13.08.2011

Tolvte august

Tolvte august 1929 kom countrysongaren Buck Owens til verda som Alvis Edgar Owens Jr i Sherman, Texas. Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally. Owens døyde i 2006. I 1949 vart pianisten og keybordisten Lou Martin fødd i Belfast. I mi platesamling kan Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på plata Calling Card frå 1976. I 1953 kom den amerikanske fiolinisten Peter Ostroushko til verda. Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975 og har ikkje hatt grunn til å angre på det. Seinare har han spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon plata Graceland, som var hans sjuande soloplate. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord. I 2005 døyde Rufus Thibodeaux.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar