2008 gav Imelda May ut si andre studioplate, Love Tattoo. Dagen bydde også på plateslepp for veteranane i AC/DC, deira produkt fekk tittelen Black Ice, og for ein gong skuld var eg tidleg ute og kjøpte ei plate, det har eg ikkje angra på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar