26.11.2011

Tjuesjette november

Tjuesjette november 1939 såg Tina Turner dagsens ljos som Anna Mae Bullock. Rocken si bestemor er for dei fleste best kjend for solokarrieren si, som vart revitalisert med hjelp av alltid like velkledde David Bowie på slutten av det dekadente åttitalet. Turner sin best kjende song, Nutbush City Limits, har fått ei gate oppkalla etter seg i fødebyen hennar, slå den. Turner har også ei karriere på lærretet, der ho spela i filmar som Mad Max III og Tommy. Hjå meg er bestemor rock representert med soloplatene Twenty Four Seven og Forreign Affair, i tillegg til ei samling som oppsummerar det beste ho gjorde saman med mannen som banka ho til topps på listene med duoen Ike & Tina Turner i fyrste del av karriera, den no avdøydde valdelege eks-mannen Ike Turner. I 1945 vart den engelske bassisten John Graham McVie fødd i Ealing i London. John McVie vart hyra av Peter Green til å spele i Fleetwood Mac, ein jobb han har gjort så bra at han har jobben enno. I 1981 heldt AC/DC konsert i Checkerdome i den tidlegare OL-byen frå 1904, St. Louis. I 1982 var turen komen for Annabels i Sunderland til i få ei vitjing av Toy Dolls. I 1985 sigla oktetten Madnesss over havet for å helse på Uncle Sam. Det vart løna med ein tjuefyrsteplass på singellistene. I 2007 slepte Adam And The Ants den doble samleplata Dandy Highwaymen, og gjorde med det det meste av det beste frå ein gylden æra tilgjengeleg for det platekjøpande publikum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar