07.02.2014

Sjuande februar

Sjuande februar 1917 vart Milton Olshansky fødd i Chicago i Illinois. Trommeslagaren Milton Holland var i ei årrekkje ein pioner i bruken av afrikanske og latin-amerikanske rytmar i jazz, pop- og filmmusikk. Hjå meg kan Milton Holland høyrast på Ry Cooder si sjølvtittelerte debutplate frå 1970. Milton Holland døyde i 2005. I 1948 kom komponisten og produsenten David Campbell til verda. Campbell har produsert plater for Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire, og i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fiolin på den langt meir meritterte sonen, Beck, si plate Midnite Vultures frå 1999. Han er også kreditert for strengearrangement på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1949 kom Alan Charles Lancaster til verda i London. Alan Lancaster stod i mange år for grom basslyd for verdas beste boogierockband, Status Quo, eit band han var med å starte så tidleg som i 1962. Lancaster gav seg i Status Quo etter Live Aid i 1985, etter musikalske stridigheiter med dei to sjefsboogiegitaristane Parfit og Rossi, og heldt fram med fleire musikalske prosjekt som aldri gav særleg stor avkasting. Lancaster kan i mi platesamling høyrast på samleplatene 12 Gold Bars og 12 Gold Bars II (Status Quo), og når han spelar med bandet The Bombers, som gav ut plata Aim High i 1990. I 1953 vart Bruce Gaitsch fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Gaitsch komponerte La Isla Bonita saman med Madonna, hjå meg kan han høyrast medan han spelar på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1954 vart Dieter Günter Bohlen fødd i tyske Berne. Dieter Bohlen var den eine halvleiken av den utskjelde popduoen Modern Talking og hjå meg kan han høyrast på plata Back For Good frå 1998. I 1955 vart James Zavala fødd i Sacramento, hovudstaden i California. Saksofonisten Jimmy Z sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Willy DeVille si plate Backstreets Of Desire frå 1992. I 1959 kom Brian Travers til verda i engelske Birmingham. Saksofonisten Travers var ein av grunnleggjarane av UB40 og kjend som ein av dei som kunne spele eit instrument før bandet vart starta. Hjå meg kan Travers høyrast på samleplata The Best Of UB40 frå 1987. I 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender, som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna A Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste utanfor Italia. I 1962 vart David Bryan Rashbaum fødd i Perth Amboy i New Jersey. David Bryan er fast tangentmann for Bon Jovi og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995. I 1969 var The Who i Morgan Studios i London og spela inn Pinball Wizard. Bak spakane sat produsent Kit Lambert. I 1975 kom gitaristen Wesley Louden Borland til verda i Richmond, Virginia. Gitaristen Wes Borland har vore med og laga rå lyd i bandet Limp Bizkit med ujamne mellomrom sidan 1995 og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs frå 2001. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She Goes To Finos, veit eg faktisk ikkje. I 1981 slepte The Stranglers plata The Gospel According To The Meninblack. I 2006 døyde Jack Montrose. I 2011 kom den vanskelege andreplata frå John Olav Nilsen & Gjengen. Produktet hadde titelen Det Nærmeste Du Kommer og bør vere eit sjølvsagt val for alle norske platekjøparar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar