22.11.2011

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1926 kom prestesonen, forfattaren og songaren m.m. Odd Lunde Børretzen til verda på Hjelmeland i Rogaland. Heilt sidan sekstitalet har Odd Børretzen kombinert lyrikk og musikk med ei svært ironisk tilnærming og med suverent resultat. Han har samarbeida med fleire store norske artistar som visesongaren Alf Cranner og gitaristen Lars Myhre. Mi platehylle byr på den sjølvtittelerte debutplata frå 1974, liveplata Odd Børretzen og Alf Cranner i levende live på Sandvika kino en kald desemberdag i 1973 (1974), og Noen Ganger Er Det Al Right. I 1940 vart Malcolm John Rebennack Jr fødd i New Orleans. Dr. John har hausta fleire Grammy-titlar og var ein ettertrakta studiomusikar før han gjekk i gang med ei platekarriere som soloartist. Mi platehylle byr på Anutha Zone frå 1998. I 1948 vart keybordisten John Douglas Bundrick fødd i Houston. Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, men hjå meg er det på Sleeping With The Dog frå Jethro Tull-plata Catfish Rising arbeidet hans kan høyrast. I 1960 fekk verda bassisten Brian Ritchie. Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 fekk verda den islandske songarinna Björk Guðmundsdóttir, som hjå meg både har fått plass til soloplata Debut frå 1993 og plata Stick Around For Joy som ho gav ut i 1992 som ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1968 vart Steven Alexander James fødd i Bornemouth. Alex James er best kjend som bassist i Blur. I 1971 platedebuterte Gasolin’ med plata Gasolin’ (Gaz 1). I 1975 vart Erlend Øye fødd. Øye påstår han er The Whitest Boy Alive, men hjå meg kan han høyrast som den eine halvleiken av duoen Kings Of Convenience. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resultatet kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1980 slepte The Clash singelen The Call Up, som nøyde seg med ein førtiandeplass på dei engelske singellistene. Same dag la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 spelter AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den tredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne Gordiane og tilreisande i Newcastle City Hall. I 2000 slepte Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remixar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar. I 2007 tapte tidlegare Magnum-trommis Kevin ”Kex” Gorin kampen mot kreften. Gorin heldt takten på Magnum sine fire fyrste studioplater, eg har berre sikra meg to av dei, Kingdom Of Madeness (1978) og Magnum II (1979), i tillegg til liveplata Marauder som kom i 1980.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar