06.11.2011

Femte november

Femte november 1931 er dagen Ike Turner kom til verda. Turner var gitaristen som stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet, men vert gjerne hugsa for å ha brukt nevane til anna enn gitarspel. Turner skal ha banka kona Tina Turner ut av ektesenga og ned i rennesteinen, noko som har gjeve ein glitrande musikar eit slett ettermæle. Ike Turner døyde i 2007. I 1947 vart Peter Blair Denis Bernard Noon fødd. Peter Noon var vokalist og spela rolla som Herman i det engelske tyggegummipopbandet Herman’s Hermits, som produserte ei rekkje hits på sekstitalet. I 1959 kom den kanadiske rockesviskesongaren Bryan Guy Adams til verda i Ontario. Adams har herja listene med bidrag av ulik kvalitet dei siste åra, Waking Up The Neighbours frå 1991, som du finn i mi platehylle, er neppe det beste produktet hans. I 1965 gav The Who ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1973 kunne Lynyrd Skynyrd-singelen Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1974 kom David Ryan Adams til verda i Jacksonville i North Carolina. Ryan Adams er ein utruleg produktiv og kreativ artist som diverre er tynt representert hjå meg. Love Is Hell frå 2004 er einaste bidrag, enn så lenge. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards. Dagen bydde også på plateslepp frå Justin Timberlake, debutplata selde i meir enn sju millionar eksemplar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar