20.02.2014

Tjuande februar

Tjuande februar 1944 kom Lew Soloff til verda i New York City. Trompetisten Soloff er i mi platehylle kreditert for å spele på eit spor på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive, som kom på marknaden i 1981, i tillegg til at han spelar på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986. I 1951 kom Gregory Beckerleg til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bryan Gregory var med då ekteparet Lux Interior og Poison Ivy starta bandet The Cramps i 1976. Mi platesamling byr på Bryan Gregory sitt gitarspel på samleplata Off The Bone frå 1983. Bryan Gregory døyde like i nærleiken av Disneyland i Anaheim sør for storbyen Los Angeles i 2001. I 1953 vart Kristy Marlana Wallace fødd i San Bernardino i solrike California. Poison Ivy er truleg verdas sexyaste kvinnelege rockegitarist gjennom tidene og var med å starte garagepunkbandet The Cramps i 1976. Saman med ektemannen Lux Interior var ho den einaste faste medlemmen i bandet fram til Interior døyde i 2009 og bandet vart oppløyst. Statusen for Poison Ivy sitt gitarspel i mi platehylle omfattar, enn så lenge, den same samleplata som ovanfornemnde bandkollegaen Bryan Gregory, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, som vart spela inn over to dagar i februar 1983. I 1959 kom Sebastian Steinberg til verda. Bassisten Steinberg kan i mi platehylle høyrast på eitt spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Susanne Vega frå 1998. I 1963 kom Ian George Brown til verda i engelske Warrington. Ian Brown var vokalist i bandet The Stone Roses og sjølv om Brown har hatt ei suksessfull karriere etter at bandet la opp etter at dei gav ut den andre studioplata, The Second Coming i 1994 er det nettopp denne plata som er Brown sitt bidrag til mi platehylle. I 1967 vart Kurt Donald Cobain fødd i Aberdeen i delstaten Washington. Kurt Cobain var sjefen i Nirvana fram til han døyde i 1994. Eg var i heimbyen hans, Aberdeen, på den amerikanske vestkysten i 1995 og har ikkje noko problem med å forstå at ungdom frå ein så nitrist stad tek livet av seg. Hjå meg kan Cobain høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplgged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1972 kom Neil Primrose til verda i skotske Cumbernauld. Trommsien Primrose sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Travis si tredje studioplate The Invisible Band, som kom på marknaden i 2001. I 1977 vart Edwin James Graham fødd i Great Yarmouth. Ed Graham var trommeslagar i bandet The Darkness og kan i mi platehylle høyrast på plata Permission To Land frå 2003. Graham slutta i bandet i 2008 på grunn av sviktande helse. I 1985 heldt Toy Dolls konsert på i Umist i Manchester. I 2002 gav danske D-A-D (Disneyland After Dark) ut plata Soft Dogs, produsent var Nick Foss. I 2006 kom det bergenske trashmetallbandet Manngard si debutplate, Circling Buzzards.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar