16.02.2014

Sekstande februar

Sekstande februar 1959 vart Cèilo De Carvalho fødd i Rio de Janeiro. Perkusjonisten Carvalho har base i Oslo og kan i mi platehylle høyrast på den prisløna plata Brazilicum, som Trio De Janeiro slepte i 1993. I 1960 var det songane Old Doc Brown, The Fable Of Willie Brown og Smiling Bill McCall som vart festa til rullane av Johnny Cash med band. Plata Ride This Train frå 1960 er rett stad å leite for den som vil høyre desse klassiske Johnny Cash-songane. I 1965 kom David Lombardo til verda i den kubanske hovudstaden Havanna. Trommisen Dave Lombardo var i hine hårde dager med å grunnleggje Slayer og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991. I 1971 var Johnny Cash i studio i Nashville i Tennessee og spela inn songen Man In Black som vart tittelsporet på ei plate han gav ut seinare same året. Songen kan også høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1978 kom osingen Vidar Bratlund-Mæland til verda. Bratlund-Mæland er den eine halvleiken av kultdansebandet FrodeVidars frå Os i Hordaland, som herjar og raljerar vilt med dansebandsjangeren. Plata Gromkillar er på plass i hylla. I 1985 var det gladpønk på Merseyside, då kunne Liverpool University by på konsert med Toy Dolls. I 2004 døyde Doris Troy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar